Tilgjengelegheitserklæring for Itslearning.no

  • Itslearning.no
  • VESTLAND FYLKESKOMMUNE, organisasjonsnummer 821 311 632
Erklæringa er ikkje oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 27 av 47 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med avgrensa rekkevidde
  • Avgrensing av anfall på grunn av lysfølsemd
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
VESTLAND FYLKESKOMMUNE kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på Itslearning.no slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Einskilde sider har bilete utan tekst og skjemaelement utan korrekt leietekst. Blir retta på i 2023.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Lyd- eller videofiler er utan tekst. Leverandør gir ikkje denne moglegheita 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Lyd- eller videofiler er utan tekst. Leverandør gir ikkje denne moglegheita 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nokre overskrifter og einskilde skjema har manglar. Blir retta på i 2023.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Itslearning har 4 sider kor det er brukt farge for å formidle informasjon. Blir retta på i 2023. Brukarane av Itslearning blir gjort medvitne på fargebruk i 2023.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Itslearning har identifisert 4 sider som har tekst med lav kontrast. Blir retta på i 2023. Brukarane av Itslearning blir opplært i fargebruk/kontrast i 2023.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Itslearning har identifisert ei side der endring av tekstorleik kan medføre problem med å lese tekst i eit skjemafelt. Blir retta på i 2023. Kan elles endre tekststorleik 200%.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nokre av brukarane av Itslearning (25000) har mest sannsynleg lagt ut bilete av tekst/ pdf-filer. Brukarane vert gjort merksemde på at denne praksisen ikkje er i tråd med UU-retningslinjer og blir bedne om å endre det som er feil i 2023.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Itslearning har identifisert 4 sider der eldre brukargrensesnittkomponentar ikkje fungerer bra når sida er forstørra til 400%. Blir retta på i 2023

Innhald som bryt kravet i regelverket

Einskilde av Itslearning sine brukargrensesnittkomponentar har ikkje høg nok kontrast. Desse er brukt på ei rekkje sider i løysinga. Blir retta på i 2023,

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

I kalenderen og på sida for å endre brukarprofil er det funksjonalitet som ikkje kan handterast frå tastatur. Blir retta på i 2023

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nokre av brukarane av Itslearning (25000) kan ha lagt ut denne typen innhald. Brukarane vert gjort merksemde på korleis slikt innhald skal publiserast i tråd med UU-retningslinjer og bedne om å endre feil i 2023. Leverandør har ikkje denne typen innhald.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Itslearning har identifisert 3 sider der det forekjem skjulte overskrifter utan innhald som kan vanskeleggjere navigering etter overskrifter. Blir retta på i 2023.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Einskilde sider har ikkje ein informativ beskriving. Blir retta på i 2023.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Itslearning skriv at kalenderen har ei fokusrekkjefølge som i einskilde arbeidsflytar ikkje verkar naturleg

Innhald som bryt kravet i regelverket

Itslearning har identifisert 3 sider der det forekjem skjulte overskrifter utan innhald som kan vanskeleggjere navigering etter overskrifter. Vert retta på i 2023

Innhald som bryt kravet i regelverket

Ikkje alt innhald i itslearning kan bli funnet på andre måtar enn å navigere seg igjennom menyen

Innhald som bryt kravet i regelverket

Itslearning har identifisert 3 sider der det forekjem skjulte overskrifter utan innhad som kan vanskeleggjere forståinga av sida. blir retta på i 2023.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Einskilde eldre brukargrensesnittkomponentar har manglande eller ikkje tydeleg nok fokus indikator. Blir retta på i 2023

Prinsipp 3. Forståeleg

Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Itslearning har identifisert ein feil i språkvelgaren deira. Blir retta på i 2023

Innhald som bryt kravet i regelverket

Itslearning har identifisert 4 stadar der skjer vesentlege endringer på sida etter val i skjema

Innhald som bryt kravet i regelverket

Itslearning har identifisert 2 skjema der identifikasjon av feil ikkje skjer korrekt. Blir retta på i 2023

Innhald som bryt kravet i regelverket

Itslearning har identifisert 2 skjema der leietekst ikkje er korrekt. Blir retta på i 2023.

Innhald som bryt kravet i regelverket

I testverktøyet vil testar med navigering satt til "kun fremover" ikkje bestå dette kriteriet

Prinsipp 4. Robust

Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).

Innhald som bryt kravet i regelverket

Itslearning meddelar at ikkje alle sider har korrekt kode.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Itslearning meddelat at ikkje alle brukargrensesnittkomponentar har korrekte roller. Blir retta på i 2023.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Itslearning har identifisert 2 sider som har statusbeskjedar som ikkje blir lest opp av ein skjermlesar. Blir retta på i 2023.


Test og vurdering av nettstaden

Vi har sjølv testa og vurdert nettstaden.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .

Arbeid med universell utforming av ikt

Vi jobbar kontinuerleg med universell utforming av nettsidene våre.

 Rutinar og opplæring:
Vi har rutinar og retningslinjer for nettpublisering som skal sikre at vi det vi legg ut samsvarer med krava om universell utforming.

 Alle publisistane våre får kontinuerleg opplæring og skal sjekke innhaldet opp mot krava før dei publiserer nytt innhald på nettsida.

 Vi har eit forum på Teams der alle publisistar er medlemar og kan hjelpe og støtte kvarandre. Vi har webinar når det er nye retningslinjer og har og eigne område på intranett med relevant informasjon og retningslinjer.

 To gonger i året skal alle publisistar gå gjennom alle sidene dei har ansvar for.

Samarbeid med leverandør:
Vi jobbar tett med nettsideleverandøren vår for å kontinuerleg forbetre nettsidene, dette gjeld også for å utvikle løysingar for å forbetre tilgjengelegheita.

Satsingsområde:
Vi jobbar kontinuerleg med å skaffe kunnskap og beste praksis om klarspråk og universell utforming. Alle tilsette, uavhengig om dei jobbar som nettpublisistar eller ikkje, skal vite om universell utforming, og praktisere dette i dei dokumenta dei skriv. Vi har i fleire år hatt stor merksemd på klarspråk. Svært mange tilsette har gått på klarspråkkurs. Vi har tidvis hatt klarspråkquiz på intranettet.  

Tredjepartsløysingar:
Vi har fleire tredjepartsløysingar frå ulike leverandørar. Målet er at desse løysingane skal ha eigne tilgjengelegheitserklæringar. Dette jobbar vi med å kartlegge og få på plass.