-
Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule
-
INNLANDET FYLKESKOMMUNE, organisasjonsnummer 920 717 152
I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?
Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Det er brot på 13 av 48 krav.
Kva betyr brota for brukarane?
Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:
- Bruk utan syn
- Bruk med avgrensa syn
- Bruk utan fargesyn
- Bruk utan høyrsel
- Bruk med nedsett høyrsel
- Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
- Bruk med nedsett kognisjon
Meld gjerne frå om brot på krava
Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.
- Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
- Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
- Har du innspel til forbetringar av nettstaden?
Klage
Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.
Status for innhald som ikkje er universelt utforma
Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte
Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi strever etter å ha riktig bruk av alt-tekstar (tekstleg alternativ) på bilde og illustrasjonar. Feil kan førekomme og vi jobbar kontinuerleg med å forbetre dette.
Det er nokre kodefeil i løysinga:
- Artikkeloversikt på framsida - alternativ tekst og bilettekst har bytt plass.
- Alternativ tekst til bilete i lenkesamling blir ikkje vist ut.
- Dersom alternativ tekst for emnetypebilete i webparten er tom, skal ikkje lightbox visast.
- Filgalleri: Lenkeikona manglar alternativ tekst, og filtype og filstorleik manglar.
- Bilete i lenkesamling: Alternativ tekst kjem ikkje med i HTML-koden.
Leverandøren vår jobbar med å rette feila.
- Innhald som ikkje er omfatta av regelverket
Vi har kartløysingar som ikkje er omfatta av regelverket.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi strever etter å gi brukaren eit alternativ når innhald blir presentert som berre lyd eller berre video på nettsida. Feil kan førekomme og vi jobbar kontinuerleg med å forbetre dette.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi strever etter å tekste all tale på videoar på nettsida. Feil kan førekomme og vi jobbar kontinuerleg med å forbetre dette.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi ønsker å ha synstolking på alle videoar. Det tar tid å innarbeide, men vi jobbar kontinuerleg med å forbetre dette.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi strever etter å bruke riktig formatering på overskrifter, kulepunkt, tabellar og andre element. Feil kan førekomme og vi jobbar kontinuerleg med å forbetre dette.
Det er nokre kodefeil i løysinga:
- Tabell - Tabellar blir ikkje alltid koda korrekt på mindre skjermar.
- Nyheitsliste og kalenderhendingar - på nyheitslista og oversikt over kalenderhendingar er det hopp i overskriftnivå. Overskrifta på sida har overskriftkode h1 medan lenkene har overskriftkode h3. Nokre design har doble overskrifter med kode h1.
- Nedtrekklista i webskjema er koda som ein knapp.
- Det vil leggast inn ei skjult overskrift på områdemeldingane som varslar skjermlesarbrukarar om at det er ei viktig melding på sida, områdemelding.
Leverandøren vår jobbar med å rette feila.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Diagram og figurar i dokument og enkelte grafiske framstillingar kan ha innhald som ikkje tilfredsstiller krava.
Vi strever etter å bruke farger på riktig måte. Feil kan førekomme og vi jobbar kontinuerleg med å forbetre dette.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nokre bilde, illustrasjonar og dokument kan innehalde for dårleg kontrast. Vi jobbar kontinuerleg med å avdekke og forbetre dette.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nokre nettsider og dokument har bilde med tekst. Vi strever etter å bruke minst mogleg bilde med tekst. Dei gongane det ikkje er eit alternativ å unngå tekst i bildet, som til dømes ved enkelte grafar og illustrasjonar, freistar vi etter å gi eit tekstleg alternativ som nettsidetekst (HTML).
Feil kan førekomme og vi jobbar kontinuerleg med å forbetre dette.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nokre bilde og illustrasjonar kan ha for dårleg kontrast. Vi jobbar kontinuerleg med å avdekke og forbetre dette.
Dei gongane det er for dårleg kontrast på ikkje-tekstleg innhald, og vi ikkje har moglegheit til å forbetre dette, freistar vi å gi eit tekstleg alternativ som nettsidetekst (HTML).
Prinsipp 2. Mogleg å betene
Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi strever etter å alltid legge inn gode og forklarande lenketekstar, men brukarane kan oppleve lenketekstar som bryt kravet om universell utforming. Vi jobbar kontinuerleg med å forbetre dette.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi strever etter å alltid legge inn gode og forståelege titlar og ledetekstar, men brukarane kan oppleve sider som bryt kravet om universell utforming. Vi jobbar kontinuerleg med å forbetre dette.
Prinsipp 3. Forståeleg
Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det er mogleg å angi portalspråk, artikkelspråk og språk på delar av artiklar. Det er ikkje mogleg å omsetje modular som kan setjast inn i artiklar, til dømes eigendefinert, FAQ og tabellar. Det er heller ikkje mogleg å angi språk for kalenderoppføringar. Leverandøren må endre dette for at det skal bli mogleg.
Nettsida har bokmål som standardspråk. Det kan finnast tekst på enkeltsider som ikkje er koda med rett språkkode, til dømes tekst på nynorsk som ikkje har språkkode «nynorsk».
Vi strever etter å ha riktig språkkode på all tekst på nettsida. Vi jobbar kontinuerleg med å avdekke og rette feil.
Prinsipp 4. Robust
Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det er nokre kodefeil i løysinga:
- Tabell - når ein artikkel inneheld fleire tabellar, får dei lik id.
- FAQ (opne-/lukkefaner) - når ein artikkel inneheld fleire FAQ-er, får dei lik id.
- Søk - søkefelt og søkeknapp har same namn.
Leverandøren jobbar med å utbetre dette.
Test og vurdering av nettstaden
Vi har testa og vurdert nettstaden internt, i kombinasjon med ekstern hjelp.
Om erklæringa
- Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
- Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .
Arbeid med universell utforming av ikt
Nettstaden til skulen er bygd på same mal og rammeverk som innlandetfylke.no. Det er Innlandet fylkeskommune som eig og driv dei offentlege vidaregåande skulene i Innlandet.
Rutinar og opplæring:
Fylkeskommunen har rutinar og retningslinjer for nettpublisering som skal sikre at vi jobbar korrekt med universell utforming på nett. Dei blir gjennomgått og revidert ved endringar i regelverket eller ved ny kunnskap om beste praksis for universell utforming.
Fylkeskommunen gjennomfører kontinuerleg opplæring og oppfølging av nettredaktørane våre. Redaktørane deltar på kurs i nettpublisering og universell utforming med jamne mellomrom.
Fylkeskommunen held også klarspråkkurs for alle tilsette for å auke kompetansen på å skrive enkelt, klart og tydeleg.
Det er utarbeida rutinar for og beskrivingar av korleis ein skal lage tilgjengelege dokument, slik at alle tilsette skal vite korleis ein gjer dette.
Testing:
Det blir jamleg gjennomført brukartestar og eksperttesting av nettsidene til fylkeskommunen. Da blir både brukarvennlegheit og universell utforming testa. Testing blir utført med eksterne testbrukarar i samarbeid med leverandøren av publiseringsløysinga, Acos.
Fylkeskommunen gjennomfører også eigne testar i mindre omfang for å få finne ut kva som fungerer best for brukarane.
I tillegg bruker vi automatiserte verktøy for kvalitetssikring av nettsidene. Verktøyet Siteimprove skannar alle sider og synleggjer feil og utbetringar vi ikkje klarer å halde oversikt over manuelt.
Fylkeskommunalt samarbeid:
Innlandet er del av eit fylkeskommunalt samarbeidsnettverk for nettpublisering. Her inngår Akershus, Buskerud, Østfold, Rogaland, Agder, Nordland, Troms og Finnmark.
I nettverket jobbar dei kontinuerleg med å forbetre nettsidene, og universell utforming og digital tilgjengelegheit er alltid på agendaen. Samla har fylkeskommunane god påverkingskraft mot leverandøren Acos, slik at dei saman finn forbetringspunkt og gode løysingar.
Satsingsområde:
Fylkeskommunen jobbar heile tida for ny kunnskap og beste praksis om universell utforming på nett. Målet er at alle tilsette skal ha eit bevisst forhald til digital tilgjengelegheit, og at tenestene våre skal bli så bra som mogleg for brukarane.
Sosiale medium
Vi bruker sosiale medium som informasjonskanal mot publikum og viser noko av dette innhaldet på nettsidene våre. Ved bruk av sosiale medium er vi prisgitt eigenarten til desse media.
Tredjepartsløysingar
Vi nytter oss av fleire tredjepartsløysingar frå ulike leverandørar. Desse løysingane skal ha eigne tilgjengelegheitserklæringar.