Tilgjengelegheitserklæring for orsta.kommune.no

  • orsta.kommune.no
  • ØRSTA KOMMUNE, organisasjonsnummer 939 461 450
Erklæringa er oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 3 av 47 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett høyrsel

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
ØRSTA KOMMUNE kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på orsta.kommune.no slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Vi har starta med å legge inn tekstalternativ, men på eldre bilete har vi førebels ikkje kapasitet til å gå tilbake å endre.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Vi har ikkje berre lyd med har nokre dronefilmer med berre video for å vise geografiskområder/byggningar, desse er utan beskrivelse. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Vi har ikkje kapasitet til å tekste alle kommunestyremøta våre som vi legg ut på YouTube. Automatisk teksting vil vere problematisk grunna dialekt. Alternativet er at vi går tilbake og slettar alt vi har av videoar. Ikkje særleg demokratisk.
Nye, kortare videoar vil vere teksta.


Test og vurdering av nettstaden

Vi har testa og vurdert nettstaden internt, i kombinasjon med ekstern hjelp.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .