-
ndla.no
-
VESTLAND FYLKESKOMMUNE, organisasjonsnummer 821 311 632
I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?
Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Det er brot på 29 av 48 krav.
Kva betyr brota for brukarane?
Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:
- Bruk utan syn
- Bruk med avgrensa syn
- Bruk utan fargesyn
- Bruk utan høyrsel
- Bruk med nedsett høyrsel
- Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
- Bruk med avgrensa rekkevidde
- Avgrensing av anfall på grunn av lysfølsemd
- Bruk med nedsett kognisjon
Meld gjerne frå om brot på krava
Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.
- Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
- Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
- Har du innspel til forbetringar av nettstaden?
Klage
Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.
Status for innhald som ikkje er universelt utforma
Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte
Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
- Oppgåvefiler (Word- eller pdf-format) i matematikk har ikkje alt-tekstar til bilete og illustrasjonar fordi vi har oversett denne utfordringa i den redaksjonelle produksjonen. Brukarar med synsnedsetjing får derfor ikkje tilgang til informasjonen som ligg i desse visuelle elementa. Dei må i staden bruke dei nettbaserte artiklane med same innhaldet.
- I interaktive presentasjonar (H5P-teknologi) der det er brukt bilete med klikkbare område, manglar tekstalternativet til bileta ofte informasjon om lenkemålet. Dette er òg noko vi har oversett i den redaksjonelle produksjonen. Brukarar med synsnedsetjing får i slike tilfelle berre nummeret på sida dei vil komme til, ingen annan informasjon.
- Nokre H5P-baserte tidslinjer har ikkje alternativ tekst til bilete. Brukarar med synsnedsetjing får derfor ikkje tilgang til informasjonen som ligg i desse bileta. Mangelen skal rettast opp redaksjonelt.
- Det er fleire videoar som treng ei tekstleg forklaring på innhaldet dei formidlar.
- I kvisstypen Flashcards (H5P) får ikkje skjermlesar informasjon om ikon. Brukarar med synsnedsetjing får derfor ikkje like god tilbakemelding på svara sine.
- H5P-innhaldstypar med ressursbibliotek har ikkje løysing for alternativ tekst når bilete blir lagde inn som ressursar. Brukarar med synsnedsetjing kan derfor ikkje bruke desse ressursane.
- I H5P-innhaldstypen Discussion er det alternativ tekst på dekorative ikon. Desse skaper støy for skjermleserbrukarar.
- Tekniske teikningar i pdf-format
- Visuelle rettleiingar for dataprogram som i seg sjølve er visuelt baserte
- Skjematiske teikningar og koplingsskjema med standardisert bruk av symbol og fargar
- Sprengskisser
- Innhald som ikkje er omfatta av regelverket
Vi har lytteøvingar i språkfaga. Her er formålet er å teste lytteforståing, og øvingane er derfor ikkje omfatta av regelverket.
- Innhald som er unnateke på grunn av uhøveleg stor byrde
Tekstalternativ for tekniske teikningar blir omfattande og fungerer ikkje i ein læringskontekst.
- Tilgjengelege alternativ
Oppgåvefiler (Word- eller pdf-format) i matematikk har nettbaserte artiklar med same innhaldet som alternativ. Vi har òg utvikla ein eigen knapp som viser til alternativ der ei løysing åleine ikkje kan fungere for alle.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
- Nokre animasjonar i brønnteknikk-faga har ikkje lyd eller alternativ tekst fordi dei ikkje er produserte redaksjonelt hos NDLA. Dette fagstoffet er derfor ikkje tilgjengeleg for synshemma personar. Vi har sett av eigne ressurar til brønnteknikk i 2025 og vil då også ordne tekstalternativ til desse animasjonane.
- Dei fleste lydfilene på nettstaden vår (utanom podkastar) manglar transkripsjon fordi kravet om transkripsjon før publisering ikkje har vore handsama konsekvent. Høyrselshemma får derfor ikkje tilgang til alt lærestoffet (til dømes lærestoff om sjangrar i radio).
- I mange interaktive øvingar (H5P) har vi ikkje tekstalternativ til lyd eller video fordi det ikkje er mogleg å legge inn tekstalternativ i verktøyet vi bruker. Høyrselshemma manglar tilgang til informasjon frå lyd i ein del øvingar slik at sjølve øvinga kan bli umogleg å gjennomføre.
- Videoar som er bygde inn frå NRK skole er i stor grad teksta, men det er nokre få unntak som er meldt videre og snarleg blir fiksa frå deira side.
- Innhald som ikkje er omfatta av regelverket
Lydkulisser i 360-rom som er laga for å gi sanseinntrykk, har berre skildrande funksjon og er derfor ikkje beskrivne med tekst.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi har fått bruke ein del videoar frå ulike sertifiseringskurs. Desse videoane har i utgangspunktet ikkje tekstalternativ fordi personar som tek desse sertifiseringskursa, må ha godt fungerande syn og høyrsel. Per i dag har vi ikkje noko alternativ til desse kursa på ndla.no.
- Innhald som ikkje er omfatta av regelverket
For synstolka videoar som har eit «vanleg» videoalternativ som er teksta, gjeld ikkje kravet om teksting.
- Innhald som ikkje er omfatta av regelverket
Nettstaden har innhald for videregåande skule som er unnateke kravet. Det er likevel synstolking på all eigenprodusert video som er laga etter 2020.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
- Mange tabellar manglar tittel og/eller korrekt kolonne- og radmerking.
- H5P-innhaldstypane dra-og-slepp-tekst, fyll-inn-blanke-felt og merk-av-orda gir ikkje resultat til skjermlesarbrukarar.
- I H5P-verktøyet glosepuggar blir lange fasitord kutta.
- I H5P-innhaldstypen dra-og-slepp er tilbakemeldingane utilstrekkelege.
I H5P-typen dokumentasjonsverktøy er det fleire ting som er koda feil:
- Tabell for mål er ikkje koda som tabell sjølv om innhaldet visuelt er presentert i tabellform.
- Listepunkt er frittståande utan å tilhøyre ei liste.
- Tekst som ser ut som ei overskrift, er ikkje koda som overskrift.
- Menylista er ikkje koda som liste.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
- For skjermlesarbrukarar er det dårleg tastaturnavigasjon og leserekkefølge i alle H5P-øvingane av typen Course Presentation; det same gjeld for simuleringa "Radioaktivitet".
- I tidslinjer flyttar ikkje fokus automatisk frå tidslinja til innhaldet.
- H5P-glosepuggar gir feil fasittekst til skjermlesar.
- H5P-memoryspel har for dårleg tastaturnavigasjon.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
- Ein av 360-H5P-ane våre har ein instruksjon som ber brukaren klikke på fullskjermvisning for å "sjå endå betre". Vi kjem til å omformulere denne instruksen og bygge om gamle 360-H5P-ressursar slik at dei kjem i oppgradert teknisk utgåve.
- Dikterings-H5P har nokre knappar som ikkje har forklaring til skjermlesar.
- Tekniske teikningar i pdf-format
- Innhald som er unnateke på grunn av uhøveleg stor byrde
Tekniske teikningar består av visuelle og tekstlege innhaldselement i eit komplekst samspel. Både ord, symbol, storleiken og forma på elementa og plasseringa deira i forhold til kvarandre er nødvendig informasjon som må forståast for at innhaldet skal bli meiningsfullt. Det er mogleg å forklare svært enkle tekniske teikningar med ord, men ved meir komplekse teikningar blir tekstalternativ så lange og uoversiktlege at dei ikkje har nokon nytteverdi for brukar lenger. Samanhengane og oversikta som plassering på ei flate skaper, kan heller ikkje alltid gjenskapast 100 % med ord, og ved tekniske teikningar er alle detaljane viktige.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
H5P-typane glosepuggar, tidslinje og temakart er vanskelege å bruke i ståande format på mobiltelefon.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
- Skjematiske teikningar og koplingsskjema med standardisert bruk av symbol og fargar
- Sprengskisser
- Innhald som er unnateke på grunn av uhøveleg stor byrde
Bruk av fargar og kontrastar må følge bransjestandard. Dette gjeld for skjematiske teikningar og koplingsskjema med standardisert bruk av symbol og fargar, og for sprengskisser.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
- I H5P-innhaldstypen Flashcards er det for dårleg kontrast mellom knapp-tekst og knapp-bakgrunn på nokre knappar.
- Skjematiske teikningar og koplingsskjema med standardisert bruk av symbol og fargar
- Sprengskisser
- Innhald som er unnateke på grunn av uhøveleg stor byrde
Bruk av fargar og kontrastar må følge bransjestandard. Dette gjeld for skjematiske teikningar og koplingsskjema med standardisert bruk av symbol og fargar, og for sprengskisser.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
H5P-innhald får ikkje auka tekststorleik sjølv om ein vel auka tekststorleik i nettlesaren.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
- Vi har grafar og diagram med tekst i bilete. Dei fleste er laga som SVG-filer slik at dei kan lesast av skjermlesar.
Tekniske teikningar vil ikkje fungere godt for dei som har nedsett syn:
- tekniske teikningar i pdf-format
- visuelle rettleiingar for dataprogram som er visuelt baserte
- skjematiske teikningar og koplingsskjema med standardisert bruk av symbol og fargar
- sprengskisser
- Innhald som er unnateke på grunn av uhøveleg stor byrde
Tekniske teikningar er unnateke fordi det er for komplekst og laga med spesialprogram.
- Tilgjengelege alternativ
Alternativ tekst komplettert med bilettekst.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Ein del visuelle element byr på utfordringar for brukarar med små skjermar:
- Det kan komme tekst over bilete.
- Ein del knappar kan bli vanskelege å nå/treffe.
- Dei fleste H5P-innhaldstypane vil ha problem med at element skjuler anna tekstleg innhald.
- 400 % zoom kan gjere innhald uleseleg i tidslinje og temakart.
- 360-interaktivitet fungerer ikkje på små skjermar.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
- Knappar i interaktivt innhald (H5P) bygger på standardinnstillingar i nettlesaren for fokusmarkering. Dette gir ofte for dårleg kontrast.
- Nokre knappar i interaktivt innhald har òg for dårleg kontrast mot bakgrunn.
- Nokre graf-søyler i innhaldet vårt har for dårleg fargekontrast.
Tekniske teikningar vil ikkje fungere godt for dei som har nedsett syn:
- tekniske teikningar i pdf-format
- visuelle rettleiingar for dataprogram som er visuelt baserte
- skjematiske teikningar og koplingsskjema med standardisert bruk av symbol og fargar
- sprengskisser
- Innhald som er unnateke på grunn av uhøveleg stor byrde
Tekniske teikningar er unnateke fordi vi kan ikkje endre bransjestandardar.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Justert tekstavstand gjer at delar av tekstinnhaldet kan bli utilgjengelige i interaktive presentasjonar, og at navigasjon kan bli skjult.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi har bilete med mouseover-tekst, men mouseover-teksten blir ikkje synleg ved bruk av tastatur/fokus fordi det interaktive verktøyet (H5P) ikkje tillet dette. Dei som nyttar tastatur eller touch til navigasjon, får ikkje tilgang til informasjonen. Vi kjem til å bygge om dette innhaldet i 2025.
Prinsipp 2. Mogleg å betene
Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
I interaktiv lab om måling av radioaktivitet kan ein ikkje slå på lyd med tastatur fordi simuleringa er for dårleg koda. Dei som nyttar tastatur til navigasjon, må derfor nytte animasjonen utan lyd.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
I interaktiv lab om måling av radioaktivitet kan ein ikkje lukke infoboks ved hjelp av tastatur fordi simuleringa er for dårleg koda. Dei som nyttar tastatur til navigasjon, må friske opp sida og starte på nytt etter å ha lese instruksjonen.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
I kvissar av typen H5P Single Choice og Flashcards blir fasit berre vist i kort tid før ein automatisk blir send vidare til neste spørsmål. Skjermlesarbrukarar og dei som treng meir tid til å lese, går glipp av tilbakemelding og fasit. Dei kan likevel sjå fasiten etter at kvissen er gjennomført.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi har gif-animasjonar som køyrer på nytt og på nytt, og som ikkje har stopp-knapp. Dei kan likevel stoppast med innstillingar i OS, t.d. på iPhone, og blir då starta manuelt når ein trykker på dei.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Dei fleste pdf-dokumenta våre manglar sidetitlar.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Innhaldselement i H5P-presentasjonar kan bli lesne opp i feil rekkefølge fordi innhaldsprodusentane våre ikkje har vore merksame på det faktum at sist oppretta objekt blir lese opp først. Dei som bruker skjermlesar og tastaturnavigasjon, vil få problem med å navigere. Vi vil i revisjonsarbeid gå manuelt gjennom gamle og nye presentasjonar for å sikre rett opplesingsrekkefølge. Alternativt kjem vi til å gi innhaldet eit anna format.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Artiklar i seksjonen "Om nettstaden" er ikkje tilgjengelege på andre måtar enn gjennom menyen.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Knapp på eksportside i H5P-typen dokumentasjonsverktøy manglar label/merkelapp. Dette kan gjere det vanskeleg for skjermleserbrukarar å få lasta ned arbeidet dei har gjort.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
I dei interaktive oppgåvene våre baserer systemet seg på fokusmarkering i nettlesaren. Dette kan i mange tilfelle gi manglande kontrast mellom fokusmarkering og knapp.
Prinsipp 3. Forståeleg
Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Ein del dokumentvedlegg i språkfag som tysk og spansk (pdf/Word) har ikkje rett språkmerking. Dette kan gi feil opplesing for den som bruker skjermlesar.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
- I tyskfaga og i dei samiske faga på NDLA er ikkje dei tyske eller samiske orda markerte med rett språkkode. Denne mangelen gjer innhaldet dårlegare tilgjengeleg for dei som nyttar skjermlesar. Vi har rutinar for å unngå at dette skjer i nyproduksjon av innhald i språkfag, og vi vil legge inn språkkodar på alle sidene når vi av ulike grunnar reviderer dei. For samisk tekst i interaktivt innhald vil denne prosessen ta lengre tid.
- Tekniske teikningar i PDF-format har tekst som ikkje er språkmerka
- Visuelle rettleiingar for dataprogram som er visuelt basert er ikkje språkmerka
- Innhald som er unnateke på grunn av uhøveleg stor byrde
Tekniske teikningar er for komplekst og laga med spesialprogram.
Prinsipp 4. Robust
Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).
- Innhald som bryt kravet i regelverket
- Våre iframes med eksternt innhald har ikkje unik tittel.
- Nokre av knappane i dei interaktive oppgåvene våre har for dårleg beskriving eller har tekst på feil språk.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
På fleire av sidene våre har ein høve til å velje "Tilleggstoff". Då vil fleire fagstoff-sider bli vist i launchpaden for emnet. Skjermlesarbrukarar får melding om at "Tilleggstoff" er markert, men dei får ikkje melding om kor desse ekstra artiklane blir plasserte. Dette bør bli formidla automatisk for denne brukargruppa.
Test og vurdering av nettstaden
Vi har testa og vurdert nettstaden internt, i kombinasjon med ekstern hjelp.
Om erklæringa
- Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
- Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .
Arbeid med universell utforming av ikt
Rutinar og opplæring
Vi har rutinar og retningslinjer for publisering som skal sikre at læringsressursane våre er universelt utforma. Retningslinjene blir reviderte når det skjer endringar i regelverket, eller når vi får ny kunnskap om beste praksis for universell utforming. Vi gir innhaldsprodusentane våre kontinuerleg opplæring og oppfølging.
Testing
Vi gjennomfører jamleg brukartestar av nettsidene våre for å undersøke om dei er brukarvennlege og universelt utforma. Testane blir utførte med eksterne testbrukarar i pilotskular.
Nasjonalt samarbeid
NDLA deltek i Standard Norges forum for utvikling av felles praksis for universell utforming i digitale læringsressursar.
Satsingsområde
Vi jobbar kontinuerleg med å utvikle teknologi og skaffe oss ny kunnskap om beste praksis for universell utforming på nett. Målet er at alle tilsette skal ha eit bevisst forhold til digital tilgjengelegheit, og at tenestene våre skal bli så bra som mogleg for brukarane.