-
miljøløftet.no
-
STATENS VEGVESEN, organisasjonsnummer 971 032 081
I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?
Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Det er brot på 3 av 48 krav.
Kva betyr brota for brukarane?
Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:
- Bruk utan syn
- Bruk med avgrensa syn
- Bruk utan høyrsel
- Bruk med nedsett høyrsel
Meld gjerne frå om brot på krava
Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.
- Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
- Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
- Har du innspel til forbetringar av nettstaden?
Klage
Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.
Status for innhald som ikkje er universelt utforma
Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte
Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Dette gjeld streaming av møter og seminar som seinare er lagt ut som opptak. Mangel på teksting eller informasjon kan føre til at nokon brukarar vil ha problem med å få med seg innhaldet. Det vil føre med seg mykje arbeid å tekste dette innhaldet, sidan det er lange møter. Her må vi finne ein måte å løyse dette på som gir god informasjon og samtidig er praktisk gjennomførbar.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
På sidene våre er det lenka til videoinnhald som ikkje er synstolka. For ein stor del gjeld dette opptak av møte i Miljøløftets fora. Ein god del av innhaldet vil vere forståeleg utfrå lydsida av videoane, men ikkje alt. Dette er snakk om lange videoar og vi har ikkje funne ein hensiktsmessig måte å synstolke desse videoane på.
Prinsipp 4. Robust
Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det førekjem iframes utan beskrivelse.
På https://miljoloftet.no/mobilitetsveka_2022/ er det to skjemaobjekt som ikkje er beskrive i koden. Denne feilen går att på alle stadar der bildeslideren er i bruk.
På https://miljoloftet.no/prosjektliste/ manglar tabell riktige html-element, dette skapar forvirring for screenreader-brukarar.
Test og vurdering av nettstaden
Vi fekk ekstern hjelp til test og vurdering av nettstaden.
Om erklæringa
- Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
- Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .