Tilgjengelegheitserklæring for Framsikt - Budsjett 2024, økonomi- og handlingsplan 2024-2027

Erklæringa er oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 22 av 48 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med avgrensa rekkevidde
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
VESTNES KOMMUNE kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på Framsikt - Budsjett 2024, økonomi- og handlingsplan 2024-2027 slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Alle grafar manglar funksjonalitet for alternativ tekst, dei fleste grafar manglar også tekst alternativ.

Dersom publiseringa har vedlagt tilgjengelegheitserklæring, så manglar ikonet foran lenka alternativ tekst

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er tabellar som enten manglar innhald i overskriftsceller og/eller har ein minimal kodefeil. Dei aller fleste tabellar kan brukast med tastatur og assisterande verktøy. Det er unntak der tredjepartleverandør ikkje har gjort dette mogleg.

Det er overskrifter koda med ARIA i staden for rein HTML.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Enkelte tabellar er ikkje koda responsivt i popup. Negativ konsekvens for brukarar av portrett/landskapsmodus på mobil.

Enkelte tabellar er ikkje koda responsivt. Negativ konsekvens for brukarar av portrett på mobil.

Footer ikkje koda responsivt.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Ledetekst til søylane i graf "driftsutgifter og inntekter" manglar. Forklaring kun ved bruk av fargar.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Dersom publiseringa har vedlagt tilgjengelegheitserklæring. Lenketekst står ikkje til kontrastkravet på 4:5:1.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Enkelte bilde som inneheld tekst er ikkje forklart med tekst.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er tabellar der innhald går tapt i 400% zoom.

Det er innhald (for eksempel til topp knapp) som ikkje responderer opptimalt i 400% zoom.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er grafar som ikkje står til kontrastkravet på 3:1. Negativ konsekvens for personar med nedsrtt syn.

Søkefeltet står ikkje til kontrastkravet på 3:1. Negativ konsekvens for personar med nedsett syn.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Justering av tekstavstand fungerer ikkje optimalt på nettsiden. Negativ konsekvens for personar med nedsett syn og dysleksi.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er grafer der peikarfølsomheit/ moglegheit for avvisning av ekstra innhald ikkje er optimal.

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er grafar (levert av tredjepartsleverandør) med popup, der innhald i popup ikkje er tilgjengeleg ved tastaturnavigering.

I enkelte nettlesarar er det innhald i tabellar som ikkje er mogleg å nå ved bruk av tastatur. Negativ konsekvens spesielt for blinde, svaksynte og personar med nedsett motorikk i armar og hender.

Det er tabell med graf, kor graf ikkje er mogleg å nå ved bruk av tastatur. Negativ konsekvens spesielt for blinde, svaksynte og personar med nedsett motorikk i armar og hender.

Innhald som bryt kravet i regelverket

I tabellar med popup er det tastaturfelle. Negativ konsekvens spesielt for blinde, svaksynte og personar med nedsett motorikk i armar og hender.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Feil i kode. Snarveg for å hoppe direkte til hovudinnhald ikkje tilgjengeleg ved tastaturnavigering. Negativ konsekvens spesielt for blinde, svaksynte og personar med nedsett motorikk i armar og hender.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er tabell med graf kor graf ikkje får fokus. Negativ konsekvens spesielt for blinde, svaksynte og personar med nedsatt motorikk i armar og hender.

Det er popups som ikkje får fokus. Negativ konsekvens spesielt for blinde, svaksynte og personar med nedsett motorikk i armar og hender.

Det er feil i fokusrekkefølgen på forsideelement der ein seksjon kan utvidast. Navigering og innhald i seksjonen er framleis tilgjengeleg ved bruk av tastatur og assisterande verktøy.

Det er feil i fokusrekkefølgen i "søk" - "søkeresultat". Navigering og innhald i seksjonen er framleis tilgjengeleg ved bruk av tastatur og assisterande verktøy.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Overskriftene på ei detaljside blir omgjort, og får ugyldig lenkekode (tittel) etter ei overskrift er valde frå bokmerkemenyen.   

Innhald som bryt kravet i regelverket

Overskriftene består av enkeltord og er ikkje nok beskrivande.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er feil i fokusmarkering enkelte stader i publiseringa (mellom anna  i popups).

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er område på sida som ikkje responderer optimalt på peikaravbrot (for eksempel "søk"). Negativ konsekvens for personar med nedsett syn, handfunksjon og/eller kognisjon.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er grafer på sida der det ikkje er samsvar mellom visuell og koda ledetekst

Prinsipp 3. Forståeleg

Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er inkonsekvent plassering/ manglande lenker som fører brukaren tilbake til forsida av nettstaden.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er inkonsekvent namngjeving for lenkene som fører brukaren tilbake til forsida av nettstaden.

Prinsipp 4. Robust

Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).

Innhald som bryt kravet i regelverket

Dersom tenesteområdet består av to nivå. Ekspandering på nivå 2 manglar lenketekst på ikon.

I menyen er det bruk av aria-label utan tilknytning til gyldig role-attributt.

"Grafikk og nøkkeltall" (driftsramme) - Interaktive kontroller er nøsta.

"Grafikk og nøkkeltall" (Investeringar) - Interaktive kontroller er nøsta.


Test og vurdering av nettstaden

Vi har testa og vurdert nettstaden internt, i kombinasjon med ekstern hjelp.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .