Tilgjengelegheitserklæring for Fjaler.kommune.no

  • Fjaler.kommune.no
  • FJALER KOMMUNE, organisasjonsnummer 864 968 422
Erklæringa er oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 3 av 48 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett høyrsel

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
FJALER KOMMUNE kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på Fjaler.kommune.no slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som er unnateke på grunn av uhøveleg stor byrde

Vi har ikkje teksting på opptak av kommunestyremøte på fjaler.kommunetv.no

Vi jobber med å få på plass ei løysing der alle brukarar av nettstaden kan få med seg innhald i politiske møte.

Vi vurderar eksempelvis tiltak som: 

  • Legge teksting på opptak av saker som er av stor interesse for innbyggarane
  • Legge inn lenkje til møteprotokollen i innsynsmodulen for møte som vert behandla i videoopptaket.

 

Tilgjengelege alternativ

Per i dag har vi integrasjon frå sak- og arkivsystem som er er kopla til videoopptak. Denne viser kva saker og saksdokument som vart handsama på videoopptaket.

Innhald som bryt kravet i regelverket

I nokre artiklar lenkjer vi til pdf dokument som i nokre tilfelle ikkje støtter krava for universell utforming.

Framover har vi fokus på å rette opp i dette og sørge for at vi produserer universelt utforma dokument til nettstaden vår.

Tilgjengelege alternativ

Nei, ikkje på alt innhald

Innhald som bryt kravet i regelverket

Gjeld skjema. Brukaren må fylle ut alle felt manuelt. Vi har verktøyet, så vi er i gang med å rette dette.


Test og vurdering av nettstaden

Vi har testa og vurdert nettstaden internt, i kombinasjon med ekstern hjelp.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .