-
Voss.kyrkja.no
-
VOSS KYRKJELEGE FELLESRÅD, organisasjonsnummer 976 995 031
I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?
Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Det er brot på 8 av 47 krav.
Kva betyr brota for brukarane?
Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:
- Bruk utan syn
- Bruk med avgrensa syn
- Bruk utan fargesyn
- Bruk utan høyrsel
- Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
- Bruk med nedsett kognisjon
Meld gjerne frå om brot på krava
Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.
- Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
- Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
- Har du innspel til forbetringar av nettstaden?
Klage
Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.
Status for innhald som ikkje er universelt utforma
Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte
Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Me har ikkje tekstalternativ til bilete i artiklar, av di dette ikkje er mogleg i nettsideløysinga vår. Synshemma får difor ikkje tilgang til all informasjon i bilete. Systemleverandøren vår arbeider med å få dette på plass.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Me oppfyller ikkje alltid kravet om god kontrast mellom tekst ogg bakgrunn. Kalendaren på sida har nokre fargekombinasjonar som ikkje har godkjent kontrast. Det er vanskeleg for alle brukarar å lese innhaldet. Systemleverandøren vår arbeider med å få dette på plass.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Me oppfyller ikkje alltid kravet om god kontrast mellom tekst ogg bakgrunn. Kalendaren på sida har nokre fargekombinasjonar som ikkje har godkjent kontrast. Det er vanskeleg for alle brukarar å lese innhaldet. Systemleverandøren vår arbeider med å få dette på plass.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Dette er ikkje mogleg pr i dag. Det kan i nokre tilfelle vere vanskelegare for synshemma brukarar å lese innhaldet. Systemleverandøren vår arbeider med å få dette på plass.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
På nokre sider kan det vere lite mellomrom mellom knappene. Det kan føre til at personar med nedsett handfunksjon eller som har lett for å trykkje feil, kan få problem med å navigere på nettstaden. Systemleverandøren vår arbeider med å få dette på plass.
Prinsipp 2. Mogleg å betene
Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Ved navigering berre ved hjelp av tastaturet, er det inntil vidare ikkje mogleg å sjå markering av fokuspunktet. Dette kan føre til at personar som ikkje kan, eller ynskjer, å bruke mus for navigering kan nå og bruke alt innhald.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Malen for nettsida har manglar vedrørande søkjefunksjon. Det kan vere vanskeleg for alle brukarar å finne innhald. Systemleverandøren vår arbeider med å få dette på plass.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Når me navigerer på nettsida kun ved bruk av tastaturet, er det inntil vidare ikkje mogleg å sjå markering av fokuspunktet. Det medfører at personar som ikkje kan eller ynskjer å mbruke mus for å navigere på nettstaden ikkje kan nå og bruke alt innhald. Systemleverandøren vår arbeider med å få dette på plass.
Test og vurdering av nettstaden
Vi har testa og vurdert nettstaden internt, i kombinasjon med ekstern hjelp.
Rapport
Om erklæringa
- Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .
Arbeid med universell utforming av ikt
Vår nettside skal gje informasjon om våre aktivitetar og tilbod, og kontaktinformasjon. Den er utvikla av ekstern leverandør, som arbeider kontinuerleg med forbetring av universell utforming. Som kunde har me ikkje sjølve noko IKT-avdeling, men fyller inn våre opplysingar om aktivitetar og tilbod i den tilgjengelege malen for nettsida.
Dette fritek oss ikkje for ansvaret, så me vil i godt samarbeid med nettsideleverandøren halde fram med å påverke arbeidet for god universell utforming. Me er også avhengige av at nettsida fungerer for vår eigen del, for oss som skal arbeide med den.