Tilgjengelegheitserklæring for skyss.no

  • Skyss.no
  • VESTLAND FYLKESKOMMUNE, organisasjonsnummer 821 311 632

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 9 av 47 krav i regelverket.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med avgrensa rekkevidde
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer regelverket og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
VESTLAND FYLKESKOMMUNE kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på Skyss.no slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det førekjem bilder på sida som manglar alt attributt og som ikkje tilbyr andre tekstlege alternativ. Dette gjer at brukarar som er avhengig av skjermlesar ikkje kan oppfatte innhaldet. 

På noko innhald er det ikkje god alt tekst. Dette ledar til at det skjermlesar oppfattar er uforståeleg for brukaren. Det skuldast prioriteringar når løysinga blei utvikla, og skal rettast opp i. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Skjemaløysinga som blir brukt manglar autocomplete-attributtar på nødvendige felt. Dermed kan ikkje nettlesaren autoutfylle informasjon, slik at brukaren slepp å skrive inn data. Dette rammar personar med nedsett kognisjon, som for eksempel hukommelsesvanskar, nedsatt konsentrasjonsevne og dysleksi, og dei med nedsatt motorikk. Det skuldast prioriteringar når løysinga blei utvikla, og skal rettast opp i. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Innhaldet på nettsida får ikkje endra tekststørrelse i Chrome. Noko innhald blir forskjøve og utilgjengeleg ved endra tekststørrelse i Safari. I nyheitsportalen forsvinn noko av teksten ut, og i søkefeltet ser ein ikkje lenger kva ein skriv inn. Dette gjer at personar med nedsatt syn ikkje får auka tekststørrelsen i innhaldet slik at dei kan lese den. Det skuldast rammeverket og skal rettast opp i. 

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det finnast innhald som ikkje er tilgjengeleg med tastaturnavigering. På nedtrekksmenyar får ikkje tab brukarar sett alle alternativane om det går ned forbi folden, dette sidan lista ikkje scrollar med tab eller piltastar. Dette gjeld alle stadar kvar denne blokka er brukt. I tillegg, etter å ha åpna nedtrekksmenyen ein gong med tab når ein ikkje innhaldet fleire gonger.

"Fant du det du leita etter" blokka kan ikkje nås med tab i det heile teket. 

 Desse feila påverkar:

  • Personar som er blinde (som ikkje kan bruke einheiter som mus som krev auge-hand-koordinasjon)
  • Personar med dårleg syn (som kan ha problemar med å finne eller spore ein peikerindikator på skjermen)
  • Nokon personar med handskjelv synes det er svært vanskeleg å bruke mus og brukar derfor vanlegvis tastatur.

Det skuldast prioriteringar når løysinga blei utvikla, og skal rettast opp i.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det finnast innhald kvar koda og visuell leietekst ikkje samsvarar. For eksempel på ankernavigasjons-blokkane, her fungerar ikkje logikken slik den er meint for skjermlesar. Vidare er det fleire stadar skjermlesar plukk opp unødvendig input, feks på felta til reiseplanleggar på framsida. Dette fører til at skjermlesarbrukarar får lest opp unødvendig eller feilaktig innhald. 

På reiseplanleggaren på framsida les ikkje screenreader ikonene på dropdown til reiseplanleggar, dette er viktig informasjon som seier brukaren om det er ein bussholdeplass eller ikkje, dette er kun tilgjengelig visuelt pr nå. 

Det skuldast prioriteringar når løysinga blei utvikla, og skal rettast opp i.

Prinsipp 3. Forståeleg

Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det finnast sider der delar av innhaldet er på eit anna språk enn kva som er satt i html, og som ikkje er markert i koden. Det gjeld ei side på ukrainsk om ukrainsk pass og id, og trafikkmeldingar som kjem på norsk når sida er satt til engelsk. Dette skapar forvirring for skjermlesarbrukarar. Det skuldast prioriteringar når løysinga blei utvikla, og skal rettast opp i.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Ved feil utfylling av skjemafelt klarar ikkje skjermlesar å nå alle feilmeldingane. Dermed vil ikkje brukarar med nedsatt eller manglande syn alltid oppfatte kva det er som er fylt ut feil. Dette fordi feltene ikkje har gode nok type-attributt i koden. Det skuldast prioriteringar når løysinga blei utvikla, og skal rettast opp i.

Prinsipp 4. Robust

Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det førekjem nesting-feil eit par plassar i koden. Som eksempel, eit figur element på framsida som ikkje kan vere child av element button i gitt kontekst. Vidare førekjem det duplisering av ID'ar ein rekke plassar, for eksempel på sida "andre reisetilbod". Desse feila skuldast prioriteringar når løysinga blei utvikla, og skal rettast opp i.

Det førekjem også ein rekke nestingfeil knytta til cookiebot i koden. Dette skuldast bruk av ein tredjepartsløysing som ikkje er universelt utforma. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det finnast skjemakontrollar utan tilknytta beskriving. Det skuldast prioriteringar når løysinga blei utvikla, og skal rettast opp i.


Test og vurdering av nettstaden

Vi fekk ekstern hjelp til test og vurdering av nettstaden.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .