-
Heimeside - Nord-Fron kommune
-
NORD-FRON KOMMUNE, organisasjonsnummer 839 893 132
I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?
Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Det er brot på 6 av 48 krav.
Kva betyr brota for brukarane?
Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:
- Bruk utan syn
- Bruk med avgrensa syn
- Bruk utan fargesyn
- Bruk utan høyrsel
- Bruk med nedsett høyrsel
Meld gjerne frå om brot på krava
Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.
- Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
- Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
- Har du innspel til forbetringar av nettstaden?
Klage
Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.
Status for innhald som ikkje er universelt utforma
Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte
Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Innhald som bryt kravet
Vi tilstrebar alltid å ha rett bruk av alt-tekstar (tekstleg alternativ) på alle bilde på heimesida og i dokument, men då vi er fleire som jobbar med innhald kan dette feile.
Kjente feil i Acos CMS, leverandør jobbar med å utbetre feila:
- Lenkeikona manglar alternativ tekst, samt at filtype og filstorleik manglar.
- Lenketeksten bør innehalde informasjon om at lenka blir åpna i nytt vindauge
- Artikkeloversikt på framsida: Alternativ tekst og bildetekst har bytta plass.
Synshemma får ikkje tilgang til informasjon i enkelte bilde og illustrasjonar.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi har videomateriell på heimesida utan beskriving av innhaldet. For nye videoar ønskjer vi å legge tekst til. Vi har ikkje berre lyd ( som t.d. podcast).
- Innhald som er unnateke på grunn av uhøveleg stor byrde
Kommunen direktesender videoinnhald frå kommunestyremøta. Opptak av kommunestyremøta ligg ute på Kommune-TV utan teksting. Møta kan vare i fleire timar, og det vil difor vere ei urimeleg stor byrde å tekste desse. Vi har også nokre andre korte videoar publisert utan teksting. Vi vil sjå på ei løysing for å få teksting av nye, kortare videoar
- Tilgjengelege alternativ
Det fins tekstalternativ i form av saksdokument og protokollar.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Innhald som bryt kravet
PDF-dokument på heimesida
Nettsida inneheld ei rekke PDF-dokumenter som ikkje er universelt utformet.
- Overskrifter er ikkje koda med rett overskriftsnivå.
- Tabellar er ikkje rett koda.
Dette gjer at brukarar med skjermlesar ikkje kan forstå samanheng og innhald på ein god måte når dei les PDF-dokument på heimesida.
Vi ønskjer i løpet av dei neste åra å få retta opp i dette.
- Vi vil gjere ei vurdering om innhaldet i PDF-dokumentet istaden kan skrivast som tekst på heimesida.
- Vi kan sjå på evt. endring i malar, som gjer at dei blir universelt utforma.
- Unntaket vil vere PDF-dokument som er produsert før 2025.
Dette er en langvarig arbeid som tek tid.
Feil i koding
Kjente feil i Acos CMS, leverandøren jobbar med å rette feila:
- Overskrifter på framsida og transportsider er koda feil.
- Tabellar blir ikkje alltid koda korrekt på mindre skjermar. Denne feilen gjer at brukarar som brukar hjelpemidlar ikkje får opplest kolonneoverskriftene korrekt.
- Det vil leggast inn ei skjult overskrift på områdemeldingane som varslar skjermlesarbrukarar om at det er ei viktig melding på sida, områdemelding.
Innhald som er unntatt på grunn av uforholdsmessig stor byrde
PDF-dokument som er utarbeidt før 2025 vil ikkje alltid vere universelt utforma.
- Innhald som er unnateke på grunn av uhøveleg stor byrde
Gjennomgang av tidlegare produserte PDF-dokument (før 2025) som ikkje er universelt utforma vil ta svært lang tid.
- Innhald som er unnateke på grunn av uhøveleg stor byrde
Innhald som bryt kravet
På heimesida og nokre dokument har vi bilde med tekst. Vi har som mål å bruke minst mogeleg tekst på bilde. Dei gongene det ikkje er eit alternativ å unngå tekst i bildet, som til dømes ved enkelte grafar og illustrasjoner, prøver vi å gje eit tekstleg alternativ som nettsidetekst (HTML).
Døme:
Innbyggerdialog - enkelt å melde fra
- Tilgjengelege alternativ
Døme
Prinsipp 4. Robust
Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Innhald som bryt kravet
Kjente feil i Acos CMS, vår leverandør jobbar med å rette feila:
- Person - flere element med same ID ved kart i personfeltet.
- Person: Det framgår ikkje for skjermlesarbrukarar at det er ei nedtrekksliste som kan dukke opp når brukaren skriver inn namn i feltet. Problemet vil bli retta av ACOS i ein nyare versjon av CMS.
- Bildegalleri: Bildegalleri manglar aria-label.
Test og vurdering av nettstaden
Vi har testa og vurdert nettstaden internt, i kombinasjon med ekstern hjelp.
Om erklæringa
- Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
- Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .
Arbeid med universell utforming av ikt
For oss vil det - saman med leverandør av heimesideløysinga - vera eit kontinuerleg arbeid å sørge for at innhaldet på heimesida er tilpassa krava til universell utforming.