Tilgjengelegheitserklæring for hjelpelinjen.no

  • hjelpelinjen.no
  • LOTTERI- OG STIFTELSESTILSYNET, organisasjonsnummer 982 391 490

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 9 av 47 krav i regelverket.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med avgrensa rekkevidde
  • Avgrensing av anfall på grunn av lysfølsemd
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer regelverket og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
LOTTERI- OG STIFTELSESTILSYNET kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på hjelpelinjen.no slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Vi har fleire pdf-filer på nettsida som manglar beskrivelse i HTML. Pdf-filer er eit alternativt medieformat som til tider skaper vanskar for brukarane. Difor er det nødvendig med tydlege lenketetkstar til pdf-innhaldet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

På hjelpelinjen.no manglar videoen " Utradisjonelt samarbeid for Hjelpelinjen" eit tekstalternativ som gir eit samandrag av kva som skjer i videoen. Podkastepisoden "Den vanskelege samtalen" manglar også ein alternativ tekstversjon. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Chat-funksjonen på nettsida som er ei tredjepartsløysing har problem med at feilmeldingar ikke er kopla til riktig felt. 

 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Ved bruk av telefon er det ikkje mogleg å bruke navigasjon på den nedre delen av skjermen når telefonen er snudd horisontalt. Dette gjeld alle sidene på hjelpelinjen.no.

Innhald som bryt kravet i regelverket

På små skjermar eller ved bruk av stor zoom er det ikkje mogleg å nå alle menypunkta. 

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er lenker på nettsida som kan vere vanskeleg å forstå meininga bak, og kvar og kva dei fører til. "Kortkomponentet" i "Aktuelt" på forsida til hjelpelinjen.no, fungerar for eksempel som ein lang lenketekst som inneheld bilde, overskrift og ingress.  

Prinsipp 3. Forståeleg

Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Navigasjonen på den engelske versjonen av hjelpelinjen.no er på norsk, og er ikkje merka med korrekt språk i koden. 

Prinsipp 4. Robust

Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).

Innhald som bryt kravet i regelverket

Skjermlesarbrukarar blir ikkje informerte om at menyknappen viser eller skjuler meir innhald.

Vi har også eit "iframe" for chat-funksjonen på nettsida som manglar i attributtet "title".

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det finst problem med tilstrekkeleg varsling av statusbeskjedar til skjermlesar og liknande teknologi på nettsida. Til dømes er valideringsmeldingar i skjemaet "Test om du har problemer med pengespill" koda med aria-live="polite", men fungerer ikkje på grunn av feil bruk av kode.

I tilegg finst det fleire aria-live="polite" som kan vere problematiske for skjermlesarbrukarar. Når aria-live="polite" dukkar opp dynamisk på sida, blir den ikkje oppdaga av skjermlesarbrukarar.


Test og vurdering av nettstaden

Vi fekk ekstern hjelp til test og vurdering av nettstaden.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .

Arbeid med universell utforming av ikt

Vi har i fleire år testa nettsida med bruk av Siteimprove som er eit automatisert verktøy. I samband med nye krav frå UU-tilsynet, fekk vi Funka til å gjere ei grundig gransking av nettsida med hjelp av menneske med funksjonsnedsetting. Funka sitt inntrykk er at nettsida har område som bør forbetrast i tråd med WCAG sine retningslinjer.

Dette er i hovudsak:
- Skjemautforming og validering.
- Navigasjon og lenker, spesielt til PDF-filer og eksterne sider.
- Alternativ til multimedia som video og podkast.

Granskinga til Funka viser også at vi har nokre utfordringar knytt til chat-løysinga på nettstaden, som er ei tredjepartsløysing. Vil vil følge dette opp med leverandøren av tenesta i den grad det er mogleg.

I vidare arbeid vil vi prioritere å
- rette opp feil som Funka fann i si gransking
- sjå til at nettsida oppnår minst nivå AA i WCAG 2.0.
- tilpasse innhald og funksjonalitet slik at nettsida oppfyller nye krav i WCAG 2.1.
- sjekke nettsida jamleg for brot på WCAG-kravene, og rette opp feila