-
hjelmeland.kommune.no
-
HJELMELAND KOMMUNE, organisasjonsnummer 864 979 092
I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?
Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Det er brot på 18 av 48 krav.
Kva betyr brota for brukarane?
Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:
- Bruk utan syn
- Bruk med avgrensa syn
- Bruk utan fargesyn
- Bruk utan høyrsel
- Bruk med nedsett høyrsel
- Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
- Bruk med avgrensa rekkevidde
- Bruk med nedsett kognisjon
Meld gjerne frå om brot på krava
Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.
- Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
- Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
- Har du innspel til forbetringar av nettstaden?
Klage
Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.
Status for innhald som ikkje er universelt utforma
Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte
Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Førebels blir kommunestyremøta sendt på nett-TV utan tekst. Inntil vidare vil møta bli avpublisert etter 14 dagar.
- Innhald som er unnateke på grunn av uhøveleg stor byrde
Me har ei dialekt som er vanskeleg å tekste automatisk.
- Tilgjengelege alternativ
Me har både informasjon på video og i tekstformat.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Me har filmar som er henta frå Youtube og Vimeo. Vår leverandør har ikkje lagt til rette for synstolking. Kravet er nytt av 2024 og feilen vil bli meldt til leverandør.
- Tilgjengelege alternativ
Filmane er i artiklar med tekstleg innhald.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Bookup (leige av lokale): Lokalet sin tilgjengelegheit er kun markert med ulike fargar i tilgjengeligheitskalender. Det ligger i roadmap hos leverandør at ein nyttar andre indikatorar i bookingkalenderen enn fargar.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Kalender: For svak kontrast på framsida, rødt på grått. Vil bli retta ved lansering av nytt design i 2024.
Nabolaget: svak kontrast på stega i meld feil er ikkje retta. Leverandør jobbar med å rette feilen.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Me har biletfiler av tekst i artiklar som ikkje har tilgjengelege alternativ. Dette gjeld t.d. tabellar, grafar osb.
Me arbeider med å få på plass ein annan måte å gjere dette på.
- Tilgjengelege alternativ
Kan publisere dette ved hjelp av andre verktøy.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Innsynsmodul: Det er gjort funn av element som overlappar kvarandre ved zoom. ACOS jobber med ny versjon av innsynsløysinga som er meir tilrettelagt i forhold til universell utforming. Denne er på plass før påsken 2024.
Prinsipp 2. Mogleg å betene
Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Innsynsmodul: Det er gjort funn av element som ikkje kan nyttast med tastaturnavigasjon. ACOS jobber med ny versjon av innsynsløysinga som er meir tilrettelagt i forhold til universell utforming, denne er på plass før påske.
Bookup (leige av lokale): Tabuleringsrekkefølgje på filterval bør forbetrast, samt endre tab fokus per utleigeobjekt i utlistinga, forbedring ligger i road map hos leverandør.
Lag og organisasjonar: Fleire av felta i modulen manglar fokusmarkering.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Innsynsmodul: Det er gjort funn av element som ikkje kan nyttast med tastaturnavigasjon. ACOS jobber med ny versjon av innsynsløysinga som er meir tilrettelagt i forhold til universell utforming, denne er på plass før påske.
Bookup (leige av lokale): Tabuleringsrekkefølgje på filterval bør forbetrast, samt endre tab fokus per utleigeobjekt i utlistinga, forbedring ligger i road map hos leverandør.
Lag og organisasjonar: Fleire av felta i modulen manglar fokusmarkering.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Bookup (leige av lokale): Bildekarusell startar automatisk og varar i meir enn 5 sekund. Endring vil bli utbetra innan mars 2023.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Innsynsmodul: Det er gjort funn av lenkjetekstar som ikkje er sjølvforklarande i innsynsløysinga. ACOS jobber med ny versjon av innsynsløysinga som er meir tilrettelagt i forhold til universell utforming, denne kjem før påske.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Innsynsmodul: Det er gjort funn av ledetekstar som ikkje er sjølvforklarande. ACOS jobber med ny versjon av innsynsløysinga som er meir tilrettelagt i forhold til universell utforming, denne er på plass før påske.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nabolaget: ACOS må verifisera at inputfelt og leietekstar er koda korrekt.
Filtervisning: Feltet avstand til nærmaste frå: manglar ledetekst, label.
Prinsipp 3. Forståeleg
Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det er sett språk i CMS, men må gås gjennom for t.d. skjema. Vil bli løyst i samband med redesign 2024.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det er muleg å angi portalspråk, artikkelspråk og språk på delar av artiklar. Det er ikkje muleg å oversette modular som kan settast inn i artiklar feks. eigendefinert, faq, tabellar. Det er heller ikkje muleg å angi språk for kalenderoppføringar.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nabolaget: Feilmeldingar i Nabolaget bør innehalde informasjon om kva for felt som inneheld feil. Leverandør arbeider med å lukke avviket.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Lag og organisasjonar: ACOS må verifisere at obligatoriske inputfelt er koda korrekt.
Nabolaget: Obligatoriske felt i nabolaget merkast i dag med symbolet *. For at denne merkinga av obligatoriske felt skal være godkjent må symbolet forklarast. Løysninga blir å markere obligatoriske felt med teksten «påkrevd», slik det er gjort i webskjema.
Leverandør arbeider med å lukke avvika.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Innsynsmodul: Det er gjort funn av lite forklarande feilmeldingar. ACOS jobber med ny versjon av innsynsløysinga som er meir tilrettelagt i forhold til universell utforming, denne er på plass før påske.
Prinsipp 4. Robust
Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Søk: Søkefelt og søkeknapp har samme namn.
Person: Fleire element med same ID ved kart i personfeltet.
Leverandør arbeider med å lukke avvika.
Test og vurdering av nettstaden
Vi har testa og vurdert nettstaden internt, i kombinasjon med ekstern hjelp.
Om erklæringa
- Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
- Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .
Arbeid med universell utforming av ikt
Nettstaden er under redesign. Nye nettsider vil bli lansert sommaren 2024.