-
helse-forde.no
-
HELSE FØRDE HF, organisasjonsnummer 983 974 732
I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?
Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Det er brot på 10 av 48 krav.
Kva betyr brota for brukarane?
Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:
- Bruk utan syn
- Bruk med avgrensa syn
- Bruk utan fargesyn
- Bruk utan høyrsel
- Bruk med nedsett høyrsel
- Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
- Bruk med avgrensa rekkevidde
- Bruk med nedsett kognisjon
Meld gjerne frå om brot på krava
Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.
- Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
- Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
- Har du innspel til forbetringar av nettstaden?
Klage
Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.
Status for innhald som ikkje er universelt utforma
Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte
Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi har stort sett alt-tekstar for bilder, men kvaliteten varierer. Nokre beskriv ikkje hensikta i konteksten til bildet, mens andre er misvisande eller for generelle. Dette kan føre til forvirring for brukarar av skjermlesarar. Vi har også noko bruk av diagram, flytskjema og liknande i dokument som ikkje er godt nok forklart tekstleg.
- Innhald som er unnateke på grunn av uhøveleg stor byrde
Det finst store mengder styredokument og presentasjonar som kan innehalde diagram, flytskjema og tilsvarande innhald av denne typen. Det er så stort volum av dokument at det vil vere uhandterbart å måtte gå gjennom alle for å avdekke denne typen bruk av bilder med tekst. Den samfunnsmessige verdien av å ha styredokument og andre viktige dokument tilgjengeleg på nettstaden er svært viktig.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Dei fleste videoane på nettstaden vår er teksta, men vi har ein del eldre videoar som ikkje oppfyller kravet om teksting. Desse videoane har ikkje eit anna godt tekstalternativ. Dette medfører at det er uråd for brukarar som ikkje kan høyre lyd, å få med seg innhaldet.
Vi har kartlagt nettstaden vår i høve videoinnhald, og ser etter verktøy for transkribering av innhald av denne typen.
Vi har fått på plass rutiner for produksjon og teksting av nytt videoinnhald, og vil starte arbeidet med å tekste eldre videoinnhald som er tilgjengeleg på nettstaden vår. Her prioriterer vi teksting av innhald produsert etter 1. februar 2022.
I opplæringa til innhaldsprodusentar og webredaktørar på nettstaden vår, vil nye rutinar rundt teksting av videoinnhald, samt generelt fokus på universell utforming, vere ein viktig del.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Ingen av videoane våre er synstolka. Dette medfører at brukarar av skjermlesarar blir berørt av denne feilen.
Feilen er meldt til utviklarteamet, og det blir utarbeidd ein plan for nærare undersøking av kravet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Manglande unike namn på landemerker, innhald utanfor landemerker, feil i overskriftsnivå, feilnøsta lister, avsnitt som ikkje er koda som tekst, sitat som ikkje er koda som sitat, samt tabellar som ikkje er korrekt koda.
Brukarar med skjermlesar og andre hjelpemiddel kan bli forvirra og få problem med å forstå og navigere i innhaldet.
Feilen er meldt inn til utviklarteamet. Det blir utarbeidd ein plan for å få det retta innan utgangen av 2025.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi har stort sett alt-tekstar for bilder, men kvaliteten varierer. Nokre beskriv ikkje hensikta i konteksten til bildet, mens andre er misvisande eller for generelle. Dette kan føre til forvirring for brukarar av skjermlesarar. Vi har også noko bruk av diagram, flytskjema og liknande i dokument som ikkje er godt nok forklart tekstleg.
- Innhald som er unnateke på grunn av uhøveleg stor byrde
Det finst store mengder styredokument og presentasjonar som kan innehalde diagram, flytskjema og tilsvarande innhald av denne typen. Det er så stort volum av dokument at det vil vere uhandterbart å måtte gå gjennom alle for å avdekke denne typen bruk av bilder med tekst. Den samfunnsmessige verdien av å ha styredokument og andre viktige dokument tilgjengeleg på nettstaden er svært viktig.
Prinsipp 2. Mogleg å betene
Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Organisasjonsnummer i footer er ikkje korrekt koda. Dette fører til at brukarar med skjermlesar og andre hjelpemiddel kan få feil informasjon og problem med å forstå innhaldet.
Feilen er meldt inn til utviklarteamet. Det blir utarbeidd ein plan, og retting er venta innan utgangen av 2025.
Prinsipp 3. Forståeleg
Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi har ein engelsk variant av sida, som har engelsk som hovudspråk. Her finst det mykje norsk, som ikkje er koda som norsk språk. Brukarar som nyttar opplesande hjelpemiddel vil få feil uttale på desse delane. Dette skyldast at språkendringar i innhaldet ikkje er korrekt koda med riktig språkattributt. Dette påverkar skjemlesarbrukarar.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Lenkene i menyen har annleis namn enn sidetitlane det blir lenka til. Brukarar kan tenke at dei har trykt feil, eller bli forvirra av navigeringa. Det er også stader der søkeknappen har eit anna namn enn på resten av sida. Dette skyldast at lenker og funksjonar har blitt namngitt ulikt av ulike redaktørar på forskjellige stadar på nettsida. Dette påverkar brukarar med kognitive funksjonsnedsettingar og skjermlesarbrukarar, som kan bli forvirra av at det ikkje stemmer overeins, og dermed miste orienteringa under navigasjon.
Prinsipp 4. Robust
Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi har fleire valideringsfeil i koden: dupliserte ID'ar og nøstingsfeil.
Dette fører til at assisterande hjelpemiddel kan få problem med å tolke innhaldet riktig, noko som påverkar brukarar av skjermlesarar og andre hjelpemiddel.
Feilen er meldt til utviklarteamet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Knappar som "Vis fleire" og "Vis meir" på framsida gir ikkje tydeleg informasjon om kva som blir vist meir av. Dette fører til at brukarar som ikkje ser grensesnittet, eller som nyttar hjelpemiddel, ikkje nødvendigvis forstår formålet med knappen.
Feilen er meldt inn til utviklarteamet, og det vil bli utarbeidd ein plan for å få det retta.
Test og vurdering av nettstaden
Vi har sjølv testa og vurdert nettstaden.
Om erklæringa
- Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
- Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .
Arbeid med universell utforming av ikt
I Helse Førde jobbar kommunikasjonsavdelinga målretta med å gjere nettstaden vår og digitalt innhald tilgjengeleg for alle brukarar.
Vi har fokus på universell utforming som ein viktig del i opplæring av innhaldsprodusentar og webredaktørar, og har i vinter oppretta ei ressursside på intranett med informasjon om universell utforming.
Arbeidet med tilgjengeliggjering av innhald er omfattande, og universell utforming av IKT er tema for tverrfagleg samarbeid i regionen. Vi samarbeider tett med nettansvarlege i dei andre føretaka.
Sidan vi er ein del av ei nasjonal publiseringsløysing, har vi ikkje høve til å rette opp i tekniske feil på nettstaden sjølv. Vi følgjer opp og gir nødvendige tilbakemeldingar ved høve, og får oppdateringar om arbeidet med universell utforming.
Vi bytte ut publiseringsplattformen vår, SharePoint, til Optimizely Content Cloud i 2023. Den nye publiseringsplattformen (CMS) er betre tilrettelagt for arbeid med universell utforming, og vil betre vilkåra for arbeidet med tilgjengeliggjering av innhald. Dette trur vi vil ha ein svært positiv effekt på det publiserte innhaldet for alle brukarar.