- Namn på nettstaden:
- KS kunnskap
- Denne erklæringa gjeld nettstaden:
- https://kskunnskap.no/
- Ansvarleg for nettstaden:
- LYNGDAL KOMMUNE, organisasjonsnummer 922 421 498
I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?
Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Det er brot på 5 av 48 krav.
Kva betyr brota for brukarane?
Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:
- Bruk utan syn
- Bruk med avgrensa syn
- Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
- Bruk med nedsett kognisjon
Meld gjerne frå om brot på krava
Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.
- Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
- Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
- Har du innspel til forbetringar av nettstaden?
Klage
Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.
Status for innhald som ikkje er universelt utforma
Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte
Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nettløysinga inneheld skjemafelt som ikkje er programmatisk merka med føremål (til dømes namn, e-post og adresse). Dette gjer at hjelpeteknologi ikkje alltid kan identifisere innhaldet automatisk.
Årsak:
Skjemaelementa manglar standardisert koding (ARIA-labels eller autocomplete-attributt). Dette er avhengig av teknisk løysing frå systemleverandør og har ikkje vore mogleg å justere i kommunen sin konfigurasjon.Konsekvens for brukaren:
Brukarar med hjelpemiddel (som skjermlesar eller autofyll-funksjonar) får redusert oversikt og må bruke meir tid på å fylle ut skjema. Det kan føre til feil utfylling eller at enkelte brukarar ikkje får sendt inn skjemaet utan hjelp.- Tilgjengelege alternativ
Ansatte som ikkje får brukt dei digitale skjemaene kan ta kontakt med IKT-tenesta eller næraste leiar for å få hjelp. Skjema kan om nødvendig fyllast ut i annan kanal, som e-post eller papirversjon, eller sendast inn via merkantil støtte.
Prinsipp 2. Mogleg å betene
Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
I enkelte interne system og skjema manglar overskrifter eller etikettar som tydeleg beskriver innhaldet eller formålet med feltet. Nokre knappar og lenker har utydelege namn
Prinsipp 3. Forståeleg
Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
I enkelte system endrar innhaldet seg automatisk når ein brukar får fokus på eit felt eller element (t.d. når ein vel eit felt i søk eller meny). Dette kan forstyrre brukaropplevinga og føre til at brukarar med hjelpemiddel mister oversikt over kva som har skjedd.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
I enkelte skjema blir det ikkje gitt tydelege eller konkrete forslag til korleis feil kan rettast. Feilmeldingar kan vere generelle («ugyldig verdi») utan informasjon om kva som må endrast. Dette gjer det vanskelegare for brukarar med kognitive utfordringar eller hjelpemiddel å forstå korleis dei skal gå vidare.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
I enkelte system får ikkje brukaren alltid høve til å kontrollere, endre eller bekrefte informasjon før innsending. Nokre prosessar manglar tydeleg stadfesting før data blir sendt inn eller sletta. Dette kan føre til at brukarar, særleg dei med konsentrasjonsvanskar eller som nyttar hjelpemiddel, gjer feil som ikkje enkelt kan rettast opp.
Test og vurdering av nettstaden
Om erklæringa
- Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .
Arbeid med universell utforming av ikt
Lyngdal kommune arbeider systematisk for å sikre universell utforming av digitale løysingar, både for innbyggjarar og tilsette. Vi følgjer prinsippa i WCAG 2.1 og samarbeider med systemleverandørar for å sikre at nye løysingar blir utvikla med tilgjenge som krav.
Samtidig opplever vi at regelverket i praksis kan vere krevjande å etterleve fullt ut. . Mykje av infrastrukturen og funksjonaliteten ligg hos nasjonale leverandørar der kommunen ikkje har direkte påverknad.
Vi arbeider likevel kontinuerleg for å betre kvaliteten på dei løysingane vi sjølv kan påverke.