Tilgjengelegheitserklæring for Vigilo foreldreportal

  • Vigilo foreldreportal
  • ULSTEIN KOMMUNE, organisasjonsnummer 964 979 456
Erklæringa er oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 21 av 48 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med avgrensa rekkevidde
  • Avgrensing av anfall på grunn av lysfølsemd
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
ULSTEIN KOMMUNE kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på Vigilo foreldreportal slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Bildevedlegg i brukargenerert innhald har ikkje tekstalternativ. Dette kan føre til at brukarar med sterkt nedsett syn ikkje får tilgang til informasjon sendt via bildevedlegg.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Løysninga har innhald som ikkje er koda med korrekte verdiar eller attributtar. Dette kan føre til vanskar for brukarar med ulike funksjonshemmingar ved å ta i bruk skjermlesar og tilpasse innhaldet etter behovet til dei individuelle brukarane. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Hjelpetekstar i søknadsskjema for barnehageplass er visuelt plassert etter skjemafelt som skal fyllast ut. Dette kan skape utfordringar for brukarar som er avhengige av hjelpetekstar for å fylle ut skjemafeltet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Knappar i søknadsskjema for barnehageplass har ikkje god nok kontrast mot knappeteksten. Dette kan føre til utfordringar med navigasjon i skjemaet for brukarar med nedsett syn.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Skjema for ny hentemelding har flere elementer som forsvinner ut av grensesnittet ved forstørring av grensesnittet/bruk på liten skjerm. Dette kan forårsake utfordringer ved utfylling av skjemaet for samtlige brukere.

Tilgjengelege alternativ

Alle felt kan betjenes ved utfylling av skjema for hentemelding i app for mobil.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nedtrekkslister i søknadsskjema for barnehageplass har ikke tilstrekkelig kontrast mot bakgrunnen, og kan derfor være vanskelige å oppfatte av brukere med nedsatt syn.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Ved bruk av eigne innstillingar for tekst forsvinn delar av informasjonen fra meldingstrådane i oversiktsvisninga i innboks for meldingar og fråvær. Dette kan føre til utfordringer med lokalisering av spesifikke meldingstrådar for brukarar med eigne innstillingar for tekst.

Tilgjengelege alternativ

Den samme informasjonen er tilgjengelig etter åpning av meldingstråder.

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Der er fleire grensesnittkomponentar som ikkje kan aktiverast via bruk av tastatur. Deriblant "Søk i meldingar", "Sorter på dato" og knapp for å utvide sidemenyen i elevportalen.

Dette kan føre til utfordringar ved navigasjon og sortering i løysninga for brukarar som navigerar ved hjelp av tastatur.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Pågåande skjema kan bli nullstilt dersom økta blir fornya automatisk via silent_renew-script. Brukarar som brukar lenger tid på å fylle ut skjema, for eksempel personar med lese- eller skrivevanskar, kan oppleve å miste arbeid dei har lagt inn. Dette kan gjere løysninga vanskeleg å bruke.

Innhald som bryt kravet i regelverket

I søknadsskjema for barnehageplass følger ikkje fokusrekkefølga den visuelle rekkefølga på element. Dette kan føre til utfordringar med utfylling av skjemaet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Lenker i brukarmenyen har avvikande tekst til sidetittel på lenka sitt mål. Dette kan skape forvirring rundt lenka.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Innhald i portalane kan berre bli nådd via hovudnavigasjonen. Dette kan føre til utfordringar med navigasjon i løysninga.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Løysninga har fleire feil i overskriftshierarki og fleire utilstrekkelege leietekstar. Dette kan føre til utfordringar ved navigasjon og struktur for brukarar som nyttar assisterande teknologi.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Menyelementet i elevportalen manglar visuelt fokus ved responsiv visning. Dette kan føre til utfordringar med navigasjon for brukarar som nyttar tastatur og/eller skjermlesar.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Opning av meldingstrådar i innboks for både meldingar og fråvær kan ikkje avbrytast. Dette kan skape utfordringar med navigasjon for brukarar med nedsett motorikk og brukarar som nyttar berøringsskjerm.

Prinsipp 3. Forståeleg

Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Brukargenerert innhald blir ikkje programmatisk merka med korrekt språk. Dette kan skape utfordringar med at skjermlesar ikkje tolkar innhaldet korrekt, og kan derfor gjere teksten vanskeleg å forstå for brukarar med nedsett funksjonsevne.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Løysninga har innhald som ikkje er koda med korrekt leietekst. Dette kan føre til vanskar og mangel på forståing for brukarar som tek i bruk hjelpemiddel som skjermlesar etc. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det fins inga dedikert 404-side for feilmeldingar når ei side ikkje fins. Brukarar kan oppleve å møte på ei lite forklarande side med svært teknisk informasjon om kva som har skjedd, utan informasjon om korleis dei kan navigere vidare. Dette kan vere utfordrande for brukarar som nyttar skjermlesar eller som har kognitive utfordringar.

Prinsipp 4. Robust

Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).

Innhald som bryt kravet i regelverket

Feil nøsting av element på fleire menypunkt. Feil i nøstinga gjer det vanskeleg for skjermlesarar og tastaturnavigasjon å tolke strukturen korrekt, noko som kan føre til at brukarar ikkje får oversikt over tilgjengelege val.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Løysninga har innhald som ikkje er koda med korrekte verdiar eller attributtar. Dette kan føre til vanskar for brukarar med ulike funksjonshemmingar ved å ta i bruk skjermlesar og tilpasse innhaldet etter behovet til kvar enkelt brukar.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Brukarar får ikkje tilstrekkelege statusmeldingar ved endringar i innhaldet på sida (medrekna sorteringar, filtrering og søk i element). Dette kan gi utfordringar for brukarar som nyttar assisterande teknologi.


Test og vurdering av nettstaden

Vi fekk ekstern hjelp til test og vurdering av nettstaden.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .