Tilgjengelegheitserklæring for svarut.fiks.test.ks.no/edialog

  • svarut.fiks.test.ks.no/edialog
  • KVAM HERAD, organisasjonsnummer 944 233 199
Erklæringa er ikkje oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 13 av 48 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med avgrensa rekkevidde
  • Avgrensing av anfall på grunn av lysfølsemd
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
KVAM HERAD kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på svarut.fiks.test.ks.no/edialog slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er pt. ikkje mogleg å få synstolking på eksisterande løysing.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Kontrast vert oppfylt for alle side-element bortsett frå innsendelsesknapp. Innsendelsesknapp har dårleg kontrast med bakgrunn, så lenge den er inaktiv. Kontrast blir bra når alle felta er utfylt og knappen kan brukast. Konsekvens for brukar er at det kan vera utydeleg at knappen finnast. Forsendelsesknappen er den viktigaste knappen av skjemaet, og det skal tydelegare framgå at den er å finna der, og når skjemaet er klart slik at knappen kan nyttast. Det vil innan kort tid lanserast ein ny versjon av eDialog som vil oppfylla dette kravet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Sjå kommentar 1.4.3. Kontrastproblem gjeld også tekst på forsendelsesknappen mot farge på knappen. Det vil innan kort tid bli lansert ein ny versjon av eDialog som vil oppfylla dette kravet.

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Sida manglar blant anna 'Hopp til hovudinnhald'. Konsekvens for brukar er at navigasjon med kun tastatur er vanskelegare. Det vil innan kort tid bli lansert ein ny versjon av eDialog som vil oppfylla dette kravet.

Prinsipp 3. Forståeleg

Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.

Innhald som bryt kravet i regelverket

HTML-tag manglar riktig lang-attributt ved bytting av språk. Det vil innan kort tid bli lansert ein ny versjon av eDialog som vil oppfylla dette kravet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Sjå over. I tillegg manglar det nokon deloversettingar ("logg ut" og feilmelding "vennlegst fyll ut manglande felt") Det vil innan kort tid bli lansert ein ny versjon av eDialog som vil oppfylla dette kravet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Feilmeldingar heng ikkje tydeleg nok saman med feila ved bruk av skjermlesar. Feilmelding ved manglande input vert ikkje lese opp, og tekst på feilmeldinga er ikkje tydeleg ved zooming til 400%. Det er uklart kvifor forsendelsesknappen ikkje er aktivert, og feilmeldinga som vert gjeve er for generell. Brukarar som er avhengige av skjermlesar vil ha vanskelegheiter med å finna og korrigera feil for å kunna sende inn skjema. Det vil innan kort tid bli lansert ein ny versjon av eDialog som vil oppfylla dette kravet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Kobling til meir informasjon samt avhakingsknappar for valg om forsending inneheld sensitive opplysningar, mangler label. Hjelpetekst om sensitive opplysningar er ikkje tydeleg ved 400% zoom. Brukarar som er avhengige av skjermlesar vil dermed ikkje ha likt grunnlag som brukarar som ikkje er avhengige av skjermlesar å kunne merke forsendinga riktig. Struktur på skjemaet kan forbetrast ved bruk av overskrifter og fieldset. Avhaking av to alternative felt kan merkast betre. Input for fødselsnummer og organisasjonsnummer er koda som telefonnummer. Det vil innan kort tid bli lansert ein ny versjon av eDialog som vil oppfylla dette kravet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Brukarar som er avhengige av skjermlesar vil ha vanskelegheiter med å finna og korrigere feil for å kunna sende inn skjema. Det vil innan kort tid bli lansert ein ny versjon av eDialog som vil oppfylla dette kravet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Label for avhaking om forsending inneheld sensitive opplysningar og heng ikkje saman med input. Dette fører til at skjermlesarar ikkje forstår kva det vert spurt om. Manglande merking har konsekvens for etterleving av personvernregelverket for mottakar. Det vil innan kort tid bli lansert ein ny versjon av eDialog som vil oppfylla dette kravet.

Prinsipp 4. Robust

Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).

Innhald som bryt kravet i regelverket

Feil ved parsing av tekst. Skjermlesar les nokon gongar opp placeholdere for tekstar istadenfor oversatt tekst. F.eks {{ translation.labels.TELEFONNUMMER }}   Det kan sjå ut som denne teksten er tilgjengeleg i DOM'en ein kort periode før oversettinga lastast inn, og dermed forvirrar dette nokon skjermlesarar. Dette skjer konsekvent ved innsending av skjema,  der ein blir sendt til ei kvitteringsside. Konsekvensen er då at skjermlesarar ikkje skjønar at skjemaet er sendt inn. Elles ein del feil i console. Det vil innan kort tid bli lansert ein ny versjon av eDialog som vil oppfylla dette kravet. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det manglar form labels, som nemnt under 3.3. Det er også nokon element som burde kodast som lista, og to element som er koda som lenkje men burde vore knapp (spørsmålsikon ved sensitive opplysingar, samt logg ut-knapp). Tittel på vedlegg ser derimot ut som ei lenkje utan å vre det. Det vil innan kort tid bli lansert ein ny versjon av eDialog som vil oppfylla dette kravet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Statusbeskjed ved opplasting av fil og innsending av skjema er ikkje markert med f.eks aria-live-attributt, og er dermed ikkje umiddelbart tilgjengeleg for skjermlesarar. Brukarar som er avhengige av skjermlesar vil ikkje ha fullstendig informasjon om at dokument er lagra automatisk og at skjema er sendt. Det vil innan kort tid bli lansert ein ny versjon av eDialog som vil oppfylla dette kravet.


Test og vurdering av nettstaden

Vi fekk ekstern hjelp til test og vurdering av nettstaden.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .

Arbeid med universell utforming av ikt

Me arbeider saman med våre leverandørar for at løysingane me får leverer skal stetta krava.