Tilgjengelegheitserklæring for Bømlo Kraftnett

  • Bømlo Kraftnett
  • BØMLO KRAFTNETT AS, organisasjonsnummer 923 934 138
Erklæringa er oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 19 av 47 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med avgrensa rekkevidde
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
BØMLO KRAFTNETT AS kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på Bømlo Kraftnett slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det finst fleire bilete på nettstaden som manglar eller kunne hatt betre skildringar. Brukarar med leseverktøy vil ikkje kunne tolke desse bileta. Alternativtekstar og tekstlege skildringar vil bli retta fortløpande i samband med at innhaldet blir revidert.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det finst videoar med tale på nettstaden som manglar undertekstar eller anna tekstleg alternativ. Brukarar som har utfordringar med høyrsel vil ikkje kunne få med seg denne innhaldet.

Innhald som bryt kravet i regelverket
  • På sida 'Kontakt oss' er det ein feil med ID-en på siste label i kontaktskjemaet.
  • På sida 'Kontakt oss' er HTML brukt til å formatere innhaldet. Border, align og bgcolor skal ikkje nyttast.
  • På fleire sider er det tomme overskrifter.
  • Nokre bilete av typen SVG har ID-ar som ikkje er unike.

Manglar knytte til informasjon og relasjonar kan forstyrre brukarar som nyttar ulike hjelpemiddel. Me undersøkjer moglegheita for å rette opp dette.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Våre nettsskjema er ikkje tilrettelagt for automatisk utfylling. Me vil undersøkja med vår nettstadleverandør om skjema kan gjerast meir tilgjengelege for brukarar med nedsatt kognisjon og/eller motorikk.

Innhald som bryt kravet i regelverket

På sida 'Nettleige gjeldande frå 1. mars 2023' er det grøne overskrifter som ikkje oppfyller kravet om kontrast på 4,5:1 eller høgare mot bakgrunnsfargen.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Sidene er ikkje responsivt utforma. Dette medfører at ein må skrolle både horisontalt og vertikalt med ein tekststorleik på 200%.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er funne bilete med tekst som manglar skildring eller ALT-tekst på nettstaden. På sida 'Nettleige gjeldande frå 1. mars 2023' er det bilete av tabellar som manglar tekstleg alternativ.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Se 1.4.4. Sidene er ikkje responsivt utforma, noko som medfører at ein må skrolle både horisontalt og vertikalt med ein tekststorleik på 400%.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Endring av avstand mellom teksten gjer blant anna ingressen vanskeleg å lese.

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

På forsida finst det ein bildebrytar/karusell der ein ikkje har moglegheit til å justera farten.

Innhald som bryt kravet i regelverket

På forsida finst det ein bildebrytar/karusell der ein ikkje har moglegheit til å stoppe eller pause.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Fokusrekkefølgja i toppen av sidene er ikkje logisk. Ein navigerer seg først gjennom toppmenyen, deretter kjem ein til søkefeltet, før ein kjem til symbolet for å opne søket. Vidare kjem ein til logoen og deretter til hovudmenyen.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Logo i header manglar lenkjemål. På alle sidene går 'Personvern' att som lenkje to gongar, men med ulike lenker. Ein må enten lenkja til same sida, eller ha ulik lenketekst. Det same gjeld 'Bli medlem' på forsida. Det kan finnast nokre svake lenketekstar på nettstaden.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Alle lenkjer/element på nettstaden manglar synleg fokus.

Prinsipp 3. Forståeleg

Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det finst sider på nettstaden som har meir enn eitt språk, utan at fleire språk er deklarert på sida.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Tilbakemeldingar om feil ved utfylling av skjema forsvinn ikkje etter ei stund i enkelte nettlesarar. Me har ein dialog med vår leverandør om å gjera skjema meir tilgjengelege.

Innhald som bryt kravet i regelverket

På sida 'Kontakt oss' er det ein feil med ID-en på siste label i kontaktskjemaet. Obligatoriske felt i skjemaet er ikkje markert på rett måte før utfylling startar.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Tilbakemeldingar ved feil utfylling av skjemaet er mangelfulle, noko som kan føre til ein 'error' feilmelding ved innsending av skjemaet.

Prinsipp 4. Robust

Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det finst SVG-element på sida som ikkje har unike ID-ar. Det er funne døme på ugyldig HTML på enkelte stader. Me undersøkjer moglegheita for å rette opp dette.


Test og vurdering av nettstaden

Vi fekk ekstern hjelp til test og vurdering av nettstaden.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .

Arbeid med universell utforming av ikt

Testinga som vart gjennomført i samband med tilgjengeleghetserklæringa avdekte ei rekkje manglar som me ikkje har vore klare over. Me vil starta ein dialog med leverandøren av nettstadløysinga vår for å gjera nettstaden meir tilgjengeleg for alle. Me håpar å kunne korrigera ein del ting på kort tid. Me skal òg leggja vekt på å auke kompetansen internt når det gjeld universell utforming på digitale flater.