Tilgjengelegheitserklæring for lom.kommune.no

  • lom.kommune.no
  • LOM KOMMUNE, organisasjonsnummer 959 377 677
Erklæringa er oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 7 av 48 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett høyrsel

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
LOM KOMMUNE kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på lom.kommune.no slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Kommunen kan ikkje garantere at det ikkje er lagt ut bilete utan alternativ tekst på våre nettsider. Dette jobbar vi kontinuerleg med å få identifisert og retta opp. Dette gjeld særskilt PDF-filer som er publisert, samt eldre artiklar på nettsida. 

Innhald som er unnateke på grunn av uhøveleg stor byrde

Gjennom fleire år er det publisert PDF-filar og nyheitsartiklar. Det blir for tidkrevjande å gå over alle desse. Kommunen vil da heller fokusere på at det framover blir løyst på ein god måte, og at vi får forankra tilgjengelegheitsarbeidet i heile organisasjonen. 

Innhald som er unnateke på grunn av uhøveleg stor byrde

Lom kommune sender kommunestyremøta direkte. Opptak av desse har vorte publisert i etterkant. Frå 1. februar 2023 fekk kommunen automatisert teksting av opptak. Opptak før dette er ikkje teksta, og er for tidkrevjande å gjere. 

Tilgjengelege alternativ

Alternativet ein har er å lese saksliste og protokoll som seier noko om hovudinnhaldet i møta. 

Innhald som er unnateke på grunn av uhøveleg stor byrde

Det ligg ute eldre videoar som ikkje har synstolking. I staden for å bruke tid og ressursar på å gå over dette, så vil kommunen ha fokus på at nytt innhald som blir publisert har synstolking. 

Innhald som er unnateke på grunn av uhøveleg stor byrde

Kommunen kan ikkje garantere for at eldre pdf-ar oppfyller krava. Det er for tidkrevjande å gå over alle desse, men kommunen vil framover legge vekt på at alle pdf-ar skal vere uu-tilpassa. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Kommunen kan ikkje garantere for at det er publisert innhald som ikkje oppfyller kravet. Det blir kontinuerleg jobba med å få identifisert dette og få luka det ut. Noko av innhaldet blir uhøveleg stor byrde å få retta opp. Sjå punkt under.

Innhald som er unnateke på grunn av uhøveleg stor byrde

Gjennom fleire år er det publisert PDF-filer og nyheitsartiklar. Det blir for tidkrevjande å gå over alle desse. Kommunen vil da heller fokusere på at det framover blir løyst på ein god måte, og at vi får forankra tilgjengelegheitsarbeidet i heile organisasjonen.

Prinsipp 3. Forståeleg

Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Kommunen kan ikkje garantere for at dette er fulgt opp over alt, men vi jobbar kontinuerleg med å få retta opp i dette. Det er lagt inn rutine for at alle nye artiklar blir koda rett. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Kommunen kan ikkje garantere for at dette er fulgt opp over alt, men vi jobbar kontinuerleg med å få retta opp i dette. Det er lagt inn rutine for at alle nye artiklar blir koda rett. 


Test og vurdering av nettstaden

Vi har sjølv testa og vurdert nettstaden.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .

Arbeid med universell utforming av ikt

Lom kommune vil kontinuerleg arbeide for at nettsida skal bli betre. Dette gjer vi sjølve, og gjennom regionalt samarbeid med alle kommunane i Nord-Gudbrandsdalen (Skjåk, Lom, Vågå, Lesja, Dovre og Sel).

Nokre konkrete tiltak:
1) Informasjonsansvarlege jobbar kontinuerleg med å luke ut feil og manglar. Til dømes ved å slette eldre nyheitsartiklar, oppdatere tekst på bilete og sørge for at tenestesider er uu-tilpassa.

2) Informasjonsansvarlege vil følgje opp nye medarbeidarar på nettsida, slik at dei er oppdatert på dei krava som føreligg.

3) Det blir kontinuerleg jobba med å forankre tilgjengelegheitsarbeidet i heile organisasjonen, slik at dokument (t.d. Word og PDF-filer) blir uu-tilpassa.