-
OpenGov (politiske møter)
-
RAUMA KOMMUNE, organisasjonsnummer 864 980 902
I kva grad er nettstaden i samsvar med krava til universell utforming?
Nettstaden er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Det er brot på 6 av 48 krav.
Kva betyr brota for brukarane?
Brota som er registrert i denne erklæringa får særleg konsekvensar for brukarar som har følgjande føresetnader:
- Bruk utan syn
- Bruk med avgrensa syn
- Bruk utan fargesyn
- Bruk utan høyrsel
- Bruk med nedsett rørsleevne eller styrke
- Bruk med avgrensa rekkevidde
- Bruk med nedsett kognisjon
Meld gjerne frå om brot på krava
Vi ønskjer tilbakemelding frå brukarane.
- Har du oppdaga feil og manglar knytt til universell utforming av nettstaden?
- Treng du alternativ til innhald som ikkje er universelt utforma?
- Har du innspel til forbetringar av nettstaden?
Klage
Diskrimineringsnemnda behandlar klager om brot på regelverket. Du finn informasjon om korleis du klagar på nettstaden til Diskrimineringsnemnda. Du kan også klage på manglande eller seint svar på tilbakemeldingar du har sendt til oss.
Status for innhald som ikkje er universelt utforma
Prinsipp 1. Mogleg å oppfatte
Informasjon skal vere presentert på ein måte brukaren kan oppfatte. Det vil seie at informasjon ikkje berre skal kunne oppfattast med éin enkelt sans. For å sjå grafikk treng du for eksempel ein skjerm og synssansen. Derfor skal bilete ha ein alternativ tekst, i følgje WCAG. Tekst kan også bli presentert på mange ulike måtar, mellom anna som punktskrift, syntetisk tale, på skjerm, tolkast som teiknspråk eller som symbol. WCAG krev derfor at tekst blir brukt som alternativ til lyd, film og bilde.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi kan ikkje garantere at all ikkje tekstleg innhald har tekstalternativ, men kommunen jobbar kontinuerleg med å kurse alle tilsette.
Politiske dokument frå og med 1. mars 2020 ligg offentleg ute. Kommunen skal vurdere korleis vi skal gå fram for å kunne oppfylle kravet.
Kommunen mottek også dokument med ikke tekstleg innhald frå andre partar som til dømes høyringssvar frå privatpersonar eller rapportar frå konsulentfirma som vert brukt i politiske saker. Det vil vere eit omfattande og kostbart arbeid å rette opp i alle dokument. Alternativ er å ikkje publisere politiske saker på nettstaden - noko som er negativt for lokaldemokratiet og transparensprinsippet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Tabellar og bilete vert brukt i politiske saksframlegg. Vi kan ikkje garantere at alle tabellar er koda rett. Kommunen jobbar kontinuerleg med å kurse alle tilsette.
Innhald som er unnateke på grunn av uhøveleg stor byrde
Politiske dokument frå og med 1. mars 2020 er lagt ut. Dokumenta er svært komplekse. Dei vert satt saman frå ulike dokument i løpet av behandlingsprosessen. Kommunen mottek også dokument frå andre partar som til dømes høyringssvar frå privatpersonar eller rapportar frå konsulentfirma som vert brukt i politiske saker. Det vil vere eit omfattande og kostbart arbeid å rette opp i alle dokument. Alternativ er å ikkje publisere politiske saker på nettstaden - noko som er negativt for lokaldemokratiet og transparensprinsippet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi kan ikkje garantere at ingen saksframlegg brukar bilete av tekst. Vi jobbar kontinuerleg med å kurse våre tilsette.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Vi kan ikkje garantere at ikkje tekstleg innhald i saksframlegga har god nok kontrast. Vi jobbar kontinuerleg med å kurse våre tilsette i dette.
Prinsipp 2. Mogleg å betene
Web er interaktivt. Det er viktig at brukarane for eksempel kan navigere, velje knappar og sette haker i avkryssingsfelt, med det utstyret og den hjelpemiddelteknologien dei brukar. Dette betyr for eksempel at det ikkje berre skal vere mogleg å bruke mus. Alt innhald og all funksjonalitet skal også kunne brukast berre med tastaturet.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Malane til våre tekstdokument oppfyller kravet. Men vi kan ikkje garantere at overskrifter og leietekstar som saksbehandlarar legg inn ut over dette, oppfyller kravet. Vi jobbar kontinuerleg med å kurse saksbehandlarar om dette.
- Innhald som bryt kravet i regelverket
Dette vil vi sjå nærare på.
Test og vurdering av nettstaden
Vi har sjølv testa og vurdert nettstaden.
Om erklæringa
- Tilgjengelegheitserklæringa er sist oppdatert .
- Tilgjengelegheitserklæring for denne nettstaden blei oppretta første gong .
Arbeid med universell utforming av ikt
Vi har lagt inn revisjon av Tilgjengelighetserklæring i vårt årshjul.