-
skjema.oygarden.kommune.no
-
ØYGARDEN KOMMUNE, organisasjonsnummer 922 530 890
I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?
Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Det er brot på 7 av 47 krav.
Kva betyr brota for brukarane?
Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:
- Bruk utan syn
- Bruk med avgrensa syn
- Bruk utan fargesyn
- Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
- Bruk med avgrensa rekkevidde
Meld gjerne frå om brot på krava
Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.
- Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
- Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
- Har du innspel til forbetringar av nettstaden?
Klage
Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.
Status for innhald som ikkje er universelt utforma
Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte
Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi har nokre skjema som innehald informasjontekst som ikkje har rett bruk av overskrifter. Det er ikkje mogleg å legge inn overskriftnivå i lengre informasjonstekstar. Mange brukarar, både med og utan hjelpemiddel kan oppleve problem med å skumlese innhaldet. Det jobbast med å få retta dette.
- Tilgjengelege alternativ
I mange tilfelle er den same informasjonen i tilhøyrande artikkel på heimeside.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Inndataformålet er ikkje definert i koden sånn at nettlesar kan auto utfylle informasjon. Dette kan gjere det tungvint for brukaren å fylle ut skjema. Det jobbast med å rette dette.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Påloggingsvindu skalerer ikkje korrekt ved 400 % forstørring på mobil. Det vert vanskelegare for personer med nedsatt syn å lese innhaldet. Dette vil bli fiksa i neste versjon av nettløysinga.
Prinsipp 2. Mogleg å betene
Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det er ustabilitet med funksjonalitet som gjev brukar moglegheit til å forlenge tidsgrensa på 15-20 min. Det fungerer tidvis. Brukare kan oppleve at det oppstår endringar som ikkje er forutsett. Ei forbetring kjem i neste versjon av nettløysinga.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Krav støttes ikkje denne nettløysinga (Interact). Personar som brukar stemmestyring kan oppleve at dei ikkje får plassert peikar i rett skjemafelt, sjølv om dei leser inn rett ledetekst. Kravet vil være implementert i nytt product, Interact+ på nyåret 2023. Tidspunkt for oppgradering til Interact+ er ikkje bestemt.
Prinsipp 3. Forståeleg
Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Språk vert ikkje endra til korrekt språk som skjema er vist på. Hjelpemiddelteknologiar og brukaragentar kan gjengi tekst unøyaktig. Til dømes kan skjermlesarar gi dårlig uttale, og som vil gjere det vanskelegare å forstå innhaldet. Dette vert løyst i neste versjon.
Prinsipp 4. Robust
Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Krav vert oppfylt i neste versjon av nettløysinga. Skjema skal då være fri for større kodefeil.
Test og vurdering av nettstaden
Vi har sjølv testa og vurdert nettstaden.
Om erklæringa
- Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
- Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .