-
sognbrann.no
-
SOGN BRANN OG REDNING IKS, organisasjonsnummer 996 629 880
I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?
Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Det er brot på 6 av 47 krav.
Kva betyr brota for brukarane?
Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:
- Bruk utan syn
- Bruk med avgrensa syn
- Bruk utan fargesyn
- Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
- Bruk med avgrensa rekkevidde
- Bruk med nedsett kognisjon
Meld gjerne frå om brot på krava
Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.
- Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
- Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
- Har du innspel til forbetringar av nettstaden?
Klage
Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.
Status for innhald som ikkje er universelt utforma
Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte
Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
I nokre tilfelle er det ikkje tilstrekkeleg kontrast mellom bakgrunn og tekst på nettstaden. Det kan gjera det vanskeleg for personar med nedsett syn eller redusert fargesyn å lesa teksten. Leverandøren av nettstaden jobbar med å retta feilen og tek sikte på at dette skal vera gjort i løpet av første kvartal 2023.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi har nokre bilete der det er lagt inn litt tekst, men innhaldet kjem fram i tekst i same artikkel/alternativ tekst.
- Tilgjengelege alternativ
Tekst som bilde skal og være tilgjengelig som vanlig tekst
Prinsipp 2. Mogleg å betene
Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det kan vera lenketekstar som ikkje er formulerte slik at brukaren får informasjon om føremålet med lenka. Me jobbar med å forbetra dette.
- Innhald som ikkje er omfatta av regelverket
Synleg ledetekst og tilgjengeleg namna stemmer ikkje overeins for den innebygde kartløysinga som er unnteke kravet.
Prinsipp 4. Robust
Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).
- Innhald som bryt kravet i regelverket
I nokre tilfelle vil flere element på sida har same id-verdi. Desse skal vera unike. Leverandøren jobbar med å retta feila og tek sikte på at det skal vera retta i løpet av første kvartal 2023.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Ein knapp på nettsida manglar tekstalternativ. Når tekstalternativ ikkje er gitt, kan knappar vera ubrukelege for dei som brukar hjelpeteknologi. Leverandøren av nettsida tek sikte på å retta feilen i løpet av første kvartal 2023.
Test og vurdering av nettstaden
Vi fekk ekstern hjelp til test og vurdering av nettstaden.
Om erklæringa
- Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .