Tilgjengelegheitserklæring for vik.kommune.no

  • vik.kommune.no
  • VIK KOMMUNE, organisasjonsnummer 937 498 764
Erklæringa er oppdatert

I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?

Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.

Det er brot på 1 av 47 krav.

Kva betyr brota for brukarane?

Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:

  • Bruk utan høyrsel
  • Bruk med nedsett høyrsel

Meld gjerne frå om brot på krava

Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.

  • Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
  • Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
  • Har du innspel til forbetringar av nettstaden?

Du kontaktar oss via:

Klage

Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.


Status for innhald som ikkje er universelt utforma

Vi har innhald på nettstaden som ikkje er universelt utforma. Vi gjer greie for kva innhald det gjeld, årsaka til at vi ikkje følgjer krava til universell utforming av ikt og kva det betyr for brukaren. Det er presentert i same rekkefølgje som krava i WCAG 2.1-standarden.
VIK KOMMUNE kategoriserer innhaldet som ikkje er universelt utforma på vik.kommune.no slik:

Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte

Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.

Innhald som ikkje er omfatta av regelverket

Me legg ut opptak frå kommunestyremøter. Desse blir ikkje teksta, men dei blir liggjande berre i ein kort periode ( 1 døgn).


Test og vurdering av nettstaden

Vi har sjølv testa og vurdert nettstaden.

Om erklæringa

  • Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .

Arbeid med universell utforming av ikt

Kontinuerleg arbeid
Vik.kommune.no har over 340 000 sidevisningar dei siste 12 månadane. Nettstaden har mange enkeltsider, og det er eit omfattande arbeid å halde kvaliteten på ønska nivå. Under har me lista opp dei viktigaste punkta i arbeidet med å vedlikehalde heimesida vår:
Me brukar tilbakemeldingsfunksjonane på nettstaden aktivt til feilretting. Via "Fann du det du leita etter?".
Me går kvar veke gjennom sider med brotne lenker, og rettar opp i desse feila.
Me arbeidar for å ha eit klart og tydeleg språk.
Me jobbar med at alle bilder skal ha alternativ tekst, og at videoar som blir liggjande lenger enn 14 dagar på heimesida må tekstast.
Nettsidene er koda slik at det er mogleg å få innhaldet lese opp med skjermlesar. Her kan ein velje «Lytt til teksten».

Dette prioriterer me no
I 2023 prioriterer me å oppdatere Vik kommune si heimeside til å oppfylle krava i WCAG 2.1. Dette vil mellom anna bety:
Oppretthalde og vidareutvikle ein universelt utforma nettstad
Minne dei som skriv tekst til heimesida om å legge ut innhald som er universelt utforma
Skrive tekst i eit klart og tydeleg språk, i tråd med Vik kommune sin språkprofil
Sjå til at nettstaden oppfyller dei lovpålagte krava i WCAG 2.1
Tilpasse innhald og funksjonalitet slik at me oppfyller nye krav i WCAG 2.1
Følge likestillings- og diskrimineringslova og forskrift om universell utforming av ikt-løysingar
Sikre universell utforming ved val av tredjepartssystem
Rydde opp i PDF-filer og arkivere/fjerne filer som ikkje oppfyller dagens krav
Rydde opp i bildearkivet og arkivere/fjerne filer som ikkje oppfyller dagens krav

Les meir om korleis me har brukt Acos AS sine anbefalingar for test av universell utforming på heimesida vår: https://www.vik.kommune.no/om-kommunen/informasjon-om-vik-kommune/tilgj…