Tilgjengelegheitserklæring for ulstein.vgs.no

  • ulstein.vgs.no
  • MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE, organisasjonsnummer 944 183 779
Erklæringa er oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 7 av 48 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på ulstein.vgs.no slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Vi har mange redaktørar som jobbar med innhald på nettsida og med dokument. Vi har jamleg opplæring og gjennomgang av nettsidene for å forbetre dette. Men vi kan ikkje garantere at det ikkje manglar alt-tekstar (tekstleg alternativ). 

Innhald som ikkje er omfatta av regelverket

Filmar på nettsida er ikkje synstolka. Personar som ikkje ser vil ikkje få opplest kva vi ser i filmen. Filmane vart publisert før lovkrav om synstolkning.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Vi jobbar heile tida for at sidene våre skal vere universelt utforma. Men vi har mange redaktørar som jobbar med innhald på nettsida og det kan derfor vere avvik. Dette gjeld spesielt overskrifter, kulepunkt, tabellar og andre element som redaktørane kan opprette. Vi jobbar kontinuerleg med opplæring av webredaktørane våre for å forbetre dette.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Vi har mange redaktørar som jobbar med innhald på nettsida og mange som lagar skjema. Det er derfor sannsynleg at vi har skjema der autoutfylling ikkje er skrudd på, sjølv CMS-et har denne funksjonen. Vi har også nokre skjema i PDF, som etterkvart vil bli erstatta av digitale skjema i ny skjemaløysing. Vi har opplæring og gjennomgang av nettsidene med jamne mellomrom for å forbetre dette. 
 

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er mulig å navigere på nettsiden ved bruk av tastatur, men det er ikke mulig å hoppe over navigasjonen og rett til hovedinnhold eller søkemotor. Vi jobber med implementering av nye nettsider, og vi vil i sammenheng med det utbedre dette. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Vi har mange webredaktører og kan derfor ikke garantere at alle lenker har gode og forståelige lenketekster. Det kan derfor forekomme at brukere av nettsiden ikke får god nok informasjon om hvor lenken fører. Vi jobber kontinuerlig med opplæring av våre webredaktører for å forbedre dette.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Vi har mange webredaktørar og kan derfor ikkje garantere at alle leietekstar og overskrifter er beskrivande.  Dette kan gjere det vansklegare for brukaren å identifisere og finne relevant informasjon, og å forstå samanhengar og strukturar i innhaldet. Vi jobbar kontinuerleg med opplæring av webredaktørane våre for å forbetre dette.  


Test og vurdering av nettstaden

Vi har testa og vurdert nettstaden internt, i kombinasjon med ekstern hjelp.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .

Arbeid med universell utforming av ikt

Vi gjennomfører kontinuerleg opplæring og oppfølging av redaktørane våre, og vi har jamlege kurs i universell utforming og i å skrive klart språk.

Vi stiller krav til at ikt-løysningar skal oppfylle krava til uu ved anskaffingar.

Vi brukar automatiseringsverktøyet Monsido for kvalitetssikring. Verktøyet skannar gjennom alle sider og synliggjer feil og manglar som må bli retta på. Vi prøvar å legge ut minimalt av dokuement/filer på nettsida, og desse har rutine for å køyre kontroll på dei før dei blir lagt ut.