Tilgjengelegheitserklæring for Framsikt.net - Årsrapport 2025

Namn på nettstaden:
Framsikt.net - Årsrapport 2025
Denne erklæringa gjeld nettstaden:
https://framsikt.net/
Ansvarleg for nettstaden:
ULLENSVANG KOMMUNE, organisasjonsnummer 920 500 633
Erklæringa er oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 10 av 48 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med avgrensa rekkevidde
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
ULLENSVANG KOMMUNE kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på Framsikt.net - Årsrapport 2025 slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Alle grafar manglar funksjonalitet for alternativ tekst, dei fleste grafar manglar og tekst alternativ.

Ikon forann Tilgjengelegheitserklæringa manglar alternativ tekst.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er tabeller som manglar innhald i overskriftseller og har minimal kodefeil.

Strukturfeil knytt til overskrift for tabell. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Dette er ikkje koda responsivt:

  • Ulike tabeller
  • "Søkeresultater" - "Søk" og "tilbake til forside"
  • Footer

Dette har negativ konsekvens for brukarar av mobile einingar.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Tilgjengeligheitserklæring - Lenkjetekst står ikkje til kontrastkravet på 4:5:1

Tabellcelle med lenkje har ikkje tilstrekkeleg fargekontrast.

Grafikk og nøkkeltal - drift/investeringar - det kan oppstå kontrastproblem på knappane på desse sidene ved bruk av mobile einingar. På begge sidene er det manglande kontrast på verktøytips.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er grafer som ikkje står til kontrastkravet på 3:1.

Justering av tekstavstand fungerer ikkje optimalt på nettsida. Negativ konsekvens for personar med nedsatt syn og dysleksi.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Justering av tekstavstand fungerer ikkje optimalt på nettsida. Negativ konsekvens for personar med nedsett syn og dysleksi.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Peikarfølsomheit/moglegheit for avvisning av ekstra innhald er ikkje optimal. Negativ konsekvens for personar med nedsett syn som bruker skjermforstørrer og personar med nedsett kognisjon/nedsett handfunksjon.

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er feil i fokusrekkjefølgja på framsideelement og der ein seksjon kan utvidast. Navigering og innhald i seksjonen er framleis tilgjengeleg ved bruk av tastatur og assisterande verktøy.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er feil i fokusmarkering enkelte stader i publiseringa knytt til klikkbare element i tabell. 

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det finst område på sida kvar det ikkje er samsvar mellom leietekst og kode.


Test og vurdering av nettstaden

Vi har testa og vurdert nettstaden internt, i kombinasjon med ekstern hjelp.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .