Tilgjengelegheitserklæring for eDialog

  • eDialog
  • ØYSTRE SLIDRE KOMMUNE, organisasjonsnummer 961 382 068
Erklæringa er oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 12 av 48 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med avgrensa rekkevidde
  • Avgrensing av anfall på grunn av lysfølsemd
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
ØYSTRE SLIDRE KOMMUNE kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på eDialog slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Kontrast er oppfylt for alle side-elementer bortsett frå innsendelsesknapp. Innsendelsesknapp har dårleg kontrast med bakgrunnen, så lenge den er inaktiv. Kontrast blir bra når alle feltene er utfylt og knappen kan nyttast. Konsekvens for brukar er at det kan vere utydeleg at knappen finnst. Forsendelsesknappen er den viktigste knappen av skjemaet, og det skal tydeligere framgå at den finnst der, og når skjemaet er klart slik at knappen kan nyttast. Det vil innan kort tid bli lansert ein ny versjon av eDialog som vil oppfylle dette kravet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Sjå kommentar 1.4.3. Problem med kontrast gjeld også tekst på forsendelsesknappen mot fargen på kanppen. Det vil innan kort tid bli lansert ein ny versjon av eDialog som vil fylle dette kravet.

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Siden manglar m.a. "Hopp til hovedinnhold". Konsekvens for brukar er at navigasjon med kun tastatur er vanskelegare. Det vil innan kort til bli lansert ein ny versjon av eDialog som vil fylle dette kravet.

Prinsipp 3. Forståeleg

Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.

Innhald som bryt kravet i regelverket

HTML-tag manglar viktig lang-attributt ved bytting av språk. Det vil innan kort tid bli lansert ein ny versjon av dDialog som vil fylle dette kravet. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Sjå pkt 3.1.1, i tillegg manglar det nokon deloversettelsar ("logg ut" og feilmelding "vennligst fyll ut manglende felt") Det vil innan kort tid bli lansert ein ny versjon av eDialog som vil fylle dette kravet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Feilmeldingar heng ikkje tydeleg nok saman med feila ved bruk av skjermlesar. Feilmelding ved manglande input blir ikkje lest opp, tekst på feilmeldinga er ikkje tydeleg ved zooming til 400%. Det er uklart kvifor forsendelsesknappen ikkje er aktivert og feilmeldinga som blir gitt er for generell. Brukarar som er avhengige av skjermleser vil ha vanskelegheiter med å finne og korrigere feil for å kunne sende inn skjema. Det vil innan kort til blir lansert ein ny versjon av eDialog som vil fylle dette kravet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Kobling til meir informasjon samt avhakingsknappar for val av om forsending inneheld sensitive opplysningar mangler label. Hjelpetekst om sensitive opplysningar er ikkje tydeleg ved 400% zoom. Brukarar som er avhengige av skjermleser vil dermed ikkje ha likt grunnlag som brukarar som ikkje er avhengige av skjermleser forå kunne merke forsendinga riktig. Struktur på skjemaet kan bli forbetra ved bruk av overskrifter og fieldset. Avhaking av to alternative felt kan bli merka betre. Input for fødselsnummer og organisasjonsummer er koda som telefonnummer. Det vil inna kort tid bli lansert ein ny versjon av eDialog som vil fylle dette kravet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Brukarar som er avhengige av skjermleser vil ha vanskelegheiter med å finne og korrigere feil for å kunne sende inn skjema. Det vil inna kort tid bli lansert ein ny versjon av eDialog som vil oppfylle dette kravet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Label for avhaking om forsendiga inneheld sensitive opplysningar heng ikkje saman med input. Dette fører til at skjemlesarar ikkje forstår kva det blir spurt om. Manglande merking har konsekvensar for etterleving av personvernreglement for mottakar. Det vil inna kort tid bli lansert ein ny versjon av eDialog som vil fylle kravet.

Prinsipp 4. Robust

Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).

Innhald som bryt kravet i regelverket

Feil ved parsing av tekst. Skjermlesarr lese nokre gangar opp placeholdere for tekster istedenfor oversatt tekst. F.eks {{ translation.labels.TELEFONNUMMER }}   Det kan sjå ut som denne teksten er tilgjengeleg i DOM'en ein kort periode før oversettingane blir lasta inn, og dermed forvirrer dette nokon skjermlesarar Dette skjer konsekvent ved innsending av skjema, der man blir sendt til ei kvitteringsside. Konsekvensen er da at skjermlesarar ikkje skjønner at skjemaet er sendt inn. Ellers ein del feil i console. Det vil inna kort tid bli lansert ein ny versjon av eDialog som vil fylle dette kravet. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det mangler form labels, som nevnt under 3.3. Det er også nokre element som burde bli koda som liste, og to element som er koda som lenke men burde vært knapp (spørsmålsikon ved sensitive opplysningar, samt logg ut-knapp). Tittel på vedlegg ser derimot ut som ei lenke uten å være det. Det vil inna kort tid bli lansert ein ny versjon av eDialog som vil ylle dette kravet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Statusbeskjed ved opplasting av fil og innsending av skjema er ikkje markert med t.d aria-live-attributt, og er dermed ikkej umiddelbart tilgjengeleg for skjermlesarar. Brukere som er avhengige av skjermleser vil ikkje ha fullstendig informasjon om at dokument er lagret automatisk og at skjema er sendt. Det vil innan kort tid bli lansert ein ny versjon av eDialog som vil fylle dette kravet.


Test og vurdering av nettstaden

Vi fekk ekstern hjelp til test og vurdering av nettstaden.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .