Tilgjengelegheitserklæring for Bybanenutbygging.no

  • Bybanenutbygging.no
  • VESTLAND FYLKESKOMMUNE, organisasjonsnummer 821 311 632
Erklæringa er oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 3 av 48 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
VESTLAND FYLKESKOMMUNE kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på Bybanenutbygging.no slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er ein video tilgjengeleg på nettstaden pr i dag, og denne har ikkje synstolking. 

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Me har navigasjonslenkjer frå forsida som brukarar kan navigere med, men ikkje søk, innhaldsfortegnelse, sitemap, eller alle lenkjer tilgjengelege frå forsida. Dette rammar personar som er blinde eller har nedsatt syn, og personar med nedsatt kognisjon. Feilen skuldast prioriteringar når løysinga blei utvikla og skal følgjast opp. Det vil på sikt bli implementert eit søk. 

Prinsipp 4. Robust

Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).

Innhald som bryt kravet i regelverket

Emdeded kart er generelt lite tilgjengeleg og vanskelege å betene for brukarar som nyttar hjelpemiddelteknologi. Cookiebot har lignande utfordringar. Dette skuldast mangel på universell utforming hjå tredjepartsleverandør.

 


 


Test og vurdering av nettstaden

Vi fekk ekstern hjelp til test og vurdering av nettstaden.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .

Arbeid med universell utforming av ikt

Vi jobbar kontinuerleg med universell utforming av nettsidene våre.

Rutinar og opplæring:
Vi har rutinar og retningslinjer for nettpublisering som skal sikre at vi det vi legg ut samsvarer med krava om universell utforming.

 Alle publisistane våre får kontinuerleg opplæring og skal sjekke innhaldet opp mot krava før dei publiserer nytt innhald på nettsida.

 Vi har eit forum på Teams der alle publisistar er medlemar og kan hjelpe og støtte kvarandre. Vi har webinar når det er nye retningslinjer og har og eigne område på intranett med relevant informasjon og retningslinjer.

 To gonger i året skal alle publisistar gå gjennom alle sidene dei har ansvar for.

Samarbeid med leverandør:
Vi jobbar tett med nettsideleverandøren vår for å kontinuerleg forbetre nettsidene, dette gjeld også å utvikle løysingar for å forbetre tilgjengelegheita.

Satsingsområde:
Vi jobbar kontinuerleg med å skaffe kunnskap og beste praksis om klarspråk og universell utforming. Alle tilsette, uavhengig om dei jobbar som nettpublisistar eller ikkje, skal vite om universell utforming, og praktisere dette i dei dokumenta dei skriv. Vi har i fleire år hatt stor merksemd på klarspråk. Svært mange tilsette har gått på klarspråkkurs. Vi har tidvis hatt klarspråkquiz på intranettet.  

Tredjepartsløysingar:
Vi har fleire tredjepartsløysingar frå ulike leverandørar. Målet er at desse løysingane skal ha eigne tilgjengelegheitserklæringar. Dette jobbar vi med å kartlegge og få på plass.