-
stad.kommune.no
-
STAD KOMMUNE, organisasjonsnummer 921 060 157
I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?
Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Det er brot på 7 av 47 krav i regelverket.
Kva betyr brota for brukarane?
Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:
- Bruk utan syn
- Bruk med avgrensa syn
- Bruk utan fargesyn
- Bruk utan høyrsel
- Bruk med nedsett høyrsel
- Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
- Bruk med nedsett kognisjon
Meld gjerne frå om brot på krava
Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.
- Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
- Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
- Har du innspel til forbetringar av nettstaden?
Klage
Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.
Status for innhald som ikkje er universelt utforma
Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte
Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det er tekstalternativ for bilde og diagram i delar av løysinga.
Alternativ tekst er mogleg å angje på "eigendefinerte" bilder, men ein feil i løysinga gjer at den ikkje viser i front.Dette gjer at synshemma ikkje får tilgang til informasjon i enkelte bilde og diagram.
Vi jobbar med å rette feil og oppdatere foto som ligg utan alternativ tekst.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Dei politiske møta vist på KommuneTv er ikkje teksta.
Dei som er høyrselshemma får ikkje tilgang til informasjonen.Vi jobbar med å få til ei løysing.
- Tilgjengelege alternativ
Alternativt kan ein lese møtebøkene frå dei kommunale møta.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Felt for områdemeldingar har mørk raud tekst på rosa bakgrunn. Denne kombinasjonen har svark kontrastfarge. Svaksynte vil kunne ha problem med å lese teksten.
Vi jobbar med å rette dette.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det kan finnast slikt innhald på enkelte sider.
Synshemma får ikkje lest opp innhaldet ved bruk av skjermelsar.Vi arbeider med å oppfylle kravet.
Prinsipp 2. Mogleg å betene
Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det finst ingen mekanisme for å hoppe til hovudinnhaldet på nettsida.
Brukaren kan ikkje navigere sekvensielt gjennom innhaldet, og på den måten få meir direkte tilgang til hovudinnhaldet på sida.
Vi jobbar med vår leverandør for å løyse dette.
Prinsipp 3. Forståeleg
Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Dokumentlesaren har nokre manglar i forhold til synleg fokusmarkering og tastaturnavigasjon.
Det er mogleg å klikke på bildet for å gjere det større. Her manglar synleg fokusmarkering.
Vi jobbar med leverandør for å rette dette.
Prinsipp 4. Robust
Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Når ein artikkel inneheld fleire FAQar får desse samme id.
Systemleverandør jobbar med å rette feilen.Når ein artikkel inneheld fleire tabellar får desse samme id.
Systemleverandør jobbar med å rette feilen.
Test og vurdering av nettstaden
Vi har sjølv testa og vurdert nettstaden.
Om erklæringa
- Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .