Tilgjengelegheitserklæring for Skolestudio

  • Skolestudio
  • HJELMELAND KOMMUNE, organisasjonsnummer 864 979 092
Erklæringa er ikkje oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 7 av 48 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med avgrensa rekkevidde

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
HJELMELAND KOMMUNE kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på Skolestudio slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

I løysinga Smart Bok, som òg blir nytta i Skolebiblioteket i Skolestudio, manglar det alternativ tekst på bilete. Tekniske tilpassingar frå tredjepartsleverandøren av løysinga fører til at funksjonaliteten overskriv alternative tekstar som ligg i grunnlaget som blir publisert. Konsekvensen av denne overskrivinga er at skjermlesarbrukarar i visse tilfelle ikkje får lese opp teksten som forklarer bileta.

Innhald som ikkje er omfatta av regelverket

Kravet om synstolking gjeld førebels ikkje for grunnskulen.

Innhald som ikkje er omfatta av regelverket

Dette gjeld innhald som krever todimensjonal layout for å forstå og bruka, inkludert avanserte matematikkverktøy, skriveverktøy, digitale arbeidsrom, interaktive bilete, diagram, tabellar, video, spel og kart.

Tilgjengelege alternativ

Mange bøker finst med opplest lyd i tillegg, og kan brukast som eit alternativ for dei med synsvanskar.

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

I Smart Bok er det tilleggsfunksjonalitet for notat og tekstmarkering som ikkje er tilpassa betjening med tastatur. Manglande tastaturnavigering skapar problem for elevar som ikkje bruker/kan bruka mus. Den tekniske løysinga er levert av ein tredjepartsleverandør, og leverandøren jobbar tett med dei for å kunne løysa problemet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

I Smart Vurdering er det lagt inn ei tidsavgrensing for kvar oppgavetype. Dette inneber at elevar med god kompetanse – det vil seia god talforståing og teljeferdigheiter, mykje faktakunnskap og effektive strategiar – får fleire stadig vanskelegare oppgåver. Elevane som på grunn av lite faktakunnskap og tungvinte strategiar bruker lang tid på dei første deloppgåvene, får ikkje dei vanskelegare deloppgåvene. På denne måten vil Multi Smart Vurdering gje flest poeng til dei elevane som har mest kompetanse, noko som er føremålet med prøva. Tidsavgrensing er derimot ikkje noko elevane vil legga merke til. Dei løyser dei oppgåvene dei får, og får ikkje innsikt i eventuelle oppgåver som dei ikkje får. Tidsstyringa er òg gunstig, fordi den sikrar at elevar som brukar lang tid per oppgåve ikkje blir sitjande svært lenge med oppgåvesettet. Dersom elevar held på for lenge med ei prøve, kan dei bli slitne og ukonsentrerte, noko som aukar sjansen for at dei gjer feil på oppgåver som dei eigentleg har kompetanse til å klare. Med tidsstyring får alle elevane dei enklaste oppgåvene av kvar oppgåvetype innanfor omtrent same tidsperiode (ca. 30-40 minutt).

Prinsipp 3. Forståeleg

Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.

Innhald som bryt kravet i regelverket

I Smart Bok er det i enkelte tekstar nytta ulike språk, til dømes enkeltsetningar eller korte dikt på engelsk i ein norsk tekst. Det er tilfelle der språkkodinga er feil. Dette skaper problem for elevar som brukar skjermlesarar, då blir innhaldet lese med feil uttale. Tekstane blir koda på ny, og er førebels under testing.

Prinsipp 4. Robust

Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).

Innhald som bryt kravet i regelverket

I Skolestudio kan brukarar skriva inn svar på oppgåver gjennom det som blir omtala som "skjemafelt". Det kan vera nyttig og effektivt å hoppa frå felt til felt i eit skjema på ei nettside, men i denne samanhengen er desse "skjemafelta" eigentleg ein del av strukturerte læringsforløp. Læringsforløp kan ha andre behov enn tradisjonelle skjema, til dømes at elevane ikkje skal hoppa frå oppgåve til oppgåve utan å første lesa fagstoffet som oppgåva baserer seg på.

Gyldendal opplyser at dette har blitt testa med elevar som bruker skjermlesar, og som meiner at løysinga i Skolestudio fungerer godt for desse elevane i ein pedagogisk samanheng.


Test og vurdering av nettstaden

Vi fekk ekstern hjelp til test og vurdering av nettstaden.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .