-
framsikt.net - Økonomirapport 1. kvartal 2024
-
ULLENSVANG KOMMUNE, organisasjonsnummer 920 500 633
I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?
Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Det er brot på 17 av 48 krav.
Kva betyr brota for brukarane?
Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:
- Bruk utan syn
- Bruk med avgrensa syn
- Bruk utan fargesyn
- Bruk utan høyrsel
- Bruk med nedsett høyrsel
- Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
- Bruk med avgrensa rekkevidde
- Avgrensing av anfall på grunn av lysfølsemd
- Bruk med nedsett kognisjon
Meld gjerne frå om brot på krava
Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.
- Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
- Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
- Har du innspel til forbetringar av nettstaden?
Klage
Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.
Status for innhald som ikkje er universelt utforma
Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte
Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Alle grafar manglar funksjonalitet for alternativ tekst, dei fleste grafar manglar også tekst alternativ.
Ikonet foran lenkje til Tilgjengelegheitserklæring manglar alternativ tekst.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det finst tabellar som anten manglar innhald i overskriftceller og/eller har ein minimal kodefeil. Dei aller fleste tabellane kan brukast med tastatur og assisterande verktøy. Det finst unntak der tredjepartsleverandør ikkje har gjort dette mogleg.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Grafikk og nøkkeltal - drift/ investering - graf oppdaterer seg ikkje til skjermbreidd ved rotasjon av mobil utan å oppdatera sidan.
"Søkjeresultat" - "Søk" og "tilbake til framside" ikkje koda responsivt. Negativ konsekvens for brukarar av mobil/ nettbrett.
Footer er ikkje koda responsivt.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Lenkjetekst til tilgjengelegheitserklæring står ikkje til kontrastkravet på 4:5:1
Det er grafer som ikkje står til kontrastkravet på 3:1. Dette vil ha ein negativ konsekvens for personar med nedsett syn.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det finst grafar (levert av tredjepartsleverandør) som ikkje står til kontrastkravet på 3:1.
Søkefeltet står ikke til kontrastkravet på 3:1.
Negativ konsekvens for personar med nedsett syn.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Justering av tekstavstand fungerer ikkje optimalt på nettsida. Negativ konsekvens for personar med nedsett syn og dysleksi.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
"Detaljar drift" - Peikarsensibilitet/ moglegheit for avvising av ekstra innhald ikkje optimal (graf blir levert av tredjepartsleverandør). Negativ konsekvens for personar med nedsett syn som bruker skjermforstørrer og personar med nedsett kognisjon/ nedsett handfunksjon.
Prinsipp 2. Mogleg å betene
Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
I enkelte nettlesarar finst det innhaldet i tabellar som ikkje kan nåast ved bruk av tastatur. Negativ konsekvens spesielt for blinde, svaksynte og personar med nedsett motorikk i armar og hender.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
I tabellar med popup finst det tastaturfelle. Negativ konsekvens spesielt for blinde, svaksynte og personar med nedsett motorikk i armar og hender.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det er feil i fokusrekkefølgen på forsideelementer der ein seksjon kan utvidast. Navigering og innhald i seksjonen er fremleis tilgjengeleg ved bruk av tastatur og assisterande verkty.
Det er feil i fokusrekkjefølgja i "søk" - "søkjeresultat". Navigering og innhald i seksjonen er framleis tilgjengeleg ved bruk av tastatur og assisterande verktøy
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det finst feil i fokusmarkering enkelte stader i publiseringa (mellom anna i popups)
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det finst område på sida som ikkje responderer optimalt på peikaravbryting (til dømes "søk"). Negativ konsekvens for personar med nedsett syn, handfunksjon og/eller kognisjon.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det finst område på sida kvar det ikkje er samsvar mellom leietekst og kode.
Prinsipp 3. Forståeleg
Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det finst inkonsekvent namngiving for lenkjene som fører brukaren tilbake til framsida av nettstaden.
Prinsipp 4. Robust
Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det finst fleire element på nettstaden som manglar unik bruk av id. Negativ konsekvens for personar som bruker assisterande verktøy.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
I menyen finst det bruket av aria-label utan tilknyting til gyldig role-attributt.
"Grafikk og nøkkeltall - Investering" - Interaktive kontroller er nøsta.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Søkjeresultat blir ikkje annonserte ved bruk av assisterande verktøy.
Test og vurdering av nettstaden
Vi har testa og vurdert nettstaden internt, i kombinasjon med ekstern hjelp.
Om erklæringa
- Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
- Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .