-
sogndal.frivilligsentral.no
-
SOGNDAL KOMMUNE, organisasjonsnummer 922 121 893
I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?
Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Det er brot på 15 av 48 krav.
Kva betyr brota for brukarane?
Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:
- Bruk utan syn
- Bruk med avgrensa syn
- Bruk utan fargesyn
- Bruk utan høyrsel
- Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
- Bruk med avgrensa rekkevidde
- Bruk med nedsett kognisjon
Meld gjerne frå om brot på krava
Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.
- Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
- Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
- Har du innspel til forbetringar av nettstaden?
Klage
Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.
Status for innhald som ikkje er universelt utforma
Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte
Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det er varierande bruk av alternativ tekst på bileta. Me jobbar for å forbetra rutinane kring dette.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det vert i liten grad bruk tabellar på nettsida, men viss det skjer, kan nokre tabellar mangla enkelte kodar. Dette kan føra til at tabellar kan vera vanskeleg å lesa rett med skjermlesar.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det er enkelte stader lenker og andre element som er markert berre med farge, men stort sett blir dette gjort med fleire visuelle endringar. Leverandøren av nettsideløysinga jobbar med å finna og korrigera stader der presentasjonen utelukkande bygger på farge.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det er nokre sider som nyttar ein seksjon med kvit skrift på grøn bakgrunn. Leverandøren av nettsideløysinga vil saman med Norges frivilligsentraler sjå på endring av profilfarge som å auka kontrasten.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det er knappar og lenkjer som må få auka kontrasten noko for å tilfredstilla krava. Dette heng også saman med profilfargane som vert nytta. Dette kan gjera delar av innhaldet vanskeleg å oppfatta for dei med nedsett syn.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Lange ingressar på nyhende og aktivitetar blir klipte. Og større tekst/linjeavstand vil medføra at mindre av teksten syner. Det har lite å seia for funksjonaliteten sidan brukaren kan opna nyhende/aktiviteten for å lesa alt innhaldet.
Prinsipp 2. Mogleg å betene
Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Noko innhald kan ha for mange lenker som kan skapa problem for tastaturbruk. Dette vil leverandøren prøva å utbetra.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Me har ikkje lagt inn ein snarveg som gjer at brukarne kan hoppa direkte til hovudinnhaldet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Ikkje alle lenketekstar skildrar tydeleg lenka sitt mål og funksjon. Dette blir det jobba med å retta opp i.
- Tilgjengelege alternativ
Mål og funksjon med lenka kan vera godt skildra i teksten rundt, men dette er ikkje tilfredstillande i høve kravet, og me jobbar med å betra rutinene på dette.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Brukarane vert ikkje i tilstrekkeleg grad tilbydd fleire måtar å navigera på. Leverandøren av nettsideløysinga ser på korleis dette kravet kan bli innfridd.
- Tilgjengelege alternativ
Det kan navigerast på nettsida ved hjelp av datamus.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Ikkje alt innhald på nettsida får synleg fokus når du navigerer med tastatur. Dette gjer det vanskeleg å navigera for dei som må bruka tastatur. Leverandøren av nettsida ser på korleis dette kan utbetrast.
- Tilgjengelege alternativ
Nettsida kan navigerast med tastatur, men sidan det delvis manglar fokusmarkering, er det vanskeleg å orientera seg på nettsida på denne måten.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Brukarar som brukar visuell ledetekstar, skal også kunne bruka koda ledetekstar. Leverandøren av nettsideløysinga ser på korleis dette kravet kan bli innfridd.
Prinsipp 3. Forståeleg
Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det vert ikkje synt ledetekstar eller instruksjonar når du skal fylla ut skjemaelement. Det er i liten grad brukt skjema på nettsida, og leverandøren ser på korleis dette kan utbetrast.
Prinsipp 4. Robust
Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nesting av lenker bryt valideringa.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Alle komponentar har ikkje namn og rolle bestemt i koden. Leverandøren ser på løysingar.
Test og vurdering av nettstaden
Vi fekk ekstern hjelp til test og vurdering av nettstaden.
Om erklæringa
- Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
- Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .