Tilgjengelegheitserklæring for sveio.kommune.no

  • sveio.kommune.no
  • SVEIO KOMMUNE, organisasjonsnummer 864 967 272
Erklæringa er oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 5 av 48 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med avgrensa rekkevidde
  • Avgrensing av anfall på grunn av lysfølsemd
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
SVEIO KOMMUNE kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på sveio.kommune.no slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som er unnateke på grunn av uhøveleg stor byrde

Ein del store dokument, som til dømes kommuneplan og økonomiplan er publisert som pdf-filer og inneheld tabellar og bilete av tabellar.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Enkelte sider bryt med kravet med tanke på toveis skrolling på små skjermar, td iPhone 5. Utviklar arbeider med saka.

Prinsipp 4. Robust

Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).

Innhald som bryt kravet i regelverket

Testar har avdekka førekomstar kor fleire element har lik ID på same side.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Innebygde rammer skal ha eit tekstalternativ som oppsummerer innhaldet. Testar har avdekka ei side som ikkje følger kravet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det manglar riktig rolle på element for skjermlesarar å kunne lese opp tal søketreff etter eit søk har blitt gjennomført.


Test og vurdering av nettstaden

Vi har testa og vurdert nettstaden internt, i kombinasjon med ekstern hjelp.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .

Arbeid med universell utforming av ikt

Vi er opptatt av å oppretthalde og utvikle ein nettstad som er tilgjengeleg for alle, og jobbar kontinuerleg og målretta med universell utforming av løysinga. Vi fokuserer på å rette feil og manglar opp mot WCAG-kravene, samtidig som vi jobbar med å sikre at universell utforming er ein sentral del av nyutviklinga.