Tilgjengelegheitserklæring for saudakino.no

  • saudakino.no
  • SAUDA KOMMUNE, organisasjonsnummer 964 979 367
Erklæringa er oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 3 av 48 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
SAUDA KOMMUNE kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på saudakino.no slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Filmtrailer (video) er ikkje teksta, og har per i dag ikkje eit universalt utforma alternativ.

Tilgjengelege alternativ

Innhaldsmessig er filomtalen (tekst) eit alternativ til filmtraileren. Filmtraileren har sjeldan eller aldri informasjon som er avgjerande for brukaren som ikkje finst i tekst-form. Informasjon om billettkjøpt, speledato osb blir ikkje "skjult" i video.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det aller meste av innhaldet på nettsida lar seg forstørre. Somme frittstpåande merkelappar og overskrifter er ikkje justerbare.

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nettsida manglar alternativ navigasjon til meny. Brukaren kan ikkje søke eller  manøvrere via nettstadkart. Nettstaden er så pass grunn at me vurderer dette som heilt marginalt avgjerande for brukaren. 


Test og vurdering av nettstaden

Vi har testa og vurdert nettstaden internt, i kombinasjon med ekstern hjelp.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .