Tilgjengelegheitserklæring for hardangerfjord.com

  • hardangerfjord.com
  • ULLENSVANG KOMMUNE, organisasjonsnummer 920 500 633
Erklæringa er oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 6 av 48 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett høyrsel

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
ULLENSVANG KOMMUNE kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på hardangerfjord.com slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Lenker knytt til ikon har ikkje eit tydeleg namn. Dette kan skapa utfordringar for dei som nytter hjelpemiddel, som skjermlesar.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nettsida nytter ulike videoar på sidene sine. Desse har ikkje noko alternativ til presentasjon av informasjon.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Førehandsinnspilt videoinnhald vert ikkje gitt synstolking. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

På nokre sider er krav til kontrast ikkje oppfylt:

  • Menyval/lenkjer nedst på sida
  • Sider der det vert nytta lyse bilete, noko som resulterer i at hovudmeny ikkje er synleg øvst på sida.
  • Sida Opplevingar: Filtreringsval

 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Innhald kan ikkje endrast til 400% utan tap av informasjon eller funksjonalitet.,

 

Prinsipp 4. Robust

Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).

Innhald som bryt kravet i regelverket

Ikon element har ikkje tydelege namn i kodinga.


Test og vurdering av nettstaden

Vi har sjølv testa og vurdert nettstaden.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .