Tilgjengelegheitserklæring for heroy.kommune.no

  • heroy.kommune.no
  • HERØY KOMMUNE, organisasjonsnummer 964 978 840

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 5 av 47 krav i regelverket.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer regelverket og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
HERØY KOMMUNE kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på heroy.kommune.no slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Ikkje alle bilde har alternativ tekst. Vi jobbar med å rette dette. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

I PDF-filer kan det vere tekst som ikkje er koda slik at innhaldet kan lesast opp med ei meiningsfylt rekkefølge. Vi jobbar med å rette dette. 

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det kan vere lenketekstar som ikkje forklarer føremålet med lenka godt. Vi jobbar med å rette dette. 

Prinsipp 3. Forståeleg

Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.

Innhald som bryt kravet i regelverket

For «Søk» manglar det synleg fokusmarkering i nedtrekksfeltet.

For bilde manglar det synleg fokusmarkering dersom bildet blir opna i stor visning via den alternative teksten på bildet.

Leverandøren jobbar med å rette feila.

Prinsipp 4. Robust

Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).

Innhald som bryt kravet i regelverket

Dersom same side inneheld fleire FAQ-ar, får dei same ID.

Dersom same side inneheld fleire tabellar, får dei same ID.

Tabellar blir heller ikkje alltid vist korrekt på mindre skjermar.

Søkefelt og søkeknapp har same namn.

Leverandøren jobbar med å rette feila.


Test og vurdering av nettstaden

Vi har testa og vurdert nettstaden internt, i kombinasjon med ekstern hjelp.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .

Arbeid med universell utforming av ikt

Nettstaden vår skal kunne brukast av alle. Vi jobbar derfor med å sikre at det tekniske rammeverket og innhaldet på nettstaden følger krava til universell utforming. Dersom du støyter på noko som ikkje følger krava, ønsker vi å høyre frå deg. Bruk tilbakemeldingsfunksjonen (e-post til postmottak@heroy.kommune.no) og gi oss beskjed!