- Namn på nettstaden:
- ACOS CMS: ullensvang.kommune.no
- Denne erklæringa gjeld nettstaden:
- https://ullensvang.kommune.no/
- Ansvarleg for nettstaden:
- ULLENSVANG KOMMUNE, organisasjonsnummer 920 500 633
I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?
Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Det er brot på 11 av 48 krav.
Kva betyr brota for brukarane?
Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:
- Bruk utan syn
- Bruk med avgrensa syn
- Bruk utan fargesyn
- Bruk utan høyrsel
- Bruk med nedsett høyrsel
- Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
- Bruk med avgrensa rekkevidde
- Bruk med nedsett kognisjon
Meld gjerne frå om brot på krava
Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.
- Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
- Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
- Har du innspel til forbetringar av nettstaden?
Klage
Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.
Status for innhald som ikkje er universelt utforma
Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte
Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Bilete i lenkesamling: Alternativ tekst kjem ikkje med i HTML kode.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi har nokre videoar på nettsida som inneheld musikk, desse er ikkje teksta.
- Tilgjengelege alternativ
Videoar inneheld Alt-tekst som beskriv innhald i video.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Videoar på nettsida er ikkje synstolka.
- Tilgjengelege alternativ
Videoar inneheld Alt-tekst som beskriv innhald i video.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Modul
Tabell: Tabellar vert ikkje alltid koda rett på mindre skjermer. Denne feilen gjer at brukarar som nytter hjelpemiddle ikkje få opplest kolonneoverskriftene korrekt.
Områdemelding: Manglar skjult overskrift som varslar hjelpemiddelbrukarar om at dette er ei viktig melding på sida.
Prinsipp 2. Mogleg å betene
Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Sorteringsfunksjonen i tabell kan ikkje nåast med tastatur fordi kolonneoverskriftene ikkje er laga som knappar. Dette gjer at brukarar som navigerer med tastatur, ikkje får trykt på dei for å endra rekkjefølgja i tabellen.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Personoversikt
For å sjå kontaktinformasjon må brukaren klikka på ei lenkje. Ved for hyppige klikk blir ein ventetid aktivert. Ei svakheit i dagens løysing er at skjermlesaren gjentek ventetida kvart sekund (t.d. ’Prøv igjen om 7 sekund... 6 sekund...’). Dette kan opplevast som masete og forstyrrande for brukarar som bruker hjelpemiddel.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Hopp til innhald for biletgalleri
Når bilete i biletgalleri er open i full sidevisning er hopp til innhald feilaktig tilgjengeleg.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Kontaktskjema
Når vindauget blir opna, hoppar markøren rett til «Send»-knappen i staden for det første feltet «Tittel». Dette tvingar tastaturbrukarar til å navigera bakover for å finna starten, noko som er ulogisk og tidkrevjande.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Ordforklaring: Når ordforklaring er open er det ikkje mogleg å sjå fokusmarkering for lenkjer bak ordforklaringsvindauget.
Biletgalleri: Ikon for å visa biletet i full sidevisning manglar fokusmarkering. Fokusmarkering når bruker blar mellom bilete i eit biletgalleri er ei svart ramme. Her vil ACOS leggja inn ei kvit ramme inst, slik at markeringa blir meir synleg.
Tabell: Brukarar som bruker skjermlesar, får ikkje beskjed om at kolonnane kan sorterast, fordi den tekniske kodinga som forklarer denne funksjonen manglar.
Prinsipp 3. Forståeleg
Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Kontaktskjema: Når skjemaet blir sendt inn med feil, blir dei raude tekstane viste berre visuelt på skjermen. Fordi markøren (fokus) blir ståande på «Send»-knappen, får ikkje skjermlesaren beskjed om at nye tekstar har dukka opp andre stader i biletet.
Prinsipp 4. Robust
Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Modul
Bildegalleri: Biletgalleri manglar aria-label.
Test og vurdering av nettstaden
Vi har testa og vurdert nettstaden internt, i kombinasjon med ekstern hjelp.
Om erklæringa
- Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
- Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .