-
Åseral barne- og ungdomsskule
-
ÅSERAL KOMMUNE, organisasjonsnummer 964 966 842
I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?
Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Det er brot på 5 av 48 krav.
Kva betyr brota for brukarane?
Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:
- Bruk utan syn
- Bruk med avgrensa syn
- Bruk utan fargesyn
- Bruk utan høyrsel
- Bruk med nedsett høyrsel
Meld gjerne frå om brot på krava
Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.
- Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
- Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
- Har du innspel til forbetringar av nettstaden?
Klage
Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.
Status for innhald som ikkje er universelt utforma
Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte
Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi har bilete som ikkje har god nok beskrivande alternativ tekst til biletet. Det betyr at brukaren ikkje får med seg kva biletet inneheld.
Vi har video på nettstaden som ikkje er teksta eller har god nok tilhøyrande tekst. Det betyr at brukaren ikkje får med seg innehaldet i videoen.
Vi har dokument på nettstaden som kan ha bilete og illustrasjonar utan beskrivande alternativ tekst. Det betyr at brukaren ikkje får med seg alt innehaldet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi har video på nettstaden som ikkje er teksta eller har god nok tilhøyrande tekst. Vi har lydklipp på nettstaden som manglar tekstalternativ som beskriv innhaldet i lydklippet. Det betyr at brukaren ikkje får med seg innehaldet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi har video på nettstaden som manglar teksting. Det kan bety at brukaren ikkje får med seg innehaldet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Dette er ikkje på plass endå.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Sida inneheld bilete av tekst som ikkje har god nok alternativ tekst. Det betyr at brukaren ikkje får med seg denne teksten.
Test og vurdering av nettstaden
Vi fekk ekstern hjelp til test og vurdering av nettstaden.
Om erklæringa
- Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
- Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .