Tilgjengelegheitserklæring for helse-bergen.no

  • helse-bergen.no
  • HELSE BERGEN HF, organisasjonsnummer 983 974 724
Erklæringa er ikkje oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 8 av 47 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett høyrsel

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
HELSE BERGEN HF kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på helse-bergen.no slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Vi har enkeltvise bilde utan alt tekst på nettsider i løysinga. Dette medfører at brukarar ikkje får lest opp bildeinnhald.

Vi har mange innholdsprodusentar og webredaktørar som jobbar i nettløysinga, og vi glepp dessverre på dette iblant. Vi jobbar kontinuerleg med å auke kompetanse på universell utforming og utfylling av alt tekst på bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Mange av videoane på nettstaden vår er teksta. Likevel har vi eldre videoar liggande på nettsidene våre som ikkje er teksta. Desse har heller ikkje eit anna tekstalternativ. Vi lenkar også ut til eigne podkast-episodar på andre plattformar, og desse episodane har ikkje tekstalternativ. Dette medfører at brukarar som ikkje kan høyre lyd, ikkje får med seg dette innhaldet. 

Vi har gjort ei kartlegging av video- / lydinnhald på nettstaden, og ser i dag etter verktøy for transkribering av video / lyd. Vi har óg starta arbeidet med å transkribere eldre innhald og har fått på plass rutinar for å transkribere nytt video- / lydinnhald.

I tillegg til å utføre sjølve tekstinga og transkriberinga, vil dette inngå som ein del av opplæringa og informasjon til innholdsprodusentar / webredaktørar i løysinga. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Mange av videoane på nettstaden vår er teksta. Likevel har vi eldre videoar liggande på nettsidene våre som ikkje er teksta. Desse har heller ikkje eit anna tekstalternativ. Dette medfører at brukarar som ikkje kan høyre lyd, ikkje får med seg dette innhaldet. 

Vi har gjort ei kartlegging av videoinnhald på nettstaden, og ser i dag etter verktøy for transkribering av video. Vi har også starta arbeidet med å tekste eldre videoinnhald og har fått på plass rutinar for å tekste nytt videoinnhald. Vi prioriterer teksting av videoinnhald produsert etter 1. februar 2022.

I tillegg til sjølve tekstinga, vil dette inngå som ein del av opplæringa og informasjon til innholdsprodusentar / webredaktørar i nettløysinga. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Innhald på nettstaden vår er koda som det skal, og vi har avgrensa moglegheiter til å legge inn / fjerne koder. Noko innhald krev likevel manuelt arbeid av webredaktør, som for eksempel å legge inn titlar i tabellar. 

Enkelte tabellar på nettstaden vår kan mangle titlar. Dette medfører at ikkje alle brukarar vil forstå kva innhaldet dreier seg om.

Vi har mange innholdsprodusentar og webredaktørar som jobbar i nettløysinga, og vi glepp dessverre på dette iblant. Vi jobbar kontinuerleg med å auke kompetanse på universell utforming.

I løpet av 2023 skal vi byte publiseringsplattform (CMS) til Optimizely Content Cloud. I denne løysinga vil det til dømes ikkje vere mogleg å publisere utan å ha fylt ut tittelen til ein tabell, eller utan at innhaldet på nettsida tilfredstillar krav til universell utforming.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Vi har enkeltvise bilde av tekst på nettsider i løysinga. Dette medfører at denne informasjonen ikkje er tilgjengeleg for nokon brukarar.

For å løyse dette problemet går vi gjennom alle sidene våre for å få ei oversikt. Der vi ikkje er sikre på innhaldet sjølv, har vi tatt kontakt med sideansvarlege for at dei skal rette dette opp. Å rette opp vil i denne samanhengen bety å byte desse bilda ut med tekst eller fjerne bilda fullstendig. Redaksjonen fjernar eller byter sjølv ut bilde med tekst fortløpande. Målet er ingen bilde med tekstleg informasjon.

Prinsipp 3. Forståeleg

Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nettstaden vår har nynorsk som hovudspråk og dette ligg default i koden. Vi har likevel ein del innhald som av ulike grunnar er på bokmål / engelsk. Brukarar vil då få andre språk presentert som nynorsk.

Vi jobbar fortløpande med å kartlegge og endre språkkode på sider dette gjeld. 

I tillegg vil dette inngå som ein del av opplæring og informasjon til våre webredaktørar.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nettstaden vår har nynorsk som hovudspråk og dette ligg default i koden. Vi har likevel ein del innhald som av ulike grunnar har ein blanding av ulike språk (nynorsk, bokmål, engelsk). Brukarar vil då få andre språk presentert som nynorsk.

Vi jobbar fortløpande med å kartlegge og endre språkkode på sider dette gjeld. Enkelte stader er det av ulike grunnar likevel nødvendig å ha eit anna språk enn norsk, og der jobbar vi så langt det er mogleg med å manuelt legge inn aktuell språkkode. Eksempelvis 1033 i eigenskapar eller "<span lang=”en”>This is in english</span>" i løpande tekst.

I tillegg vil dette inngå som ein del av opplæring og informasjon til våre webredaktørar.

Prinsipp 4. Robust

Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).

Innhald som bryt kravet i regelverket

Alle sider skal vere utan store kodefeil. Her får vi likevel ein Sharepoint-feil som vi ikkje får fiksa før vi byter til Optimizely Content Cloud i 2023.

Feil med *Duplicate ID empty string. Bad value “button” for attribute role on element h3. *Enkelte duplikate id-er, og id-tag som er blanke. *h2 child of span, duplicate empty ID. 


Test og vurdering av nettstaden

Vi har sjølv testa og vurdert nettstaden.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .

Arbeid med universell utforming av ikt

Ved Haukeland universitetssjukehus, Helse Bergen HF jobbar Kommunikasjonsavdelinga målretta med å gjere nettsidene våre og digitalt innhald tilgjengeleg for alle.

Vi har universell utforming som ein viktig del av opplæringa og informasjon til våre webredaktørar og innholdsprodusentar, og vi har ei eiga ressursside på intranett med rettleiing og opplæringsvideoar.

Universell utforming av IKT er tema for tverrfagleg samarbeid i regionen på ulike nivå, og vi samarbeider med nettansvarlege i dei andre føretaka.

Sidan vi er ein del av ei nasjonal publiseringsløysing, har vi ikkje moglegheit til å sjølv rette opp i tekniske feil på nettstaden. Vi gir likevel tilbakemeldingar der vi kan og får oppdateringar om uu-arbeidet med jamne mellomrom.

I 2023 byter vi publiseringsplattform (CMS) og flyttar frå SharePoint til Optimizely Content Cloud, noko som vil gi betre vilkår for å jobbe med universell utforming. Dette meiner vi vil ha ein svært positiv effekt på innhaldet for alle brukarar.