Tilgjengelegheitserklæring for iata.no

  • iata.no
  • INDRE AGDER OG TELEMARK AVFALLSSELSKAP IKS, organisasjonsnummer 977 500 303
Erklæringa er ikkje oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 21 av 47 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
INDRE AGDER OG TELEMARK AVFALLSSELSKAP IKS kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på iata.no slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Bilete i hovudbanneret på framsida manglar alternativtekst. Ei søketjeneste frå sortere.no har bilete utan alternativtekst. Det finst enkelte bilete på nettstaden som manglar eller kunne hatt betre skildringar. Brukarar med leseverktøy vil ikkje kunna tolka desse bileta. Alternativtekstar og tekstlege skildringar på ordinært innhald vil bli korrigert fortløpande i samband med at innhald blir revidert.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det finst ein instruksjonsvideo om MinRenovasjon som inneheld tekst og instruksjonar utan lyd. Nokre av instruksjonane finst som tekst på sida om Appen MinRenovasjon, men ikkje alle. Brukarar med utfordringar knytt til syn kan ikkje få med seg dette innhaldet. Videoen er i eit format (WMV) som ikkje alle type system kan spela av.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er funne døme på tomme overskrifter (h3). Det finst SVG-filer der ID ikkje er unik. Det kan vera at slideren på framsida er koda på ein måte som kan forvekslast med ein select-list. Det finst minst éi side som burde hatt ei hovudoverskrift <h1>. Feil forbunden med informasjon og relasjonar kan forstyrra brukarar som bruker ulike hjelpemiddel.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Skjema på nettstaden har riktig input-type, men har ikkje attributt for autocomplete.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det finst lenkjer i løpande tekst som berre har farge som indikator på at det er ei lenkje. Skjemafelt som inneheld feil, manglar utfylling eller får fokus, er berre merka med ein farge på ramma. Dette gjer element vanskeleg å skilja for brukarar med redusert fargesyn.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det finst tekst på nettstaden som ikkje oppfyller krava til kontrast. Dette gjeld mellom anna:

  • Lenkjer med grøn tekst eller grøne ikon mot grå bakgrunn
  • Knappar med kvit tekst og knapp for "Søk" i søkjefelt
  • Overskrifter og aktive punkt i sidemeny
  • Hovedbanneret på framsida.
Innhald som bryt kravet i regelverket

Det finst døme på bilete av tekst på nettstaden som manglar ei skildring av innhaldet som kan lesast opp av skjermlesar. Det finst minst éi lenkje til eit bilete (JPG) av eit dokument med tekst. Brukarar med utfordringar knytt til syn vil ikkje kunna få denne informasjonen opplese.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det finst døme på symbol/ikon utan tekstskildring som ikkje oppfyller krav til kontrast:

  • Ikon for deling med sosiale medium
  • Ikon for å opna og lukka mobilmeny
  • Ikon for søk.

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket
  1. Lenkje for å ekspandera undermenypunkt i sidemeny kan ikkje nåast med tastatur. 
  2. Sida Privat har ein søkefunksjon og kart frå sortere.no som berre delvis kan betenast med tastatur.
Tilgjengelege alternativ
  1. Ved å opna/gå til foreldremenypunktet, vil undermenypunkt likevel visast.
Innhald som bryt kravet i regelverket

Hovudbanneret på framsida er eit slideshow som går av seg sjølv. Det stoppar når ein held musepeikar over biletet, men manglar anna moglegheit til å pause eller stoppa animasjonen.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Funksjonen for å hoppa til hovudinnhald blir ikkje vist riktig, og kan derfor berre nyttast av brukarar som får tekst opplese.

Innhald som bryt kravet i regelverket
  • Nettstadslogo i headar gir fokus på eit ekstra element utan lenkje. 
  • Det finst skjulte element på nettstaden som har fokus. Mellom anna i slider på framsida.
  • Val for å opna søkjefelt i headar og lenkjar i footer har ikkje logisk fokusrekkjefølgje.
Innhald som bryt kravet i regelverket

Vêr merksam på at snarvegar på framsida har lenkje på ikon og lenkjetekst som fører til same side, men der ikonet manglar skildring av lenkja.

Det finst òg lenkjer beståande av ikon eller bilete på nettstaden, som ikkje har ein lenkjetekst eller der lenkjeteksten er skjult for enkelte skjermlesarar. Dette gjeld Ikon for søk og mobilmeny i headar, og dessutan ikon for deling med sosiale medium mot slutten av enkelte sider.

Det kan finnast lenkjer i ordinært innhald som kunne hatt betre skildring av lenkjemålet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det finst lenkjer og element på nettstaden som manglar synleg fokus:

  • Nettsted-logo i headar
  • Skjemafelt har svak synleg fokus.
  • Enkelte element i søkefunksjon og kart frå sortere.no manglar synleg fokus
Innhald som bryt kravet i regelverket

Mellom anna sida Privat har eit kart som på nokre touchskjermar krev to fingrar for å flytta utsnittet. Dette er slik for å ikkje hindra normal scroll med sveipebevegelser på touchskjermar.

Prinsipp 3. Forståeleg

Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det finst minst éi side på nettstaden med to språk i teksten, der berre det eine er definert i koden. Dette kan vera uheldig for brukarar som er avhengig av å få tekst opplese.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Hovudmenypunkt finst i headar og undermeny i høgre kolonne. Hovudmeny blir gjenteken i menyen til høgre på enkelte sider, i staden for å visa undermeny.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Skjema er koda slik at nettlesaren generera ei snakkeboble når utfylling manglar eller er feil. I nettlesarar som Chrome forsvinn denne etter kort tid. Det bør kodast slik at tilbakemeldingar om feil ikkje forsvinn etter ei stund i enkelte nettlesarar. Boblen blir dessutan berre vist for eitt felt av gongen, sjølv om fleire felt manglar utfylling. Det er svak eller inga markering av felt som inneheld feil. Me vil ha dialog med leverandøren vår om å gjera skjema meir tilgjengelege.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Obligatoriske felt er merkte med ei stjerne (*) i skjema, men det finst ikkje noko forklaring om at stjerna betyr at felt må fyllast ut.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Tilbakemeldingar ved feil eller manglande utfylling av eit skjemafelt, opplyser ikkje alltid om kva som er feil eller kva opplysning som manglar.

Prinsipp 4. Robust

Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er funne døme på ugyldig HTML på nettstaden. Me vil undersøkja moglegheita for å retta opp dette.


Test og vurdering av nettstaden

Vi fekk ekstern hjelp til test og vurdering av nettstaden.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .

Arbeid med universell utforming av ikt

Testen som er gjord i samband med tilgjengelegheitserklæringa avdekt ein del manglar me ikkje har vore klar over. Me vil oppretta dialog med leverandøren av webløysinga vår for å gjera nettstaden meir tilgjengeleg for alle. Me håpar å kunna korrigera ein del ting innan kort tid. Me skal òg ha fokus på å heva kompetansen internt når det gjeld universell utforming.