Tilgjengelegheitserklæring for reinhaldsverket.no

  • reinhaldsverket.no
  • SØRE SUNNMØRE REINHALDSVERK IKS, organisasjonsnummer 987 570 970
Erklæringa er ikkje oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 19 av 47 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med avgrensa rekkevidde
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
SØRE SUNNMØRE REINHALDSVERK IKS kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på reinhaldsverket.no slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Enkelte bilde og ikon har ikkje alternativ tekst. Det fører mellom anna til at bilde og ikon som inneheld link til andre sider vert vanskeleg å nå ved bruk av skjermlesar.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Framside på nettsidene manglar bruk av H1-tag og gir difor ikkje logisk rekkefølge på innhald. Det er ikkje nytta korrekt rekkefølge på overskrifter der mellom anna H2 og H5 er nytta direkte etter kvarandre. Enkelte sider har ikkje nytta korrekt kode for paragraf som igjen vil kunne vere til hinder for skjermlesar.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Meny, knappar, lenker og skjema-input har ikkje høg nok kontrast mot bakgrunn.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Mulig å forstørre ved bruk av nettlesar sitt zoom-verktøy, men det er ikkje mulig å endre sjølve tekststørrelsen på nettsidene.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Enkelte ikon har ikkje høg nok kontrast, anten i normal visning eller når ein held musepeikar over (ved lenke).

Innhald som bryt kravet i regelverket

Linjeavstand og tegnavstand på mengdetekst er ikkje stor nok. Dersom brukar endrar dette manuelt vil delar av innhald forsvinne eller vere vanskeleg å lese.

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Hovudmeny blir ikkje markert ved bruk av tabulator. Enkelte element blir ikkje markert ved bruk av tabulator (til dømes Facebook-knapp i topp og piltastar i bildekarusell på framside).

Innhald som bryt kravet i regelverket

Bildekarusell på framside bør ha valg for stopp/pause.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er ikkje mogleg å hoppe over toppmeny.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Rekkefølge i topp er ikkje korrekt ved bruk av tastatur (Facebook vert merka først etter valg for tekststørrelse).

Innhald som bryt kravet i regelverket

Facebook-ikon i topp har ikkje alternativ/beskrivande tekst. "Les meir" bør unngås og erstattast med tittel på side (som vert linka til) eller beskrivande tekst. Linkar er ikkje tydeleg med farge og annan merking (understrek etc). Det er fleire tomme linkar som ikkje har beskrivande tekst.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Skjema manglar ledetekst. Skjemafelt bør vise eksempeltekst (t.d Ola Nordmann i felt for "Namn Etternamn"). Feilmeldingar i skjema er ikkje oversatt til norsk og har lav kontrast til bakgrunn.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Hovudmeny blir ikkje markert ved bruk av tabulator. Enkelte element blir ikkje markert ved bruk av tabulator (til dømes Facebook-knapp i topp og piltastar i bildekarusell på framside).

Innhald som bryt kravet i regelverket

Skjemaelement er merka på engelsk, til dømes "FirstName" for skjemafelt "Fornavn og "Search" for søkefelt. ID og synleg tekst bør samsvare.

Prinsipp 3. Forståeleg

Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Side for informasjon på ulike språk (Language) har ikkje merka engelsk tekst som engelsk i kildekode.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Valg for å forstørre tekst på sidene fører til at delar av innhald går utover skjermstorleik.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Valg for å forstørre tekst på sidene fører til at delar av innhald går utover skjermstorleik.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Linkar på sidene har ikkje konsekvent bruk av farge/merking.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Pålagde felt i skjema er ikkje merka. Epostadresse og andre spesielle tekstformat bør vere tydeleg merka og skildra for å unngå brukarfeil.


Test og vurdering av nettstaden

Vi fekk ekstern hjelp til test og vurdering av nettstaden.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .

Arbeid med universell utforming av ikt

Vi har planar om å erstatte dagens nettside med ei ny nettside inneverande år (2023). Då vil vi rette opp det som manglar i forhold til krava.

I bestillinga til nettsideleverandøren, vil WCAG-sjekklista vere standarden vi legg oss på.

Tilbakemeldingar frå brukarar vil også vere ei viktig rettesnor.