-
nfi.no
-
NORSK FILMINSTITUTT, organisasjonsnummer 892 211 442
I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?
Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Det er brot på 1 av 48 krav.
Kva betyr brota for brukarane?
Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:
- Bruk utan syn
Meld gjerne frå om brot på krava
Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.
- Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
- Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
- Har du innspel til forbetringar av nettstaden?
Klage
Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.
Status for innhald som ikkje er universelt utforma
Prinsipp 3. Forståeleg
Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nokre sider har innhald både på bokmål og nynorsk. Når meny eller fottekst blir vist i ei anna målform enn resten av sida, kan dette vere eit brot på kravet. Det kan føre til at brukarar med skjermlesar får teksten lesen opp feil og dermed får ei dårlegare brukaroppleving.
Utbetring er planlagt i første kvartal 2026.
Test og vurdering av nettstaden
Vi fekk ekstern hjelp til test og vurdering av nettstaden.
Om erklæringa
- Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
- Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .
Arbeid med universell utforming av ikt
Norsk filminstitutt jobbar for at innhaldet på vår nettstad skal vera tilgjengeleg for alle brukarane våre, uavhengig av funksjonsevne.
Vi jobbar kontinuerleg med å sjekka nettsidene, og å halda oppe og vidareutvikla ein universelt utforma nettstad. Kode/rammeverk blir sjekka i samarbeid med leverandør og ekstern samarbeidspartnar slik at nettstaden oppfyller dei lovpålagde krava i WCAG 2.0 og 2.1.
Vi har lagt opp til krav i anbodsprosessar for å sikra universell utforming ved innkjøp av tredjepartsløysingar, og vidareutvikling av eksisterande system.