Tilgjengelegheitserklæring for skjaak.kommune.no

  • skjaak.kommune.no
  • SKJÅK KOMMUNE, organisasjonsnummer 961 381 096
Erklæringa er oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 4 av 48 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett høyrsel

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
SKJÅK KOMMUNE kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på skjaak.kommune.no slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som er unnateke på grunn av uhøveleg stor byrde

Skjåk kommune sender kommunestyremøta direkte. Opptak av desse har vorte publisert i etterkant og er ikkje teksta. Det blir for mykje arbeid for kommunen å tekste alle møta. Frå og med 1. februar vil opptak av kommunestyremøta bli anten teksta innan 14 dagar for arkivering eller fjerna frå heimesida.

Tilgjengelege alternativ

Alternativet ein har er å lese saksliste og protokoll som seier noko om hovudinnhaldet i møta

Innhald som bryt kravet i regelverket

Kommunen kan ikkje garantere for at det er publisert innhald som ikkje oppfyller kravet. Det blir kontinuerleg jobba med å få identifisert dette og få luka det ut. Noko av innhaldet blir uhøveleg stor byrde å få retta opp. Sjå punkt under.

Innhald som er unnateke på grunn av uhøveleg stor byrde

Gjennom fleire år er det publisert PDF-filer og nyheitsartiklar. Det blir for tidkrevjande å gå over alle desse. Kommunen vil da heller fokusere på at det framover blir løyst på ein god måte, og at vi får forankra tilgjengelegheitsarbeidet i heile organisasjonen.

Prinsipp 3. Forståeleg

Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Kommunen kan ikkje garantere for at dette er fulgt opp over alt, men vi jobbar kontinuerleg med å få retta opp i dette. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Kommunen kan ikkje garantere for at dette er fulgt opp over alt, men vi jobbar kontinuerleg med å få retta opp i dette. 


Test og vurdering av nettstaden

Vi har sjølv testa og vurdert nettstaden.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .

Arbeid med universell utforming av ikt

Skjåk kommune vil kontinuerleg arbeide for at nettsida skal bli betre. Dette gjer vi sjølve, og gjennom regionalt samarbeid med alle kommunane i Nord-Gudbrandsdalen (Skjåk, Lom, Vågå, Lesja, Dovre og Sel).

Nokre konkrete tiltak:
1) Informasjonsansvarleg jobbar kontinuerleg med å luke ut feil og manglar. Til dømes ved å slette eldre nyheitsartiklar, oppdatere tekst på bilete og sørge for at tenestesider er uu-tilpassa.

2) Informasjonsansvarleg skal ha møte med redaktørar på nettsida, for å sørgje for at alle som jobbar med innhald gjer dette på ein best mogleg måte med tanke på tilgjengelegheit.

3) Kontinuerlig arbneid med å forankre uu-arbeidet i heile organsisasjonen, slik at dokument (t.d. Word og PDF-filer) blir uu-tilpassa.

4) Det blir heile tida jobba med å finne gode løysingar for publisering av handlings- og økonomiplanar, samt årsmeldingar, slik at vi kan legge fram dette på ein betre og meir oversikteleg måte enn som reine tekstdokument i word og PDF.