Tilgjengelegheitserklæring for konsesjonskraft.no

  • konsesjonskraft.no
  • KONSESJONSKRAFT IKS, organisasjonsnummer 971 330 937
Erklæringa er ikkje oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 14 av 47 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan syn
  • Bruk med avgrensa syn
  • Bruk utan fargesyn
  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
  • Bruk med nedsett kognisjon

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
KONSESJONSKRAFT IKS kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på konsesjonskraft.no slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er bilete på nettstaden som manglar alternativtekst eller som kunne hatt betre skildring av biletet. Alternativtekstar vil bli kontrollerte og korrigerte i samband med at innhald blir revidert.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det er tabellar på nettsida som har tomme tabell header celler. Sida «Anlegg» har sjekkboksar som ikkje er gruppert og namngitt på korrekt måte.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Skjema våre er ikkje tilrettelagde for auto-complete. Me er i dialog med leverandøren vår om å gjera skjema meir tilgjengelege.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Lenkjer i header på framsida oppfyller ikkje kontrastkrav mot biletbakgrunnen som blir nytta. Dette gjeld òg søk og menyval på mobil. Deltakarkommunar teksten kan ligge over delar av biletet som ikkje er mørkt nok til å oppfylla kontrastkrava. Valet "til innhald" har kvit tekst med kvit ramme utan bakgrunn, som gir dårleg kontrast på framsida, og gjer valet usynleg på undersider. Placeholder tekst i søkjefelt og skjema har for låg kontrast.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det finst bilete av tekst som manglar skildring og alt tekst på nettsida.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Tekst i toppbanner på framsida forsvinn bak neste element ved forstørring til 400%.

Prinsipp 2. Mogleg å betene

Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Kontaktperson i høgre kolonne på artikkelsider har ei tom lenkje for telefon som blir nådd via tastatur. På sida «Anlegg» så kan ikkje filter nåast via tastatur.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Aktuelt- og aktivitetslister på framsida og på arkivsider manglar synleg fokus.

Innhald som bryt kravet i regelverket

På sida «Anlegg» finst det eit kart (tredjepart: Google) som på mobil krev to eller fleire fingrar for navigering.

Tilgjengelege alternativ

Innhaldet på kartet på sida «Anlegg», kan nåast via liste.

Prinsipp 3. Forståeleg

Målet med nettstader er at brukarane skal forstå korleis sidene skal brukast og informasjonen dei får. Det handlar om at nettstaden er føreseieleg, har eit enkelt språk og god hjelpefunksjonalitet. Rett koding er viktig for at nettstaden skal fungere med hjelpemiddelteknologi, for eksempel vil rett språk på sida sørge for at teksten blir lese opp på rett måte for brukarar med talesyntese.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Sida «Anlegg» har nedtrekkmenyar som ligg i eit skjema. Dette skjemaet manglar ein knapp.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Skjema markerer feil eller manglande utfylling med berre farge. Skjema bør kodast slik at tilbakemeldingar om feil ved utfylling av skjema ikkje forsvinn etter ei stund i enkelte nettlesarar.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Obligatoriske felt er ikkje merka tilstrekkeleg i skjemaløysingane våre.

Innhald som bryt kravet i regelverket

Tilbakemeldingar ved feil eller manglande utfylling av eit felt i våre skjema opplyser ikkje alltid om kva som er feil eller kva opplysning som manglar.

Prinsipp 4. Robust

Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).

Innhald som bryt kravet i regelverket

Det finst noko kode som er ugyldig html på sida. Me vil ha dialog med leverandøren vår om å retta opp i dette.


Test og vurdering av nettstaden

Vi fekk ekstern hjelp til test og vurdering av nettstaden.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .