-
oygarden.kommune.no
-
ØYGARDEN KOMMUNE, organisasjonsnummer 922 530 890
I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?
Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Det er brot på 17 av 48 krav.
Kva betyr brota for brukarane?
Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:
- Bruk utan syn
- Bruk med avgrensa syn
- Bruk utan fargesyn
- Bruk utan høyrsel
- Bruk med nedsett høyrsel
- Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
- Bruk med avgrensa rekkevidde
- Bruk med nedsett kognisjon
Meld gjerne frå om brot på krava
Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.
- Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
- Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
- Har du innspel til forbetringar av nettstaden?
Klage
Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.
Status for innhald som ikkje er universelt utforma
Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte
Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nokre eldre artiklar og undersider(til dømes skular og barnehagar) manglar tekstalternativ på bilete. Synshemma eller personar som kan ha vanskar med å oppfatte visuelt innhald får derfor ikkje tilgang til informasjon om nokre av våre publiserte bilete og grafikk. Det jobbast med at alt ikkje-tekstleg innhald skal ha eit tekstalternativ.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi tekstar nye videoar som vi produserer, men vi har nokre gamle og eksterne videoar som ikkje er teksta. Personar som er høyrselshemma eller døve får derfor ikkje informasjonen som er gitt i lydsporet. Gamle videoar som er lite relevante vert ikkje teksta da dette vil være uforholdsmessig bruk av ressursar. Vi jobbar for at alle relevante og aktuelle videoar vert teksta.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nokre artiklar på undersider(skular og barnehagar) har ikkje god tekststruktur. Dei kan ha feil bruk av overskrifter og overskriftnivå. Lister og tabellar er ikkje alltid koda riktig.
I artiklar lenkar vi til nokre dokument(PDF) som ikkje oppfyller krava.
Innsynsløysinga for postliste, søk i saker og dokument har feil overskriftnivå. Nokre dokument(PDF) i innsynsløysinga oppfyller ikkje kravet.
Desse feila gjer at overskrifter, lister og tabellar ikkje blir presentert korrekt i brukaragentar og datahjelpemiddel for blinde brukarar.
Det blir arbeidd med å rydde i alle artiklar sånn at dei oppfyller krava. Overskriftnivå i innsynsløsinga blir retta i ny versjon. Dokumentmalar vert korrigert sånn dokument(PDF) vi produserer blir presentert korrekt i innsynsløysinga.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Inndataformålet er ikkje definert i koden sånn at nettlesar kan auto utfylle informasjon. Dette kan gjere det tungvint for brukaren å fylle ut skjema. Det jobbast med å rette dette.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Tekst på opne trekkspillmenyar(FAQ) har dårleg kontrast. Brukarar med moderat nedsett syn og brukarar med redusert fargesyn kan ha problem med å lese desse tekstane. I sollys kan også brukarar på liten ha utfordringar med å lese. Brote er innmeldt og vente på retting.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Punktlista «Mest brukte tenestar» på framsida legg seg over grafiske element. Svaksynte vil ha problem med å sjå lenker som ligg lengst nede i lista. Feila er innmeld og venter på retting.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Innsynsløysinga for postliste, søk i saker og dokument har element som overlappar kvarandre og det må rulle i fleire retningar ved zoom. Personar med nedsett syn kan oppleve vanskar med å bruke innsynsløysinga. Leverandør jobbar med ny versjon som vert tilrettelagt personar med nedsett syn.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Søkefeltknappa midt på framsida har dåleg kontrast nå ein hold muspila over. Personar med nedsett syn vil ha problem med å sjå symbolet. Denne feila vært retta.
Prinsipp 2. Mogleg å betene
Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Innsynsløysinga for søk i postliste, saker og dokument har element som ikkje kan nyttas med tastaturnavigasjon. Personar som er blinde, svaksynte eller har nedsett motorikk kan få problem med finne/betene innhald i innsynsløysinga. Leverandør jobbar med ny versjon som vert tilrettelagt universell utforming.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Innsynsløysinga for søk i postliste, saker og dokument har element som kan medføre at brukarar blir ståande fast når dei navigerer ved hjelp av tastaturet. Personar som er blinde, svaksynte eller har nedsett motorikk kan oppleve å stå fast i innsynsløysinga. Leverandør jobbar med ny versjon som vert tilrettelagt universell utforming.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Innsynsløysinga for søk i postliste, saker og dokument har lenketekster som ikkje beskriver tydeleg kva som er målet. For mange kan det være vanskeleg å forstå formålet med lenka. Det vil også gjere det vanskelegare å navigere for personar som er/har svaksynte, blinde, døvblinde, nedsett motorikk eller nedsett kognisjon. Leverandør jobbar med ny versjon som vert tilrettelagt universell utforming.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Innsynsløysinga for søk i postliste, saker og dokument har ledetekster som ikkje er sjølvforklarande. Dette gjer det vanskeleg for brukarar å identifisere raskt ulike innhaldselement. Dette gjeld i særleg grad for personar som har/er svaksynte, blinde, døvblinde, nedsett kognisjon og nedsett motorikk.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Innsynsløysinga for søk i postliste, saker og dokument har synlege ledetekster som ikkje er lik den koda ledeteksten. Personar som bruker taleinput kan oppleve problem med å plassere peikaren i rett skjema-/søkefelt. Leverandør jobbar med ny versjon som vert tilrettelagt universell utforming.
Prinsipp 3. Forståeleg
Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Innsynsløysinga for søk i postliste, saker og dokument gjev ikkje informasjon om kvar i skjemaet feil har oppstått. Dette kan gjere det vanskeleg å finne ut kor feilen er. Gjeld i særleg grad for personar som er blinde, svaksynte, fargeblinde, døvblinde eller har nedsett kognisjon. Leverandør jobbar med ny versjon som vert tilrettelagt universell utforming.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Innsynsløysinga for søk i postliste, saker og dokument kan gi lite forklarande feilmeldingar. Dette kan gjere det vanskelegare for brukarar å betene skjema. Leverandør jobbar med ny versjon som vert tilrettelagt universell utforming.
Prinsipp 4. Robust
Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).
- Innhald som bryt kravet i regelverket
I deler av løysinga er det kodefeil. Dette kan skape problemer for personar som brukar hjelpemiddelteknologi. Feil vert meldt inn. Leverandør jobbar med ny versjon av innsynsløysinga «søk i postliste, saker og dokument» som vert tilrettelagt universell utforming.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det er feil på radioknappar og avkrysningsboksar i enkle webskjema. Det er også gjort funn av feil i innsynsløysinga for søk i postliste, saker og dokument. Dette kan skape problem for personar som brukar datahjelpemiddel. Leverandør er kjent med desse problema og kjem med oppdateringar. Ny versjon av innsynsløsinga vert tilrettelagt universell utforming.
Test og vurdering av nettstaden
Vi har sjølv testa og vurdert nettstaden.
Om erklæringa
- Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
- Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .