-
Padlet
-
HØGSKULEN PÅ VESTLANDET, organisasjonsnummer 917 641 404
I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?
Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Det er brot på 15 av 48 krav.
Kva betyr brota for brukarane?
Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:
- Bruk utan syn
- Bruk med avgrensa syn
- Bruk utan fargesyn
- Bruk utan høyrsel
- Bruk med nedsett høyrsel
- Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
- Bruk med avgrensa rekkevidde
- Avgrensing av anfall på grunn av lysfølsemd
- Bruk med nedsett kognisjon
Meld gjerne frå om brot på krava
Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.
- Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
- Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
- Har du innspel til forbetringar av nettstaden?
Klage
Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.
Status for innhald som ikkje er universelt utforma
Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte
Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nokre meny element på Padlet sider manglar identifikasjon. Dette kan gjere at blinde eller døvblinde har vanskelegare for å navigere via hjelpemiddelteknologi.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nokre element som knappar og lenkjer brukar berre farge for å indikere aktivt fokus. Dette gjer at informasjonen kan bli utilgjengelig for personar med svekka syn.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Padlet møter ikkje kravet om kontrast på sider. Dette kan gjere det utfordrande å lese innhaldet for personar med nedsett syn.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Padlet støttar ikkje dynamisk tilpassing på alle element. T.d. når zoom er på 200% og ein brukar trykkjer på "meir" (3 punktum knappen) på innstillingar, vil modulen som er open bli avkutta og ikkje skrollbar.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Padlet møter ikkje kravet om kontrast på ikkje-tekstlege element på nettsida. Dette kan gjere det utfordrande å lese innhaldet for personar med nedsett syn.
Prinsipp 2. Mogleg å betene
Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Padlet støtter berre delvis bruk av tastatur. Det finns nokre element på nettstaden som ein ikkje kan bruke tastatur åleine, som t.d. å velje radioknapp i skjema. Dette kan gjere det utfordrande for brukarar som må nytte tastatur for å navigere på sida.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nokre modular i Padlet sider har ikkje fokus i rett rekkefølgje. Dette kan gjere det utfordrande for nokon brukare å navigere seg mellom innhald.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Dette kan gjere det utfordrande for personar med nedsett syn/kognisjon/motorikk å navigere i innhaldet
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nokre Padlet sider (padlet boards) har ikkje visuell fokus når ein tabbar gjennom innhaldet med tastatur. Dette kan gjere det utfordrande for nokon brukare å navigere seg mellom innhald.
Prinsipp 3. Forståeleg
Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Inne i Padlet dashboard , om ein brukar trykker på "view announsments" / "sjå kunngjeringae" knappen, går fokuset til kunngjerings modulen og innhaldet blir automatisk lest av hjelpemiddelteknologuen. Padlet gir ikkje brukaren moglegheita til å velje kva som blir lest opp.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Padlet gir ikkje alltid status oppdateringa til skjerm lesarar. Dei blir vist visuelt men ikkje ved kode. T.d. "legg til bokmerke" og "URL er oppteke" er meldingar som ikkje blir opplest. Dette kan gjere det utfordrande personar med nedsett syn.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nokre textfelt i Padlet har ikkje instruksjonar. Dei har plassholder tekst som forsvinn når tekstfeltet er aktivert.
Prinsipp 4. Robust
Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nokre nettsider møter ikkje HTML valideringssjekk
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nokre element på Padlet sider manglar informasjon som er nyttig for brukarar med hjelpemiddelteknologi som ved sjekka/usjekka status på sjekkboksar.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nokre feilmeldingar på padlet blir berre vist visuelt til ein brukar, men ikkje koda for hjelpemiddelteknologi
Test og vurdering av nettstaden
Vi fekk ekstern hjelp til test og vurdering av nettstaden.
Om erklæringa
- Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .
Arbeid med universell utforming av ikt
Denne tilgjengelegheitserklæringa er laga basert på leverandøren sin VPAT. Me er i gang med arbeidet om å teste løysinga sjølv og ser på eigne rutinar rundt bruken av den digitale tenesta