Tilgjengelegheitserklæring for sauda.vgs.no/

  • sauda.vgs.no/
  • ROGALAND FYLKESKOMMUNE, organisasjonsnummer 971 045 698
Erklæringa er oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 16 av 48 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med avgrensa rekkevidde
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
ROGALAND FYLKESKOMMUNE kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på sauda.vgs.no/ slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Me freistar alltid å ha rett bruk av alt-tekstar (tekstleg alternativ) på alle bilete på nettsida og i dokument. Men feil kan likevel førekomme. Me gjennomfører kontinuerleg opplæring og oppfølging av våre redaktørar. Og me har rutinar og retningslinjer for nettpublisering som skal sikre at me arbeider korrekt med universell utforming på nett.

Kjente feil i Acos CMS, leverandør arbeider med å utbetre desse feila:

  • Alternativ tekst og bilet-tekst har bytta plass
  • Dersom alternativ tekst for emnetypebilete i webparten er tom skal ikkje lightbox visast
  • Lenkeikona manglar alternativ tekst, samt at filtype og filstørrelse manglar
  • Alternativ tekst kjem ikkje med i HTML-kode
  • Lenketeksten bør innehalde informasjon om at lenka vert opna i eit nytt vindauge

Synshemma får ikkje tilgang til informasjon i enkelte bilete og illustrasjonar.

Innhald som ikkje er omfatta av regelverket

Me har kartløysingar på nettsida som ikkje er omfatta av regelverket.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Me freistar alltid å gi brukaren eit alternativ når innhald vert presentert som berre lyd eller berre video på nettsida. Men feil kan likevel førekomme. Me gjennomfører kontinuerleg opplæring og oppfølging av våre redaktørar. Og me har rutinar og retningslinjer for nettpublisering som skal sikre at me arbeider korrekt med universell utforming på nett.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Våre førhandsinnspelte videoar, publisert etter 1. februar 2024, har føreløpig ikkje synstolking. Me arbeider med å rette dette.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Kjente feil i Acos CMS, leverandøren arbeider med å retta feila:

  • Overskrifter på artiklar i artikkeloversikta skal ha overskriftskode
  • Tabellar vert ikkje alltid koda korrekt på mindre skjermar. Denne feilen gjer at brukarar som nyttar hjelpemiddel ikkje får opplest kolonneoverskriftene korrekt
  • Det vil verte lagt inn ei skjult overskrift på områdemeldingane som varslar skjermleserbrukarar om at det er ei viktig melding på sida, områdemelding
  • Hopp i overskriftskodar. En del design har doble overskrifter med kode h1.
Innhald som bryt kravet i regelverket

Nokre av våre bilete, illustrasjonar og dokument kan ha for dårieg kontrast. Me arbeider kontinuerleg med å spore opp og forbetre dette.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Kjente feil i Acos CMS, vår leverandør arbeider med å utbetre feila:

  • Alle stader der ikon med italic-element er nytta skal skjulast for skjermlesaren. Dette gjeld for eksempel ikon for å bla til neste bilete i eit biletgalleri
Innhald som bryt kravet i regelverket

Nokre av våre nettsider og dokument har bilete med tekst. Vi freistar å nytte minst mogleg tekst i bilete. Dei gongene det ikkje er et alternativ å unngå tekst i biletet, som for eksempel ved enkelte grafar og illustrasjonar, freistar me å gi eit tekstleg alternativ som nettsidetekst (HTML). Men feil kan likevel førekomme. Me gjennomfører kontinuerleg opplæring og oppfølging av våre redaktørar. Og me har rutinar og retningslinjer for nettpublisering som skal sikre at me arbeider korrekt med universell utforming på nett.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nokre av våre bilete, illustrasjonar og dokument kan ha for dårleg kontrast. Me arbeider kontinuerleg med å spore opp og forbetre dette. Dei gongene det er for dårleg kontrast på ikkje-tekstleg innhald, og me ikkje har moglegheit til å forbetre dette, freistar me å gi eit tekstleg alternativ som nettsidetekst (HTML).

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Kjente feil i Acos CMS, vår leverandør arbeider med å utbedre feila:

  • Hopp til funksjonen må ha følgande atributt: role=navigation
Innhald som bryt kravet i regelverket

Me freistar alltid å ha gode og forklarande sidetitlar på nettsida. Men feil kan likevel førekomme. Me gjennomfører kontinuerleg opplæring og oppfølging av våre redaktørar. Og me har rutinar og retningslinjer for nettpublisering som skal sikre at me arbeider korrekt med universell utforming på nett.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Me freistar alltid å ha gode og forklarande lenker på nettsida som er sjølvforklarande og utanfor kontekst. Men feil kan likevel førekomme. Me gjennomfører kontinuerleg opplæring og oppfølging av våre redaktørar. Og me har rutinar og retningslinjer for nettpublisering som skal sikre at me arbeider korrekt med universell utforming på nett.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Me freistar alltid å ha gode og forklarande overskrifter og mellomtitlar på nettsida. Men feil kan likevel førekomme. Me gjennomfører kontinuerleg opplæring og oppfølging av våre redaktørar. Og me har rutinar og retningslinjer for nettpublisering som skal sikre at me arbeider korrekt med universell utforming på nett.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Kjente feil i Acos CMS, vår leverandør arbeider med å utbetre feila:

  • Filtervisning - feltet Avstand til næraste frå: manglar ledetekst, label

Prinsipp 3. Forståeleg

Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nettstaden har rett språkinnstilling. Men det kan forekomme enkeltsider som ikkje er koda med rett språkkode. Dette kan for eksempel vere enkeltsider på bokmål som ikkje har språkkode «bokmål». Me arbeider kontinuerleg med å spore opp og forbetre dette.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Kjente feil i Acos CMS, vår leverandør arbeider med å utbetre feila:

  • Språk – det er mogleg å angi portalspråk, artikkelspråk og språk på deler av artiklar. Det er ikkje mogleg å omsetje modular som kan settast inn i artiklar feks. egendefiner, faq, tabellar. Det er heller ikkje mogleg å angi språk for kalenderoppføringar.

Prinsipp 4. Robust

Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).

Innhald som bryt kravet i regelverket

Kjente feil i Acos CMS, vår leverandør arbeider med å rette feila:

  • Søk – søkefelt og søkeknapp har same namn
  • Person – fleire element med same ID ved kart i personfeltet

Test og vurdering av nettstaden

Vi har testa og vurdert nettstaden internt, i kombinasjon med ekstern hjelp.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .

Arbeid med universell utforming av ikt

Rutiner og opplæring:
Me har rutiner og retningslinjer for nettpublisering som skal sikre at me arbeider korrekt med universell utforming på nett. Desse vert gjennomgått og revidert ved endringar i regelverk eller ved ny kunnskap om beste praksis for universell utforming.

Me gjennomfører kontinuerleg opplæring og oppfølging av våre redaktørar. Dei deltek og på ulike eksterne kurs i nettpublisering og universell utforming ved behov.

Me har og skrivekurs for alle våre tilsette, der klarspråk er eit sentralt begrep.

Testing:
Me gjennomfører jamnleg brukartestar og eksperttesting av våre nettsider. Då vert både brukarvennlegheit og universell utforming testa. Testane vert utført med eksterne testbrukarar i samarbeid med vår leverandør av publiseringsløysinga Acos.

Me nyttar og automatiserte verktøy for kvalitetssikring av våre nettsider. Verktøyet skannar gjennom alle sider og synleggjer feil og utbetringar me ikkje klarer å halde oversikta over manuelt.

Fylkeskommunalt samarbeid:
Rogaland er del av eit fylkeskommunalt samarbeidsnettverk for nettpublisering. Her inngår Viken, Innlandet, Agder, Troms og Finnmark og Nordland. I nettverket arbeider me kontinuerleg med å forbetre våre nettsider, der universell utforming og digital tilgjengelegheit alltid er på agendaen. Gjennom nettverket har me god påverknadskraft mot vår felles leverandør Acos, slik at me saman finn forbetringar og gode løysingar.

Satsingsområde:
Me arbeider kontinuerleg med å tileigne oss ny kunnskap og beste praksis om universell utforming på nett. Målet er at alle tilsette skal ha eit bevisst forhold til digitalt tilgjenge, og at våre tenester skal verte så bra som mogleg for våre brukarar.

Tredjepartsløysningar:
Me nyttar fleire tredjepartsløysingar frå ulike leverandørar. Målet er at desse løysingane skal ha eigne tilgjengelegheitserklæringar. Dette arbeider me med å kartlegge og få på plass.