-
stadnamnportalen.uib.no
-
UNIVERSITETET I BERGEN, organisasjonsnummer 874 789 542
I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?
Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Det er brot på 8 av 48 krav.
Kva betyr brota for brukarane?
Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:
- Bruk utan syn
- Bruk med avgrensa syn
- Bruk utan fargesyn
- Bruk utan høyrsel
- Bruk med nedsett høyrsel
- Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
- Bruk med avgrensa rekkevidde
- Avgrensing av anfall på grunn av lysfølsemd
- Bruk med nedsett kognisjon
Meld gjerne frå om brot på krava
Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.
- Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
- Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
- Har du innspel til forbetringar av nettstaden?
Klage
Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.
Status for innhald som ikkje er universelt utforma
Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte
Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.
- Innhald som ikkje er omfatta av regelverket
Vi bruker kart for å vise kvar namnet er brukt. I tillegg er det kjelder som består av skanna arkivsetlar, der berre det viktigaste av innhaldet er tilgjengeleg som tekst.
- Tilgjengelege alternativ
Det meste av data om stadnamna er tilgjengeleg som tekst.
- Innhald som ikkje er omfatta av regelverket
Eldre arkivmateriale er skanna og tilgjengeleg via stadnamnportalen, men ikkje heile innhaldet er tilgjengeleg i tekstform.
- Innhald som er unnateke på grunn av uhøveleg stor byrde
Ein god del av det skanna arkivmaterialet har dårleg kontrast.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Ved bruk av større avstand kjem nokre av informasjonstekstane utanfor rammene. Det gjer teksten vanskeleg å lese. Dette er ei sak som vil bli retta.
Prinsipp 3. Forståeleg
Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Informasjonsboksane på forsida liknar veldig på informasjonsboksane på oversikta over datasett, men funksjonaliteten er ulik.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi bør gi tips når søket ikkje gir treff.
Prinsipp 4. Robust
Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det er parsingfeil, men desse fører ikkje til andre feil enn dei som er beskrivne under dei andre punkta.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det bør komme statusbeskjed der søk tar lang tid.
Test og vurdering av nettstaden
Vi har sjølv testa og vurdert nettstaden.
Om erklæringa
- Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
- Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .
Arbeid med universell utforming av ikt
Universitetsbiblioteket ved Universitetet i Bergen arbeider systematisk med å klarlegge status for universell utforming av IKT, og rettar feil og manglar innanfor dei rammene vi har.