Tilgjengelegheitserklæring for dataverse.no

  • dataverse.no
  • UNIVERSITETET I TROMSØ - NORGES ARKTISKE UNIVERSITET, organisasjonsnummer 970 422 528
Erklæringa er ikkje oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 9 av 47 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
UNIVERSITETET I TROMSØ - NORGES ARKTISKE UNIVERSITET kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på dataverse.no slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det at eit metadatafelt er obligatorisk blir i registreringsmodus av metadataskjema berre indikert gjennom ei raud stjerne plassert til høgre for feltnamnet. Grunnen til at kravet ikkje er oppfylt på dette punktet er at nettapplikasjonen pr. i dag ikkje legg til rette for det. For brukarar som ikkje kan oppfatta form, storleik eller bruka informasjon om romleg plassering eller orientering, er konsekvensen av dette er at dei ikkje kan oppfatta kva metadatafelt som er obligatoriske før systemet indikerer dette med eit varsel etter at skjemaet er forsøkt lagra.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er fleire tilfelle der kontrasten mellom bakgrunn og informasjonsformidlande tekst på nettstaden dataverse.no ikkje er tilstrekkeleg. Ei detaljert oversikt over desse tilfella er lagd inn i kolonnen "Comments" i rada som gjeld kriteriet 1.4.3 Contrast (Minimum) (Level AA) i rapporten med resultat frå test og vurdering (sjå "WCAG Checklist for Accessibility Statement for dataverse.no" under Rapport nedanfor). Grunnen til at kravet ikkje er oppfylt for desse tekstelementa er at nettapplikasjonen pr. i dag ikkje legg til rette for det. For brukarar med moderat nedsett syn, inkludert brukarar med redusert fargesyn, er konsekvensen av dette at det er vanskeleg eller umogleg å lesa desse tekstane.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er nokre tekstelement som ikkje kan forstørrast opp til 200 %-visning utan tap av innhald og funksjonalitet. Ei detaljert oversikt over desse tilfella er lagd inn i kolonnen "Comments" i rada som gjeld kriteriet 1.4.4 Resize text (Level AA) i rapporten med resultat frå test og vurdering (sjå "WCAG Checklist for Accessibility Statement for dataverse.no" under Rapport nedanfor). Grunnen til at kravet ikkje er oppfylt for desse tekstelementa er at nettapplikasjonen pr. i dag ikkje legg til rette for det. For personar med moderat nedsett syn er konsekvensen av dette at det er vanskeleg eller umogleg å lesa desse tekstane utan bruk av hjelpemiddel.

Innhald som bryt kravet i regelverket

I dataverse.no er det ikkje mogleg å forstørra innhaldet og lesa det i éin enkelt kolonne. Grunnen til det er a) at headeren er konfigurert slik at han dekkjer over det meste av skjermen når ein zoomar inn til 400 % (sjå også suksesskriteriet 1.4.4), og b) at nettapplikasjonen pr. i dag ikkje legg til rette for å kunna oppfylla dette kravet fullt ut. For personar med moderat nedsett syn er konsekvensen av dette at det er vanskeleg eller umogleg å lesa innhald på dataverse.no utan bruk av hjelpemiddel.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er nokre aktive brukargrensesnittkomponentar som ikkje er lett å sjå fordi dei har dårleg kontrast mot bakgrunnen. Ei oversikt over desse komponentane er lagd inn i kommentarane til suksesskriteriet 2.4.7 ovanfor. Grunnen til at kravet ikkje er oppfylt for desse komponentane er at nettapplikasjonen pr. i dag ikkje legg til rette for det. For personar med moderat nedsett syn er konsekvensen av dette at det er vanskeleg eller umogleg å oppfatta innhaldet i desse komponentane utan bruk av hjelpemiddel.

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er fleire tilfelle der kontrasten mellom bakgrunn og informasjonsformidlande tekst på nettstaden dataverse.no ikkje er tilstrekkeleg. Ei detaljert oversikt over desse tilfella er lagd inn i kolonnen "Comments" i rada som gjeld kriteriet 2.1.1 Keyboard (Level A) i rapporten med resultat frå test og vurdering (sjå "WCAG Checklist for Accessibility Statement for dataverse.no" under Rapport nedanfor). Grunnen til at kravet ikkje er oppfylt for desse elementa er at nettapplikasjonen pr. i dag ikkje legg til rette for det. For blinde eller svaksynte brukarar eller brukarar med nedsett motorikk er konsekvensen av dette at innhald og funksjonalitet knytt til desse elementa på nettsida ikkje kan nåast og brukast med tastatur.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er eitt (eller kanskje to) tilfelle der brukarar blir fanga i ein loop etter at dei har navigert til eit element på nettsida, dvs. at fokuset blir flytta til starten av sida igjen og at ein ikkje kjem seg forbi elementet ved navigering gjennom tastaturet. Ei detaljert oversikt over desse tilfella er lagd inn i kolonnen "Comments" i rada som gjeld kriteriet 2.1.2 No Keyboard Trap (Level A) i rapporten med resultat frå test og vurdering (sjå "WCAG Checklist for Accessibility Statement for dataverse.no" under Rapport nedanfor). Grunnen til at kravet ikkje er oppfylt for desse elementa er at nettapplikasjonen pr. i dag ikkje legg til rette for det. For blinde eller svaksynte brukarar eller brukarar med nedsett motorikk er konsekvensen av dette at det er vanskeleg eller umogleg å navigera gjennom heile nettsida med hjelp av tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er fleire tilfelle der element som er mogleg å betena med tastaturet, får veldig svak eller (praktisk talt) inga synleg fokusmarkering. Ei detaljert oversikt over desse tilfella er lagd inn i kolonnen "Comments" i rada som gjeld kriteriet 2.4.7 Focus Visible (Level AA) i rapporten med resultat frå test og vurdering (sjå "WCAG Checklist for Accessibility Statement for dataverse.no" under Rapport nedanfor). Grunnen til at kravet ikkje er oppfylt for desse elementa er at nettapplikasjonen pr. i dag ikkje legg til rette for det. For brukarar som er svaksynte eller som har nedsett motorikk eller nedsett kognisjon, er konsekvensen av dette at det er vanskeleg eller umogleg å sjå at dei har navigert til desse elementa.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er eit par tilfelle der innhald på dataverse.no ikkje kan brukast med enkel peikarinnputt. Ei detaljert oversikt over desse tilfella er lagd inn i kolonnen "Comments" i rada som gjeld kriteriet 2.5.1 Pointer Gestures (Level A) i rapporten med resultat frå test og vurdering (sjå "WCAG Checklist for Accessibility Statement for dataverse.no" under Rapport nedanfor). Grunnen til at kravet ikkje er oppfylt for desse elementa er at nettapplikasjonen pr. i dag ikkje legg til rette for det. For brukarar med nedsett handfunksjon eller nedsett motorikk og for brukarar med nedsett kognisjon er konsekvensen av dette at det er vanskeleg eller umogleg å bruka innhaldet i desse tilfella utan hjelp av mus eller berøringsskjerm.


Test og vurdering av nettstaden

Vi har sjølv testa og vurdert nettstaden.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .