- Namn på nettstaden:
- fedje.kommune.no
- Denne erklæringa gjeld nettstaden:
- https://www.fedje.kommune.no/
- Ansvarleg for nettstaden:
- FEDJE KOMMUNE, organisasjonsnummer 944 041 036
I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?
Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Det er brot på 8 av 48 krav.
Kva betyr brota for brukarane?
Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:
- Bruk utan syn
- Bruk med avgrensa syn
- Bruk utan fargesyn
- Bruk utan høyrsel
- Bruk med nedsett høyrsel
- Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
- Bruk med avgrensa rekkevidde
- Avgrensing av anfall på grunn av lysfølsemd
- Bruk med nedsett kognisjon
Meld gjerne frå om brot på krava
Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.
- Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
- Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
- Har du innspel til forbetringar av nettstaden?
Klage
Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.
Status for innhald som ikkje er universelt utforma
Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte
Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nokre dokument og vedlegg som er tilgjengelege via lenker på nettsida, til dømes PDF- og Word-filer, kan innehalde ikkje-tekstleg innhald utan tilstrekkeleg tekstalternativ. Det kan gjelde bilete, figurar, diagram eller andre visuelle element der informasjon blir formidla visuelt.
Dette kjem av at dokumenta er laga utan at ikkje-tekstleg innhald er supplert med alternativ tekst eller annan tekstleg forklaring som formidlar same informasjon. Dokumenta er ofte utforma med tanke på visuell presentasjon, utan systematisk kontroll av krava til tekstalternativ før publisering.
Konsekvensen er at brukarar som nyttar skjermlesar eller andre hjelpemiddel, kan gå glipp av viktig informasjon. Når innhaldet ikkje er tilgjengeleg i tekstleg form, kan dokumenta bli vanskelege å forstå eller bruke for personar med synsnedsettingar
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nokre dokument og vedlegg som er tilgjengelege via lenker på nettsida, til dømes PDF- og Word-filer, kan ha informasjon og samanhengar som ikkje er korrekt formidla i dokumentstrukturen. Det kan gjelde overskrifter, avsnitt, lister, tabellar eller annan informasjon der den visuelle oppbygginga ikkje er støtta av maskinlesbar struktur.
Dette kjem av at dokumenta er laga utan konsekvent bruk av strukturelement som overskriftsnivå, listemerking og korrekt tabellstruktur. Informasjon som visuelt framstår som samanhengande eller hierarkisk, er då ikkje koda slik at hjelpemiddel kan oppfatte relasjonane.
Konsekvensen er at brukarar som nyttar skjermlesar eller andre hjelpemiddel, kan få ei ufullstendig eller misvisande forståing av innhaldet. Når relasjonar og struktur ikkje er tydelege i koden, kan dokumenta bli vanskelegare å navigere i og forstå, og viktig informasjon kan gå tapt.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Nokre PDF-ar og andre vedlegg på nettsida kan ha leserekkefølge som ikkje er koda rett. Innhaldet kan vere visuelt plassert slik at det ser rett ut for sjåande brukarar, men dokumenta manglar korrekt struktur som sikrar rett rekkefølge. Dette kjem av at dokumenta ikkje er riktig tagga, eller at element som overskrifter, brødtekst, kolonnar, tabellar og tekstboksar ikkje er sett i korrekt leserekkefølge før publisering.
Konsekvensen er at brukarar som nyttar skjermlesar eller andre hjelpemiddel, kan få innhaldet presentert i feil rekkefølge. Tekst kan bli lesen usamanhengande, hoppe fram og tilbake i dokumentet eller miste samanhengen. Det gjer dokumenta vanskelege eller umoglege å forstå, og kan hindre brukaren i å få med seg viktig informasjon
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Sidenavigasjonen på søkeresultatene har ikke god nok kontrast i forhold til kravet. Dette gjelder både Forrige/Neste-knappene og også de ulike sidenumrene. Vi skal gå i dialog med leverandør for å rette opp i dette.
Det har ellers ikke blitt avdekket noen forhold hvor forholdet mellom teksten og bakgrunnen er mindre enn minstekravet, 4,5:1.
Prinsipp 2. Mogleg å betene
Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
På sider med innholdfortegnelse er ikke overskriftstrukturen helt på plass. Det er noen tomme overskriftsnivået h2 som gjør at innholdfortegnelse får hull i seg, altså tomme lenker ref punkt 2.4.4
Vi jobber med å rette opp i dette, samt også rette opp i bilder som ligger inne med overskriftskoding.
Prinsipp 4. Robust
Rett koding av nettstaden er viktig, og dette er som regel ivareteke med bruk av standardelement i HTML. Valider at koden på nettstaden er rett. Dette er spesielt viktig dersom du brukar ny teknologi eller lagar eigne element (custom widgets).
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Testene har avdekket forekomster hvor det er flere elementer som har lik ID på samme side. F.eks: Flere sider som har mer enn et element med IDene "main-search", "content" og "search-menu".
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Enhver innebygd ramme skal ha et tekstalternativ som oppsummerer innholdet. Dette kan forekomme blant annet i aktivitetskalenderen. Her kan enkeltpersoner legge inn egne arrangement, som gjør det vanskelig for oss å administrere at innhold er i samsvar med UU-krav.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Det mangler riktig rolle på elementer for skjermlesere å kunne lese opp antall søketreff etter et søk har blitt gjennomført.
Test og vurdering av nettstaden
Vi fekk ekstern hjelp til test og vurdering av nettstaden.
Om erklæringa
- Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
- Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .