Tilgjengelegheitserklæring for lottstift.no

  • lottstift.no
  • LOTTERI- OG STIFTELSESTILSYNET, organisasjonsnummer 982 391 490
Erklæringa er oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 2 av 48 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
LOTTERI- OG STIFTELSESTILSYNET kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på lottstift.no slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Vi har problem med  tredjepartsløysinga CAPTCHA som bryt ut av designet ved bruk av mobil. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Tredjepartsløysinga CAPTCHA-sjekkboks tilfredstiller ikkje kravet til kontrast. 


Test og vurdering av nettstaden

Vi har testa og vurdert nettstaden internt, i kombinasjon med ekstern hjelp.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .

Arbeid med universell utforming av ikt

Lotteri- og stiftelsestilsynet har eit viktig samfunnsoppdrag som inkluderer mange ulike brukargrupper. Det er difor viktig for oss at personer med funksjonsnedsettingar ikkje blir ekskludert frå nettsida vår.

Vi har i fleire år testa nettsida med bruk av automatiserte verktøy. I samband med nye krav frå 2023 fekk vi Funka til å gjere ei grundig gransking av nettsida med hjelp av brukarar med funksjonsnedsetting. Funka sitt inntrykk er at nettsida var nokså tilgjengeleg, men dei fann fleire feil i henhold til WCAG sine retningslinjer. Totalt viste Funka si gransking feil på 19 av 47 krav.

Funka peika i hovudsak overskrifter, tastaturnavigasjon og utforming av skjemaer, som var områda med størst forbetringspotensiale.

Vi har prioritert å rette opp i feila og har jobba systematisk med dette våren 2023 og våren 2025. Med hjelp frå Dekode står vi no med brot på 2 av 47 krav. Målet vårt framover er å:

- sjå til at nettsida oppnår minst nivå AA i WCAG 2.0.
- tilpasse innhald og funksjonalitet slik at nettsida oppfyller nye krav i WCAG 2.1.
- sjekke nettsida jamleg for brot på WCAG-kravene, og rette opp feila

Denne tilgjengelegheitserklæringa gjeld nettsida vår i WordPress (CMS). Vi har ikkje inkludert Pengespelregisteret og Stiftelsesregisteret, då dette er eigne sjølvstendige IKT-løysingar bygd på ein heilt anna teknologi. Desse har eigne tilgjengeligheitserklæringar. Det samme gjeld for appen "Shiny-app" som viser tildelingar til frivillige organisasjonar for blant anna straumstøtteordninga.

Vi har i produksjon av pdf-ar sendt alle desse til UU-utforming hos ekstern leverandør (Aksell). I 2025 skal vi kurse organisasjonen i å utforme slike pdf-ar sjølv.