Tilgjengelegheitserklæring for kiosken.hvl.no

  • kiosken.hvl.no
  • HØGSKULEN PÅ VESTLANDET, organisasjonsnummer 917 641 404
Erklæringa er oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 9 av 48 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med avgrensa rekkevidde
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
HØGSKULEN PÅ VESTLANDET kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på kiosken.hvl.no slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nokon sider manglar ein H1 overskrift og nokon statusmeldingar ser ut som dei har ein overskrift men manglar koden. Dette kan gjere at blinde eller døvblinde har vanskelegare for å navigere via hjelpemiddelteknologi. Mangelen er meldt til leverandør og vi jobbar med eigne rutinar for innhald.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Autocomplete fungerar ikkje på navn og e-post i hjelpeskjema. Slik kan opplevinga bli forringa for brukarar med svekka syn. Feilen er meldt inn til leverandør.

Innhald som bryt kravet i regelverket

En del knapper og statusbeskjeder i grensesnittet har ikkje god nok kontrast, spesielt i mørk modus. Dette gjer grensesnittet vanskelegare å oppfatte. Feilen er meldt inn til leverandør.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Vi har to programmer Autocad og Mathcad som nyttar bilete med tekst på som forklaring til korleis installere dei. Slik kan opplevinga bli forringa for brukarar med svekka syn. Vi jobbar med å rette opp feilen.

Tilgjengelege alternativ

Alternativ tekst på bileta

Innhald som bryt kravet i regelverket

Innhald i grensesnittet stablar seg ikkje riktig når skjermen blir smal.  Slik kan opplevinga kan bli forringa for brukarar med svekka syn. Vi har meldt inn feilen til leverandør. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Nokon ikonar når ikkje opp til 3:1 kontrastforhold. Slik kan opplevinga kan bli forringa for brukarar med svekka syn. Vi har meldt inn feilen til leverandør. 

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Samtlege sider har ein "hopp til hovudinnhald" funksjon, men den hoppar ikkje tilstrekkeleg. Vi har meldt inn feilen til leverandør. - Feil er ikkje retta endå. (17.12.24)

Innhald som bryt kravet i regelverket

Mangler koda ledetekst enkelte elementer. Vi har meldt inn feilene vi har funnet til leverandør.  

Tilgjengelege alternativ

Er ledetekster, men som ikke er koda.

Prinsipp 3. Forståeleg

Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Mangler moglegheit til å leggje inn både norsk og engelsk tekstleg innhald med riktig merka språk i koden. Feilen er meldt inn til leverandør, og vi jobbar med betre rutinar rundt innhald.


Test og vurdering av nettstaden

Vi har sjølv testa og vurdert nettstaden.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .

Arbeid med universell utforming av ikt

Arbeidet med universell utforming av IKT er forankra i Handlingsplan for inkluderande læringsmiljø ved HVL. Det er ei målsetting at læringsmiljøet skal famne om mangfaldet i studentmassen, uavhengig av kjønn, etnisk bakgrunn, religion eller funksjonsevne. HVL har også ein visjon om å være eit nasjonalt førebilete på korleis ein institusjon kan gjere universell utforming av IKT så enkelt at det er vanskeleg å unngå.

Eit av satsingsområda for å styrke HVL sitt arbeid med universell utforming av IKT er etablering av team for universell utforming av IKT (i 2022). Teamet har som hovudoppgåver å bygge kompetanse om universell utforming blant tilsette (og studentar), arbeide for brukarvenlege og tilgjengelege løysingar og bidra til å sikre at HVL oppfyller lovkrava.

Av tiltak som er sett i verk for å oppnå HVL sine målsetningar knytt til universell utforming av IKT er mellom anna: opplæring til tilsette, utvikling av nettressursar, innføring av Ally i Canvas våren 2023, rådgiving ved anskaffing av ny programvare, oppstart av fagdidaktisk modul om universell utforming av IKT i undervisning, i tillegg til koordinering av og opplæring i tilgjengelegheitserklæringar for HVL sine nettløysingar.

HVL vil framover arbeide med forankring av universell utforming i styrande dokumentasjon i tillegg til vidareføring av tiltaka som allereie pågår for å betre tilgjengelegheit.